Hopp til innhold
Foto: Ilja C. Hendel/ Regjeringa
Foto: Ilja C. Hendel/ Regjeringa
X
Innhald

Thorhild Widvey

Thorhild Widvey, marknadskonsulent, stortingsrepresentant for Høgre frå Rogaland og kulturminister i Solberg-regjeringa frå oktober 2013 til desember 2015.

Thorhild Widvey er fødd 9. januar 1956 i Avaldsnes i Rogaland. Ho gjekk på Haugesund gymnas i 1972–75, Idrætshøjskolen i Århus i 1975–76 og har eksamenar frå BI. Ho arbeidde som idrettsleiar ved ein HVPU-institusjon på Karmøy i 1976–82 og 1986, som prosjektleiar i Karmøy kommune i 1983–85 og var marknadskonsulent for Rica-hotella i Haugesund i 1987–89.

I 1989–97 var ho stortingsrepresentant for Høgre frå Rogaland, budde så i London i 1997–2002, før ho blei statssekretær i fiskeridepartementet i 2002–03 og i utanriksdepartementet i 2003–04. Widvey var olje- og energiminister i den andre regjeringa til Bondevik i 2004–05 og hadde mange styreverv, spesielt i oljerelaterte næringar, dei neste åra. Frå 2013 til desember 2015 var ho kulturminister i Solberg-regjeringa. 16.desember 2015 fekk ho avskil i nåde.

Widvey var medlem av styret i Karmøy Høgre frå 1980, kommunestyrerepresentant i Karmøy i 1979–83, medlem av formannskapet i 1983–89, medlem av styret i Rogaland Høgre i 1985–89 og medlem av fylkesutvalet i Rogaland i 1987–89. Sidan 2008 har ho vore medlem av sentralstyret i partiet. I 1985–89 var ho vararepresentant til Stortinget, og frå 1989 til 1997 var ho vald inn som fast representant for Høgre frå Rogaland. Først sat ho i sosialkomiteen og så i samferdselskomiteen.

Ho har lang erfaring frå både politisk arbeid og styreverv i ulike bedrifter i næringslivet. Widvey var ei av dei største overraskingane i Solberg-regjeringa, men har høg tillit hos statsministeren. Widvey vil mellom anna arbeide for meir privat sponsing av kulturlivet, vil ha ein bransjeavtale med unntak frå prislova i staden for ei boklov, vil endre mediepolitikken, og ho får ansvaret for å følgje opp Oslo sin søknad om å arrangere OL i 2022.

Widvey har hatt ei lang rekkje tillitsverv og styreverv, mellom anna som medlem og deretter nestleiar av styret i Norges Handicapidrettsforbund (NHIF) i 1983–87, nestleiar i Norges Reiselivsråd frå 1990, leiar av styret for Hiimsmoenkollektivet frå 1988 og nestleiar i Europabevegelsen frå 1992. Ho var styremedlem i Tromsø 2018, leiar av hovudstyret i Sjømannskirken i 2009–13, sat i styret i Aker Drilling ASA i 2005–13 og Bjørge ASA i 2006–13. Widvey var styremedlem i Stiftelsen Offshore Northern Seas, Haugaland Kraft og Stiftelsen Rogaland Kunnskapspark i 2012–13.

Kjelder

Thorhild Widvey, «Representanter og komiteer», stortinget.nohttp://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TWI [lesedato 18.10.2013]

Om Thorhild Widvey på regjeringa.nohttp://www.regjeringen.no/nn/dep/kud/om-departementet/kultur--og-kyrkjeminister-thorhild-widve.html?id=742920 [lesedato 18.10.2013]

Artikkel om Thorhild Widvey på snl.nohttp://snl.no/Thorhild_Widvey [lesedato 18.10.2013]

Peikarar

«Aftenposten: – Thorhild Widvey blir ny kulturminister»dagbladet.no

«– Eks-oljeminister overtar kulturdepartementet»nrk.no

«Vil ha raske endringer»klassekampen.no

«Sjømannskirkeleder blir kirkeminister»vl.no

Først publisert: 21.01.2014
Sist oppdatert: 19.01.2018