Hopp til innhold
Foto: Unge Høyre
Foto: Unge Høyre
X
Innhald

Paul Joakim Sandøy

Paul Joakim Sandøy, student, politikar og tidlegare leiar i Unge Høgre, ungdomsorganisasjonen til Høgre, 2012—14.

Paul Joakim Sandøy er fødd 8. mai 1987 i Molde i Møre og Romsdal. Han var elev ved Molde videregående skole i 2003–06 og held på med ein mastergrad i rettsvitskap ved Universitet i Bergen. Sandøy var tilsett som politisk rådgivar i Unge Høgre i 2009–10.
Sandøy var leiar av Molde Unge Høgre i 2008, 2. nestleiar i Hordaland Unge Høgre i 2008–09, medlem av sentralstyret i ungdomsorganisasjonen 2010—14 og leiar 2012—14. Han representerte dessutan Høgre i kommunestyret i Molde i 2007–11.
Han arbeider for å skape ei borgarleg regjering, og skule og arbeidsliv er kjernesaker. Sandøy vil drive klassisk høgrepolitikk med mindre statleg styring, lågare skattar, kutt i sjukelønnsordninga, større rom for å tilsetje folk mellombels, behovsprøving av velferdstenester og valfritt sidemål.

Sandøy arbeider i dag i tankesmia Civita.

Kjelder
Politisk CV på nettsida til Høgre, hoyre.no: http://www.hoyre.no/Paul+Joakim+Sand%C3%B8y.a_7VwRbK4yT2BjnF6B3RfQX-.ips [lesedato 15.6.2013]
Om Paul Joakim Sandøy på nettsida til Unge Høgre: http://ungehoyre.no/menneskene/leder/ [lesedato 16.6.2013]
Bjørn S. Kristiansen: «Unge Høyre-lederen tar ikke gjenvalg», publisert 26.3.2014: http://www.dagbladet.no/2014/03/26/nyheter/innenriks/politikk/samfunn/unge_hoyre/32440950/ [lesedato 11.8.2014]
Peikarar

Først publisert: 04.09.2013
Sist oppdatert: 21.02.2017