Hopp til innhold
Nicholas Wilkinson. Foto: Sosialistisk Ungdom (SU), Flickr.com CC BY-ND 2.0.
Nicholas Wilkinson. Foto: Sosialistisk Ungdom (SU), Flickr.com CC BY-ND 2.0.
X
Innhald

Nicholas Wilkinson

Nicholas Wilkinson, politikar og tidlegare leiar i Sosialistisk Ungdom (SU). 

Nicholas Wilkinson er fødd 15. mars 1988 og voks opp i Oppegård i Akershus. Han var elev ved dramalinja på Ski videregående skole i 2004–07, og han har ein bachelorgrad i politikk, filosofi og økonomi frå 2011 og ein mastergrad i politisk økonomi frå Universitetet i Manchester i Storbritannia i 2012.

Han arbeidde som lærar ved Bjølsen skole i 2012–13, var hospitant i stortingsgruppa for SV i 2013 og var fylkessekretær for SV i Akershus i 2013–14. Han var leiar av Sosialistisk Ungdom 2014–16.

Wilkinson melde seg inn i Sosialistisk Ungdom som 17-åring, i 2005. Han var kommunestyrerepresentant for Sosialistisk Venstreparti i Oppegård i 2007–11, medlem av styret i Oppegård SV i 2008 og fylkesstyremedlem i Akershus SV i 2011–13.

Politisk er Nicholas Wilkinson oppteken av miljø, rettferdig fordeling og kampen mot fattigdom. Han arbeider òg for å motarbeide diskriminering av homofile.

Kjelder

«Blir mo i knærne av Kristin Halvorsen», intervju med Nicholas Wilkinson i Østlandets Blad 5.5.2013: http://www.oblad.no/historier/blir-mo-i-knarne-av-kristin-halvorsen/s/2-2.2610-1.7875387 [lesedato 20.1.2016]

Nicholas Wilkinson på LinkedIn: https://www.linkedin.com/in/nicholaspbwilkinson [lesedato 20.1.2016]

«Nicholas Wilkinson ny leder i Sosialistisk Ungdom», su.no: https://www.su.no/du-og-su/nyheter/nicholas-wilkinson-ny-leder-i-sosialistisk-ungdom/ [lesedato 20.1.2016]

Peikarar

Eirin Aardal: «Tør ikke leie kjæresten av frykt for hatvold», nrk.no

Nasjida Noorestany: «Skolepolitisk intervju: Nicholas Wilkinson», Elevorganisasjonen

Først publisert: 28.04.2016
Sist oppdatert: 30.06.2017