Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Oddbjørg Starrfelt

Oddbjørg Ausdal Starrfelt, tidlegare stortingsrepresentant for Rogaland Arbeidarparti. Ho har hatt ei rekkje stillingar og verv innanfor helse- og sosialfag og har vore mykje engasjert i samferdselspolitikk.

Oddbjørg Starrfelt er fødd 22. juli 1948 i Klepp i Rogaland. Ho fullførte Sosialhøgskulen i Stavanger i 1973, tok kriminologi grunnfag ved Universitetet i Oslo i 1974 og studerte helse- og sosialadministrasjon ved Agder distriktshøgskole i 1984–86. Starrfelt har hatt ei rekkje stillingar innanfor helse- og sosialsektoren, mellom anna var ho sosialkurator i vaksenpsykiatrien i Arendal i 1978–80, helse- og sosialsjef i Klepp i 1988–93 og prosjektleiar i Stavanger kommune frå 2007.
Arbeidarparti-politikaren Starrfelt kom inn på Stortinget i 1993. Før det hadde ho vore medlem av Klepp kommunestyre i 1983–84 og Rogaland fylkesting i 1991–93. Ho sat på Stortinget fram til 2005. Der var ho medlem av gruppestyret for Arbeidarpartiet i to periodar og sat i fleire komitear, den siste perioden (2001–05) i samferdselskomiteen. Ho vart referert på nynorsk i Stortinget.
Starrfelt var leiar av Rogaland Arbeidarparti i 1992–98. Ho har hatt fleire tillitsverv i Norsk sosionomforbund og dessutan mange offentlege verv, til dømes styremedlem i Avinor AS, styremedlem i Stavangerske A/S og styreleiar i Helse Stavanger. Starrfelt har òg vore leiar i Tromøy Framlag og nestleiar i styret for litteraturselskapet Det norske Samlaget.
Kjelder
Biografi om Oddbjørg Ausdal Starrfelt, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=OAS
[lesedato 6.7.2013]


Sist oppdatert: 31.03.2014