Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Scheflo

Olav Scheflo, 1883–1943, var pressemann og politikar for Arbeidarpartiet/NKP. Scheflo slutta seg til den mest radikale fløya i Arbeidarpartiet. Han var redaktør av Social-Demokraten frå 1918 til 1921 og dessutan sterkt engasjert i Den kommunistiske internasjonalen, Komintern, der han frå 1921 var medlem av eksekutivkomiteen, og frå 1924 til 1927 medlem av presidiet. Ved partisplittinga i 1923 slutta Scheflo seg til det nystifta NKP. I 1928 gjekk han inn att i Arbeidarpartiet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.04.2016
Sist oppdatert: 06.04.2016