Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Werp

Anders Bjørnsen Werp, skogbrukar, tidlegare ordførar i Øvre Eiker og stortingsrepresentant for Høgre frå Buskerud sidan 2009.

Anders B. Werp er fødd 16. desember 1961 i Øvre Eiker i Buskerud. Han tok skogbruk grunnkurs på Kongsberg i 1977–79, Bjørkelangen videregående skole i 1979–80, skogbrukarkurs i Osen i 1980–81, skogskule på Steinkjer i 1983–85, Bedriftsøkonomisk Institutt i 1985–86 og sjefskurs ved Forsvarets høgskole i 2009. Han har arbeidd i ei årrekkje med gards- og skogsarbeid, var tilsett i Drammensdistriktets Skogeierforening i 1987–88 og arbeidde som økonomikonsulent og næringspolitisk rådgivar i Norges Skogeierforbund i 1989–99.
Werp var medlem i styret for Øvre Eiker Høgre i 1993–94 og leiar i 1994–98, representant i Øvre Eiker kommunestyre i 1995–99 og ordførar frå 1999 til 2009. Han var varamedlem i Buskerud fylkesting i 1995–99 og medlem i 1999–2007, leiar i Buskerud Høgre i 1998–2008 og medlem frå 2009. Frå 1998 til 2008 var han medlem av sentralstyret i Høgre. Han var vararepresentant til Stortinget i 1997–2005 og stortingsrepresentant for Høgre frå Buskerud frå 2009 og første nestleiar i justiskomiteen 2013—17. Han er særleg interessert i justispolitikk, kristne verdiar og kyrkja sin plass i det norske samfunnet.
Werp var leiar av styret for Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare AS, Drammensregionen i 2007–09, medlem av styringsgruppa for Vestregionen, rådet for Drammensregionen og styret for Kongsbergregionen til 2009, og frå 2010 medlem av hovudkomiteen for skiflygings-VM i Vikersund 2012.
Kjelder
Anders B. Werp, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=AWE [lesedato 10.3.2012]
Omtale av Anders B. Werp på hoyre.no: http://www.hoyre.no/Anders+B.+Werp.a_7VwlfM3AmwtfnF6B3RfQXh.ips [lesedato 10.3.2012]
Peikarar
Nettstaden til Werp gård

Først publisert: 06.07.2012
Sist oppdatert: 02.02.2015