Hopp til innhold
Terje Søviknes. Foto: Hordaland fylkeskommune, Flickr.com CC BY-SA 2.0.
Terje Søviknes. Foto: Hordaland fylkeskommune, Flickr.com CC BY-SA 2.0.
X
Innhald

Terje Søviknes

Terje Søviknes, akvaingeniør, politikar, ordførar for Framstegspartiet i Os i ei årrekkje og tidlegare olje- og energiminister. 2. nestleiar i FrP sidan 2019.

Terje Søviknes er fødd 28. februar 1969 i Os i Hordaland. Han var elev ved Os gymnas i 1985–88 og utdanna seg til akvaingeniør ved Bergen ingeniørhøgskole i 1989–92. Han tok siviløkonomstudiet ved Norges Handelshøyskole i 1992–95, men fullførte ikkje hovudoppgåva. Søviknes arbeidde deltid hos Byggmester Nydal A/S i 1985–88, ved Drange båtverksted i 1988–95 og var fiskar i 1994–99. Han var ordførar for FrP i Os kommune i 1999–16, og han blei olje- og energiminister i Solberg-regjeringa i 2016, og hadde statsrådsoppdraget til 2018.

Søviknes melde seg inn i Framstegspartiet midt i 1980-åra, har vore medlem av kommunestyret for FrP i Os frå 1991 til han blei statsråd, først som kommunestyrerepresentant, frå 1995 òg medlem av formannskapet, og så ordførar i 1999–2016. Han var leiar av styret for Os Frp i 1992–99, medlem av fylkestinget i Hordaland frå 1995, nestleiar i Hordaland FrP i 1994–99 og varamedlem til Stortinget for Hordaland i 1997–2001. I 1995–99 var han medlem av sentralstyret i FrP, var 2. nestleiar i partiet i 1999–2001 og blei igjen medlem av sentralstyret i 2013. I mai 2019 blei Søviknes igjen valt som 2. nestleiar i FrP.

Som politikar er han omstridd og kontroversiell også innanfor sitt eige parti, og fleire av utspela hans har vekt oppsikt. I 2001 trekte Søviknes seg frå rikspolitikken på grunn av seksuell omgang med ei 16 år gamal jente. Før dette var han rekna som ein mogleg arvtakar etter dåverande partileiar Carl I. Hagen. Søviknes har arbeidd seg tilbake til rikspolitikken og har trass alt vore ein populær og hardtarbeidande ordførar i heimkommunen. Os har vore kommunen med størst oppslutning for FrP i Noreg og er blitt kalla utstillingsvindauget til partiet.

Søviknes har hatt mange offentlege verv i Os og Hordaland. Han er leiar av Os Bridgeklubb, av Lysefjorden Ungdomslag og er medlem av styret for sykkel-VM 2017 i Bergen. Han fekk Norges Livredningsselskaps heidersteikn i 1993.

Kjelder

Terje Søviknes, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TS_O [lesedato 20.1.2017]

Om Terje Søviknes på regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/dep/oed/org/olje--og-energiminister-terje-soviknes/id2525161/ [lesedato 10.10.2017]

Olav Garvik: «Terje Søviknes», snl.no: https://snl.no/Terje_S%C3%B8viknes [lesedato 10.10.2017]

Thomas Spence og Robert Gjerde: «Listhaug og Søviknes valgt med stående applaus», aftenposten.no, sist oppdatert 5.5.2019, https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/3JRbvP/Listhaug-og-Soviknes-valgt-med-staende-applaus [lesedato 6.5.2019]

Peikarar

Stine Barstad: «Terje Søviknes overtar næring i historisk krise», aftenposten.no

Kristin Clemet: «Terje Søviknes», civita.no

NTB: «Terje Søviknes er bekreftet som ny statsråd», ba.no

Først publisert: 21.03.2017
Sist oppdatert: 06.05.2019