Hopp til innhold
Andreas Sjalg Unneland (2019). Foto: Ina K. Andersen / Jo Straube / Sosialistisk Venstreparti. Brukt med løyve for Alllkunne.
Andreas Sjalg Unneland (2019). Foto: Ina K. Andersen / Jo Straube / Sosialistisk Venstreparti. Brukt med løyve for Alllkunne.
X
Innhald

Andreas Sjalg Unneland

Andreas Sjalg Unneland er jusstudent, lokalpolitikar og leiar i Sosialistisk Ungdom (SU), ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Venstreparti, sidan 2018.

Andreas Sjalg Unneland er fødd 30. juli 1994 i Bergen og voks opp i Fjell kommune på Sotra i Hordaland. Han var elev ved Danielsen videregående skole i 2010–13, og han studerer rettsvitskap ved Universitetet i Bergen frå 2013. På grunn av dei politiske verva sine har han teke ein pause i studia.

Han var leiar av Nye Øygarden SU 2012–14. I 2017–18 var han sentralstyremedlem i Sosialistisk Ungdom, og i 2018 blei han vald til leiar i ungdomsorganisasjonen for perioden 2018–19. Unneland tok over som leiar etter Andrea Sjøvoll.

Unneland er vald til kommunestyrerepresentant for Sosialistisk Venstreparti i Fjell for perioden 2015–19, var leiar i Høyden SV i 2014–16, og i 2017 var han tilsett som valkampsekretær for partiet i Bergen. Han er vararepresentant nr. 4 til Stortinget for SV frå Hordaland for perioden 2017–21.

Politisk er Unneland imot norsk EU-medlemsskap og for å avvikle monarkiet. Han vil ha betre studiefinansiering og arbeider imot reklamepress. Han vil ha ein meir human narkotikapolitikk og vil avkriminalisere brukardosar. Unneland meiner òg det er gale å avkorte sosialhjelpa for familiar som får barnetrygd, og vil ta eit oppgjer med politikken til høgresida, som han meiner gjer dei rike endå rikare.

 

Kjelder

Sosialistisk Ungdom: «Se valgkomiteens innstilling her», su.no, publisert 15.5.2018: https://su.no/2018/05/15/se-valgkomiteens-innstilling-her/ [lesedato 22.3.2019]

Andreas Sjalg Unneland, profil, facebook.com: https://nn-no.facebook.com/andreas.unneland [lesedato 22.3.2019]

 

Peikarar

Andreas Sjalg Unneland: «Kampen mot EU er kampen for folkestyre», umeu.no

Andreas Sjalg Unneland: «La Harald bli Norges siste konge», manifesttidsskrift.no

Andreas Sjalg Unneland: «– Studentene ranes», universitas.no

Først publisert: 28.06.2019
Sist oppdatert: 28.06.2019