Hopp til innhold
Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Christian August Selmer

Christian August Selmer, politikar. Statsminister som i 1884 vart frådømd embetet i Riksretten. Han var regjeringssjef i dei mest dramatiske åra i norsk politikk.

Christian August Selmer vart fødd på Fredrikshald (Halden) 16. november 1816, og døydde 1. september 1889.
 
Å ta over vervet som statsminister etter Frederik Stang ville ikkje ha vore lett for nokon. Kongen hadde bruk for ein kraftfull person som kunne stå imot stormen frå dei folkevalde med Johan Sverdrup i spissen.
Oscar II måtte nøye seg med Christian August Selmer. Han var sta nok, kampvillig nok og hadde røynsle nok, men mangla politisk teft og talent. Kongen var også med god grunn uroa over helsa til Christian Selmer. I mange år hadde han vore plana med podagra og han hadde også ein hjartesjukdom. Dette svekka arbeidskapasiteten hans, ikkje minst den tida han var statsminister.
 
Dramatiske år
Selmer vart utnemnd til statsråd i regjeringa Stang alt i 1874. Kong Oscar II meinte det ville bli ei styrking av regjeringa, mens regjeringssjefen, Frederik Stang, motsette seg at Selmer skulle bli med. Stang meinte at Selmer var for svak som statsråd, men måtte bøye seg for kongen. Selmer vart sitjande som medlem i den norske regjeringa i ti år, dei siste fire åra som sjef.
Dette var samstundes dei ti mest dramatiske åra i norsk politikk etter 1814, og dei åra då også mykje av grunnlaget for det politiske livet vi kjenner i dag, vart utforma. Det var først og fremst Frederik Stang og Johan Sverdrup som var generalar i denne kampen om den politiske makta i Noreg.
Då Christian August Selmer vart statsminister 1. november 1880, var han frå kongen si side tiltenkt rolla som den som skulle tvinge Stortinget til å respektere kongens veto. Det trudde han sjølv også at han skulle greie, og forsto vel eigentleg aldri at slaget var tapt alt før han fekk kommandoen.  Ingen statsminister korkje før eller sidan har fått så mykje motvind mot seg som Christian August Selmer.
Jurist
Selmer var fødd i Fredrikshald 16. november 1816. Han var son av kjøpmann Johan Christian Selmer og kona Johanne. Han vart student i 1837 og cand. jur i 1842. Deretter tok han til som fullmektig hos sorenskrivar Henrik Leganger i Sør-Hedmark.
Frå 1846 til 1848 arbeidde Selmer først i Justisdepartementet og seinare i Finansdepartementet, men frå 1848 flytte han til Drammen og vart fullmektig hos prokurator P. A. Middelfart. Då prokuratoren året etter vart sorenskrivar i Trøndelag, fekk Selmer ta over praksisen hans i Drammen. I 1862 vart han utnemnd i det kombinerte byfogd- og magistratembetet i Drammen, og byfogd var han då han i 1874 kom med i regjeringa Stang.  Same året var han innvald på Stortinget, men møtte berre kort tid der før han 29. juni vart statsråd og sjef for Armédepartementet.
I 1875 vart han sjef for Indredepartementet, i 1877 sjef for Justisdepartementet, og ei tid hadde han i tillegg også ansvar for Armédepartementet. I eitt år frå 1876 var han medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm, og vart etter kvart god ven med kongen, Oscar II.
Grunnlovskonservativ
I det såkalla 9. juni-vedtaket i 1880, vedtok Stortinget med 74 mot 40 stemmer at statsrådars adgang til Stortinget skal stå i grunnlova. Kongen nedla veto. Etter dette frykta nok kongen at maktposisjonen hans kom til å bli svært utsett. Med solid fleirtal hadde Stortinget avvist at kongen hadde noko anna enn eit utsetjande veto. Kongen og regjeringa avviste dette og nekta å kunngjere grunnlovsendringa.
Dermed låg det riksrett i lufta. For å unngå det og for om mogeleg å få til eit kompromiss prøvde kong Oscar II å få dei gamle sentrumspolitikarane Ole Jacob Broch og Georg Sibbern til å ta leiinga i ei reorganisert og meir sentrumsprega regjering etter at Frederik Stang hadde gått av. Broch hadde vore statsråd under Frederik Stang og ei drivande kraft i moderniseringa av Noreg, men kom på kant med Stang. Sibbern hadde vore statsminister i Stockholm.
Opposisjonen under leiing av Johan Sverdrup ville ikkje godta noko kompromiss. Opposisjonen kravde systemskifte. Kongens plan om forlik med opposisjonen fall difor i fisk. I staden vart det kamp, og då meinte han at Christian August Selmer var den rette til å føre kampen. Kanskje trudde kongen at den minst smidige og mest kongetru av statsrådane hans kunne tvinge Stortinget til retrett? I så fall var han i utakt med resten av regjeringa si. Eit fleirtal av statsrådane motsette seg at kongen skulle utnemne Selmer til statsminister, og det var like før regjeringa sprakk på denne utnemninga.
Når kongen likevel sto fast på valet av Selmer kom det nok av at han hadde stor tillit til denne kompromisslause mannen, og at han såg på han som ein personleg ven og kanskje også som ein kongeleg reiskap i den maktkampen som gjekk føre seg. Nokon viljelaus kongetenar vart Selmer aldri. Mens Frederik Stang hadde tolka grunnlova annleis som ung enn han gjorde som gammal, sto Selmer fast på sitt grunnlovskonservative syn heile tida. Han var lite tilpassingsdyktig i så måte.
