Hopp til innhold
X
Innhald

Shoaib Sultan

Shoaib Mohammad Sultan, samfunnsdebattant og bystyrerepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Oslo i perioden 2015–19. Han er tidlegare generalsekretær i Islamsk Råd.

Shoaib Mohammad Sultan er fødd 22. desember 1973 i Pakistan, har vakse opp i Noreg og er busett i Oslo. Han gjekk på Nes videregående skole i Akershus i 1990–93, tok bachelorgrad i statsvitskap ved Colorado State University i Pueblo i 1997 og mastergrad i finans og leiing same staden i 1999.

Han arbeidde som informasjonsansvarleg i European Council of Religious Leaders til 2007, var generalsekretær i Islamsk Råd Norge i 2007–10, sekretariatsleiar i Kontaktutvalet mellom innvandrarbefolkninga og styresmaktene i 2011 og rådgivar i Antirasistisk Senter frå 2011.

Som politikar for MDG er hjartesakene hans berekraftig byutvikling, integrering og styrking av lokaldemokratiet. Han har fått kritikk for påståtte negative utsegner om homofili då han var leiar av Muslimsk Råd, noko han har gjort greie for i ettertid. Sultan var Miljøpartiet Dei Grøne sin ordførarkandidat ved kommunevalet i Oslo i 2015.

Sultan er muslim og ein aktiv debattant i norsk samfunnsliv og har skrive mange debattinnlegg og artiklar, mellom anna om islam og integrering. Han har vore styremedlem i Fredsinitiativet og Global Migrants for Climate Action og er styremedlem i Nei til atomvåpen frå 2015.

Kjelder

«Shoaib M. Sultan», mdg.no: http://oslo.mdg.no/nyhet/shoaib-m-sultan/ [lesedato 19.10.15]

Peikarar

Hilde Lundgaard: «Miljøpartiet De Grønne klare til å kjempe om ordførervervet», osloby.no, publisert 15.9.2015

«Jeg mener homofili ikke er synd, beklager om jeg var uklar», aftenposten.no, publisert 16.9.2015

«Oslo kan få muslimsk ordfører», p4.no, publisert 15.9.2015

Først publisert: 08.01.2016
Sist oppdatert: 08.01.2016