Hopp til innhold
Foto: Gaute Øvereng/ Nynorsk kultursentrum
Foto: Gaute Øvereng/ Nynorsk kultursentrum
X
Innhald

Reidar Sandal

Reidar Jørgen Sandal, lektor, profilert styreleiar og mangeårig stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane. Han var kyrkje-, utdannings- og forskingsminister i 1995–97, først i Brundtland III-regjeringa og så i Jagland-regjeringa.

Reidar Sandal er fødd 24. mars 1949 i Vågsøy i Sogn og Fjordane. Han tok examen artium ved Volda gymnas i 1969 og er cand.philol. med hovudfag i nordisk frå Universitetet i Bergen i 1976. Hovudoppgåva hans var ei av dei første med språksosiologisk perspektiv og handla om talesyntaks hos utvalde informantar i Vågsøy. Sandal var vitskapleg assistent ved Universitet i Bergen i 1977–79, tilsett som lektor ved Flora vidaregåande skule 1979–98 og var fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane i 1998–2000. Han var rådgivar i Botnaneset Industriselskap i 2000–01, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane i 2001–09 og dagleg leiar i Sunnfjord Næringslivsråd frå 2010, der han arbeider med regional næringsutvikling.
Sandal var leiar av Volda AUL i 1966–68, medlem av landsstyret i AUF, leiar i Møre og Romsdal AUF og styremedlem i Møre og Romsdal Ap i 1969–70. Han var leiar i Bergen Arbeidersamfunn i 1977–78, styremedlem i Hordaland Arbeidarparti i 1977, leiar av Flora Arbeidarlag i 1980–83 og Flora Arbeidarparti i fleire periodar. Sandal var styremedlem i Sogn og Fjordane Arbeidarparti i 1981–83 og representant i fylkestinget i 1983–90.
Han var vararepresentant til Stortinget i 1989–2001, men møtte fast for statsråd Kjell Opseth i 1990–95. I 1995–97 var han kyrkje-, utdannings- og forskingsminister i regjeringane til Gro Harlem Brundtland (1995–96) og Thorbjørn Jagland (1996–97). I perioden 2001–09 hadde han fast plass på Stortinget som representant for Arbeidarpartiet frå Sogn og Fjordane og var mellom anna leiar av finanskomiteen i 2006–09.
Sandal var medlem av Kringkastingsrådet i 1978–85, styremedlem i Bergens Arbeiderblad i 1981–83 og Botnaneset Industriselskap AS i 1983–96, styreleiar for fylkessjukehuset i Florø 1992–93 og Firdaposten i 1988–90.

Han var styreleiar i Nynorsk kultursentrum frå 2010-2014 og styreleiar i Allkunne AS i perioden 2012-2014. Han har òg vore styremedlem i Noregs Bank (representantskapen), Innovasjon Noreg, Investinor og Fjord1.

Kjelder
Reidar Sandal, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=RS [lesedato 20.9.2012]
Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (NRK): http://www.nrk.no/sf/leksikon/index.php/Reidar_Sandal [lesedato 20.9.2012]
Peikarar

Først publisert: 24.04.2013
Sist oppdatert: 01.08.2018