Faktaboks

Lene Vågslid
Fødd
17. mars 1986, Tokke, Telemark
Lene Vågslid.
Stortinget.

Lene Vågslid er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som er stortingsrepresentant frå Telemark sidan 2010.

Bakgrunn

Lene Vågslid er fødd i Tokke kommune i Telemark. Ho fullførte i 2010 bachelorgrad i praktisk-estetiske fag ved Høgskolen i Telemark (no Universitetet i Sørøst-Norge) og har årsstudium i barnevernspedagogikk.

Politisk karriere

Vågslid skipa lokallag av AUF i Tokke då ho gjekk på vidaregåande skule. Ho var leiar i Telemark AUF i 2003–2006, styremedlem i Telemark Arbeidarparti sidan 2003 og representant for Arbeidarpartiet i fylkestinget i Telemark frå 2007. Vågslid har vore leiar av Bø Arbeidarparti og er leiar av kvinnenettverket i Telemark Arbeidarparti. Ho blei vararepresentant til Stortinget i 2009, og møtte fast frå oktober 2010 då Gunn Olsen vart sjukmeldt.

Vågslid er sidan 2013 innvald som stortingsrepresentant frå Telemark. Ho sat i familie- og kulturkomiteen på Stortinget i 2010–2013, og i perioden 2013–2017 var ho medlem av justiskomiteen. Ho var leiar av justiskomiteen i 2017–2021 og er leiar av kommunal- og forvaltningskomiteen frå 2021. Sidan 2022 er ho også parlamentarisk nestleiar i Arbeidarpartiet.

Politisk har ho arbeidd mellom anna for å styrkje barnevernet, for kultur, likestillingstiltak og fleire forsøk ved assistert befruktning.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg