Hopp til innhold
Tore Storehaug. Foto: Stortinget.
Tore Storehaug. Foto: Stortinget.
X
Innhald

Tore Storehaug

Tore Storehaug, lektorstudent, politikar og stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Sogn og Fjordane.

Tore Storehaug er fødd 18. februar 1992 i Førde og voks opp i Askvoll i Sogn og Fjordane. Han gjekk på Hafstad vidaregåande skule i 2008–11, tok ein bachelorgrad i historie ved Universitetet i Oslo i 2015 og er lektorstudent i historie ved det same universitetet. I perioden 2017–21 er han vald til stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Sogn og Fjordane.

 

Som 16-åring blei Storehaug fylkesleiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) i Sogn og Fjordane og sat som leiar i 2008–11. Han var medlem av sentralstyret i KrFU i 2011–14, den siste perioden som internasjonalt ansvarleg. I 2011 blei han første vararepresentant til fylkestinget i Sogn og Fjordane for KrF. I stortingsperioden 2017–21 er han medlem av energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

 

Dei viktigaste politiske sakene til Tore Storehaug er å arbeide mot barnefattigdom, men han er òg oppteken av klima, utvikling og skulepolitikk. Og han er abortmotstandar.

 

I 2015 blei han vald til visepresident i YEPP (Det europeiske folkepartis ungdom), som er det felles europeiske ungdomspartiet for KrFU og Unge Høgre.

 

Storehaug er nynorskbrukar og blir referert på nynorsk i Stortinget.

Kjelder

Tore Storehaug, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TOSTO [lesedato15.3.2018]

Mathilde Pettersen: «Tore Storehaug inn på Stortinget», krfu.no, sist oppdatert 29.9.2017: https://krfu.no/artikler/tore-storehaug-inn-pa-stortinget [lesedato15.3.2018]

Peikarar

Runar Bjørkvik Mæland: «Slik ser ein ny, nynorsk stortingsrepresentant ut», framtida.no, publisert 12.9.2017 

Runar Bjørvik Mæland: «Tore Storehaug (KrF) har større draumar enn billig bensin», framtida.no, publisert 12.12.2017 

Erlend Blaalid Oldeide og Wilhelm Støylen: «KrF-toppen sitt abortsyn provoserer», nrk.no, publisert 30.8.2017 

«Ung og fersk på Stortinget», facebook.com 

Først publisert: 17.04.2018
Sist oppdatert: 17.04.2018