Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Sonja Irene Sjøli

Sonja Irene Sjøli, sjukepleiar, jordmor som har teke imot 1800 barn, og tidlegare stortingsrepresentant for Høgre frå Akershus 1997—13.

Sonja Irene Sjøli er fødd 6. juni 1949 i Hamar. Ho gjekk på vidaregåande skule på Hamar i 1965–68, tok sjukepleiarutdanning ved Hedmark Sykepleierhøgskole i 1968–71, grunnfag i kunsthistorie ved Universitetet i Oslo i 1973, operasjonssjukepleie i 1974, Statens jordmorskole i 1976 og har mellomfag i sosiologi ved Universitetet i Oslo frå 1986.
Sjøli arbeidde som sjukepleiar ved Moss sykehus i 1971–73, operasjonssjukepleiar ved Stensby sykehus i 1973–75, turnusjordmor ved Sentralsykehuset i Akershus i 1977, distriktsjordmor på Eidsvoll i 1978–87, redaktør av Tidsskrift for jordmødre og avdelingssjordmor ved Stensby sykehus i 1987–89 og arbeidande president i det internasjonale jordmorforbundet i 1993–97.
Ho var medlem av Eidsvoll formannskap i 1979–87, medlem av styret for Eidsvoll Høgre i 1981–84 og 1994–97, leiar i 2006–09, og kommunestyrerepresentant i 1999–2003. Ho var leiar av Akershus Høgre og sentralstyremedlem i partiet i 1994–2003, medlem av Høgres arbeidsutval og leiar av det kvinnepolitiske utvalet i 1998–2000. I perioden 1993–97 var ho vararepresentant til Stortinget, og 1997—2013 var ho stortingsrepresentant for Høgre frå Akershus. Ho var leiar i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen i 2001–05, og politisk arbeider ho for betre helsetilbod og eldreomsorg.
Sjøli har hatt ei rekkje verv i utval og styre innanfor helse, svangerskap og fødsel i Noreg og i utlandet i ei årrekkje. Ho var medlem av styret i Norsk Perinatalmedisinsk forening i 1986–93, medlem av styret i Nordisk Jordmorforbund i 1989–93, leiar i Den norske jordmorforening i 1989–93 og visepresident i International Confederation of Midwives i 1990–93.
Ho var medlem av representantskapet for Eidsvoll Brannkasse og styret i Barnemagasinet A/S i 1997–99, leiar for rådet for Kvinneuniversitetet i Løten i 2001–02 og medlem av styret i Medical Aid Foundation i 1994–2002.
Sjøli har laga undervisningsfilmar om fødsel i 1979 og 1994. Ho fekk Paul Harris Fellow-medaljen 1998 og blei æresmedlem av Den norske jordmorforening i 1999.
Kjelder
Sonja Irene Sjøli, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=SONS [lesedato 4.3.2012]
Omtale av Sonja Irene Sjøli på hoyre.no: http://www.hoyre.no/Sonja+Irene+Sj%C3%B8li.a_7VwlfK4zmwJjnF6B3RfQXd.ips [lesedato 4.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 18.12.2012
Sist oppdatert: 02.02.2015