Hopp til innhold
Foto: Bjørn Stuedal/ Regjeringa
Foto: Bjørn Stuedal/ Regjeringa
X
Innhald

Tine Sundtoft

Kristine (Tine) Sundtoft, siviløkonom og fylkesrådmann i Vest-Agder.

Tine Sundtoft er fødd 19. april 1967 i Lillesand i Aust-Agder. Ho gjekk på Møglestu videregående skole i 1982–85 og blei siviløkonom etter å ha studert økonomi og leiing ved Handelshøyskolen BI i Oslo i 1986–90. I 1990–92 var ho generalsekretær i Unge Høgre og politisk rådgivar for stortingsgruppa til Høgre fram til 1995. Frå 1995 til 2005 var ho tilsett som regiondirektør i Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) i Agder, og ho var den første kvinnelege fylkesrådmannen i Vest-Agder då ho gjekk inn i stillinga i 2005. Frå 2013 til desember 2015 var ho klima- og miljøvernminister i Solberg-regjeringa.

Sundtoft var kommunestyrerepresentant i Lillesand for Høgre i 1987–91 og gruppeleiar for partiet i fylkestinget i Aust-Agder i 1991–95. I 1990–92 var ho generalsekretær i Unge Høgre, og ho var vararepresentant til Stortinget for Høgre frå Aust-Agder i 1989–93.

Som klima- og miljøvernminister ville Sundtoft ha eit generasjonsperspektiv på politikken og føre vidare det klimaforliket som Stortinget vedtok i 2012. Ho har brei erfaring og kunnskap om norsk næringsliv og offentleg forvaltning, og frå partipolitikk både lokalt, regionalt og nasjonalt.

Sundtoft var medlem av styringsgruppa for NODE (Norwegian Offshore & Drilling Engineering), ei næringsklynge for teknologibedrifter, fram til ho blei statsråd. Ho fekk Agderrådets likestillingspris i 2009, mellom anna for arbeidet med leiarutviklingsprogrammet Female Future, og blei kåra til årets kvinnelege leiar på Sørlandet i 2013.

Kjelder

Om Tine Sundtoft på regjeringa.nohttp://www.regjeringen.no/nn/dep/md/om-departementet/miljovernminister-tine-sundtoft.html?id=742913 [lesedato 20.10.2013]

Peikarar

«Roser miljøvernministeren», Sørnett.no

«Tine Sundtoft med ett ben i oljebransjen – skal rett til klimaforhandlinger», abcnyheter.no

«Heiste flagget for Tine», lp.no

«Agderrådets likestillingspris tildelt Tine Sundtoft», vaf.no

«Tine Sundtoft hedret med lederpris», nrk.no

Først publisert: 04.02.2014
Sist oppdatert: 19.01.2018