Hopp til innhold
Knut Ytre-Arne. Foto: ©Stortingsarkivet/Scanpix.
Knut Ytre-Arne. Foto: ©Stortingsarkivet/Scanpix.
X
Innhald

Knut Ytre-Arne

Knut Ytre-Arne var stortingsrepresentant for Hordaland i fire periodar og hadde stort engasjement for fråhaldssaka.

Knut Ytre-Arne var fødd 19. desember 1896 i Haus i Hordaland og døydde 30. mars 1968. Han fullførte jordbruksskulen på Stend i 1918 og Statens småbrukslærerskole i 1921. Ytre-Arne var lærar ved fleire småbruks- og jordbruksskular frå 1922 til 1938. Han var vandrelærar i jord- og husdyrbruk i Hordaland i 1939–47 og fylkesagronom i 1948–66.

Ytre-Arne var medlem av Venstre og vart varaordførar i Fana kommune i 1945. Det vervet hadde han til 1955. I 1945 vart han vald som vararepresentant til Stortinget for Hordaland. I 1949 kom han inn på fast plass. Etter dette sat han i fire periodar på Stortinget, frå 1950 til 1965. Han var medlem av landbrukskomiteen i alle periodane. I 1961–65 var han i tillegg medlem av valkomiteen. Ytre-Arne var òg i lengre periodar medlem av presidentskapet i Stortinget. Han var sekretær i Lagtinget i to periodar mellom 1958 og 1961 og varapresident i Stortinget i 1961–65.

Ytre-Arne engasjerte seg mellom anna i alkoholpolitiske saker. I ein debatt om reduserte polprisar som middel for å få bukt med heimebrenning, markerte han seg som sterk motstandar. Han var òg formann i Hordaland fylke av Det Norske Totalavholdsselskap i 1943–50 og formann i edruskapsnemnda i Hordaland i 1946–58. Ei anna hjartesak var jordbruk, og Ytre-Arne vert hugsa for stort engasjement i Det norsk myrselskap, der ei av kampsakene var å få slutt på brenntorvdrift, som var vanleg i mange kystområde. Ytre-Arne hadde elles ei rekkje offentlege verv. Mellom anna var han styreformann for A/S Vaksdal Mølle i 1959–68 og medlem av Rådet for Norsk Utviklingshjelp i 1962–68.

Kjelder

Verdens Gang: «Avholdsfolket betenkt», 12.1.1954

Knut Ytre-Arne, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=KNYT [lesedato 11.6.2018]

Det norske myrselskap: «Nekrolog: Stortingsmann Knut Ytre-Arne», Meddelelser fra Det norske myrselskap, 6/1968) https://brage.bibsys.no/xmlui/handle/11250/2484223 [lesedato 11.6.2018]

«Om valg av 14 medlemmer og varamenn til Rådet for Norsk Utviklingshjelp» (Storting 1963/64), Innst. S. nr. 289. (1963–64) Innstilling fra valgkomitéen om valg av 14 medlemmer og varamenn til Rådet for Norsk Utviklingshjelp: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1963-64&paid=6&wid=a&psid=DIVL2414&pgid=a_0656 [lesedato 5.12.2018]

«Om valg av 14 medlemmer og varamenn til Rådet for Norsk Utviklingshjelp» (Storting 1965/66), Innst. S. nr. 265. (1965–66) Innstilling fra valgkomitéen om valg av medlemmer med varamenn til Rådet for Norsk Utviklingshjelp: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Lesevisning/?p=1965-66&paid=6&wid=a&psid=DIVL2390&pgid=a_0500 [lesedato 5.12.2018]

Peikarar

Olaf Chr. Torp: Stortinget 1961/62–1964/65. Representanter til 106.–109. ordentlige Storting,. Valgstatistikk, fylkesoversikter – biografier. Oslo 1962. Digital utgåve i Bokhylla, nb.no

Først publisert: 05.12.2018
Sist oppdatert: 05.12.2018