Abraham Berge
Abraham Berge, politikar. Statsminister i Noreg og første formann i Frisinna Venstre.
Christian August Selmer
Christian August Selmer, politikar. Statsminister som i 1884 vart frådømd embetet i Riksretten. Han var regjeringssjef i dei mest dramatiske åra i norsk politikk.
Christian Homann Schweigaard
Christian Homann Schweigaard
Christian Homann Schweigaard, politikar. Ordførar i Kristiania, formann i Høgre og statsminister for "Aprilministeriet" i 1884.
Christian Michelsen
Christian Michelsen
Christian Michelsen, politikar og skipsreiar. Som statsminister førte han Noreg ut av unionen med Sverige i 1905.
Christopher Hornsrud
Christopher Hornsrud
Christopher Hornsrud, politikar og formann i Arbeidarpartiet. Han var statsminister i berre atten dagar, men levde lenger enn nokon annan norsk regjeringssjef, i 101 år.
Einar Gerhardsen
Einar Gerhardsen
Einar Gerhardsen, politikar. Noregs statsminister i 17 år og regjeringssjef i landets lengste og sterkaste vekstperiode.
Emil Stang
Emil Stang
Emil Stang, høgsterettsadvokat, redaktør og politikar. Han var første leiaren i Høgre, og to gongar statsminister.
Erna Solberg
Erna Solberg
Erna Solberg er frå 16. oktober 2013 statsminister i Noreg. Ho er den andre kvinna i norsk historie som har dette vervet.
Francis Hagerup
Francis Hagerup
Francis Hagerup, jurist og politikar. Han var statsminister frå 1903 til 1905, då usemje om unionspolitikken førte til at han gjekk av.
Frederik Stang
Frederik Stang
Frederik Stang, jurist og politikar. Han var i over 30 år ein av dei viktigaste premissgivarane til utviklinga i det norske samfunnet på 1800-talet. I perioden 1873–1880 var han statsminister.
Gro Harlem Brundtland
Gro Harlem Brundtland
Gro Harlem Brundtland, politikar. Leiar i Arbeidarpartiet og statsminister tre gonger. Brundtland er Noregs første kvinnelege statsminister.
Gunnar Knudsen
Gunnar Knudsen
Gunnar Knudsen, politikar. Den einaste med teknisk bakgrunn som har vore statsminister i Noreg. Mange reknar hans som den første landsfader.
Ivar Lykke
Ivar Lykke, politikar. Statsminister og formann i Høgre, stortingspresident.
Jan P. Syse
Jan P. Syse
Jan P. Syse, politikar. Statsminister 1989-1990 og formann i Høgre.
Jens Bratlie
Jens Bratlie
Jens Bratlie, general og politikar. Han vart statsminister i 1912 då Wollert Konow måtte gå av som regjeringssjef etter å ha talt varmt om målsaka.
Jens Hundseid
Jens Hundseid
Jens Hundseid, landsbrukslærar og politikar. Han tok over som statsminister då sitjande statsminister Peder Kolstad døydde. Han var medlem i Nasjonal Samling og vart under rettsoppgjeret etter krigen dømd til 10 års fengsel.
Jens Stoltenberg
Jens Stoltenberg
Jens Stoltenberg, politikar, sosialøkonom og generalsekretær i NATO. Han vart 17. mars 2000 den yngste statsministeren i Noreg gjennom tidene, og var frå 2005 statsminister samanhengande i åtte år.
Johan Ludwig Mowinckel
Johan Ludwig Mowinckel
Johan Ludwig Mowinckel, politikar. Statsminister i tre regjeringar og formann i Venstre. Han spelte ei europeisk rolle i mellomkrigstida.
Johan Nygaardsvold
Johan Nygaardsvold
Johan Nygaardsvold, industriarbeidar og politikar. Leia Noregs regjering frå London under andre verdskrigen.
Johan Sverdrup
Johan Sverdrup
Johan Sverdrup, politikar og statsminister. Den fremste alliansebyggjaren i norsk politikk. Tok Noreg frå ein embetsmannsstat til eit parlamentarisk system.
Johannes Steen
Johannes Steen
Johannes Steen, skulemann og politikar. Han var statsminister under unionsaktivismen på 1890-talet, der regjeringa Steen gjekk av to gongar i eit forsøk på å presse gjennom eit eige norsk konsulatvesen.
John Lyng
John Lyng, jurist og politikar. Den første norske statsministeren for ei borgarleg firepartiregjering.
Jørgen Løvland
Jørgen Løvland
Jørgen Løvland, skulemann og politikar. Han var første norske utanriksminister, og opptatt av språkpolitikk. Løvland var statsminister først i Sverige, og seinare etter unionsoppløysinga statsminister i Noreg.
Kjell Magne Bondevik
Kjell Magne Bondevik
Kjell Magne Bondevik, politikar. Tidlegare statsminister, mangeårig partileiar for KrF og leiar av Oslosenteret.
Kåre Willoch
Kåre Willoch
Kåre Willoch, sosialøkonom og politikar. Han var formann i Høgre 1970–74 og statsminister 1981–86
Lars Korvald
Lars Korvald
Lars Korvald, politikar og rektor ved Tomb jordbruksskole. Etter folkeavstemminga om EF i 1972 skipa nei-sida med partia Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre regjering med Korvald som statsminister.
Odvar Nordli
Odvar Nordli
Odvar Norli, revisor og politikar. Han var statsminister 1976–81.
Oscar Torp
Oscar Torp
Oscar Torp, elektrikar og politikar. Han hadde fleire ulike ministerpostar og var statsminister i fire år i perioden mellom regjeringane Gerhardsen II og III.
Otto Bahr Halvorsen
Otto Bahr Halvorsen, politikar. Statsminister og formann i Høgre, som med fast hand styrte landet gjennom dei store streikane på tjuetalet. Halvorsen arbeidde for å betre vilkåra for sjuke og fattige.
Otto Blehr
Otto Blehr
Otto Albert Blehr, politikar. Statsminister og statsråd i fleire Venstre-regjeringar. Han hevda at folkesuvereniteten måtte stå over både kongen og grunnlova.
Peder Kolstad
Peder Kolstad
Peder Kolstad, landbrukslærar og politikar. Han var statsminister i den første Bondeparti-regjeringa, frå 1931 til han døydde i 1932.
Per Borten
Per Borten, politikar. Han var formann i Bondepartiet/Senterpartiet 1955–1967 og statsminister 1965–1971.
Thorbjørn Jagland
Thorbjørn Jagland
Thorbjørn Jagland, politikar. Jagland var statsminister 1996–97 og leiar i Arbeidarpartiet i ti år. Han er generalsekretær i Europarådet og medlem i Den norske nobelkomiteen.
Trygve Bratteli
Trygve Bratteli
Trygve Bratteli, politikar. Statsminister og formann i Arbeidarpartiet. Ein undervurdert politikar i norsk historie.
Wollert Konow
Wollert Konow
Wollert Konow (SB), brukseigar og statsminister. Han gjekk av som regjeringssjef 19. februar 1912 etter å ha talt varmt om målsaka i Bondeungdomslaget.
Wollert Konow
Wollert Konow
Wollert Konow, politikar. Han skipa Frisinna Venstre og vart statsminister i 1910. Konow måtte gå som statsminister fordi han erklærte sin kjærleik til nynorsken.