Politisk mobilisering
Den politiske situasjonen i Noreg frå 1879 og fram til Christian August Selmer tok over som statsminister seinhaustes 1880 var prega av oppmarsj til kamp. Organiserte politiske parti var i emning, og det skjedde ei mobilisering utover landet. Før valet i 1882 kan ein vanskeleg snakke om partival i Noreg, men det året vart det til gjengjeld eit partival og ei polarisering som aldri før.
Venstre innleidde valkampen med eit stormøte på Stiklestad. Både Johan Sverdrup og den andre Venstre-høvdingen, Bjørnstjerne Bjørnson, hadde lyst til å tale der, men Bjørnson vann. Til ein venn skreiv han: «Sverdrup vilde dit (Stiklestad) også; men da sa jeg: nej, enhver tage sit i værden, og Stiklestad er mit. Kommer du der, så taler jeg dig overænde; der viger jeg ikke.» I Verdens Gang sto det ar det var 5 000 menneske til stades og at dette var det største politiske møtet som til då hadde blitt halde i Noreg.
Det var berre menn som hadde fast eigedom som kunne stemme ved valet, og ein del av mobiliseringa var at dei som ikkje hadde stemmerett kjøpte seg ein jordflekk i ei myr, eller ein andel av ein holme, slik at dei fekk stemmerett.
Det vart ein bitter valkamp, og i Stockholm sat kong Oscar II og var bitrast av alle. Då Bjørnstjerne Bjørnson vart biten av ein hund midt under valkampen, fortalde kongen til sin svenske statsminister: «Bjørnstjerne Bjørnson sjelf är biten af en hund härom dagen, men hunden var ej galen. Hade hunden blifvit biten, så hade han nog fått rabies.»
Valdeltakinga auka i 1879 til over 45 prosent av dei røysteføre i landdistrikta, men ved valet i 1882 spratt deltakinga opp til 70 prosent, og i Johan Sverdrups eige valdistrikt, Akershus, var deltakinga på over 90 prosent.
Politisk polarisering
I perioden mellom desse to vala hadde det skjedd ei kraftig polarisering i norsk politikk. Stortinget hadde gjennom 9. juni-vedtaket delt seg i to flokkar. Noko tredje alternativ eksisterte ikkje, og frå å vere ein heller juridisk debatt om korvidt statsrådane skulle få møte i Stortinget, så var nå spørsmålet kokt ned til eit tema alle kunne ta stilling til: Om det var kongen eller folket som skulle ha herredøme over grunnlova.
I Kristiania gjekk ti tusen menneske i fakkeltog heim til Johan Sverdrup etter 9. juni-vedtaket, og ut over landet vart det i desse åra skipa aviser i større omfang enn nokon gong både før og seinare. Den nye politiske pressa vart ei mektig endringskraft i det politiske systemet, og hadde mykje å seie for mobiliseringa. Dei store folkemøta spelte også ei stor rolle. Dei to organiserte partia, Venstre og Høgre, kan sjåast på som eit resultat av denne mobiliseringsprosessen.
Sterk strid
Selmer visste nok at han kunne risikere å få ein riksrettstiltale mot seg fordi han rådde kongen til å stå fast på vetoet sitt mot grunnlovsvedtaket i Stortinget, men han var optimistisk av natur og trudde nok han kunne vinne kampen. Han var dessutan fullt overtydd om at det var ei god og rettferdig sak han forsvarte: Grunnlova og maktfordelinga som grunnlovsfedrene på Eidsvoll hadde lagt opp til. Han meinte dei kreftene som nå kjempa for å endre grunnlova, var vonde og revolusjonære. «Vi staar ligeoverfor en bande, jeg siger det rent ud, af opprørere», hevda han, og han mangla så visst ikkje mot til å gå inn i striden. Strid vart det.
Stortingssesjonane i 1881, 1882 og delar av sesjonen i 1883 vart dei mest konfliktfylte i Stortingets historie. Venstresida nytta alle midlar for å gjere det vanskeleg for Selmer-regjeringa. Opposisjonen nytta ikkje minst Stortinget si løyvingsmakt til å audmjuke regjeringa mest mogeleg, og det kom til demonstrasjonar mot kongen personleg. Frontane hardna til og i staden for å mjuke opp Selmer, så gjorde hetsen han hardare og mindre kompromissvillig.
Venstre vert til
Både dei konservative og dei radikale knytte store voner til stortingsvalet i 1882. Sverdrup og dei radikale ville utsette ein riksrettsaksjon mot Selmer-regjeringa fordi fleirtalet på Stortinget var for lite til å sikre ein fellande dom. I den radikale flokken var det også ein viss skepsis til stades mot å bruke riksretten for å løyse det som eigentleg var ein politisk maktkamp.
Ein frykta også reaksjonane frå Sverige på at ein frå norsk side prøvde å endre maktforholda i unionen. Dei konservative på si side vona på å auke oppslutninga nok ved valet til å blokkere for riksrettsdom. Til og med kom kongen, Oscar II, til Noreg, og det er liten tvil om at han dreiv ein slags valkamp for Selmer.  Dei første Venstre-foreningane vart skipa framfor 1882-valet og på konservativ side vart det etablert grunnlovsforeningar - til vern om grunnlova.
Riksrettsprosess
Valet i 1882 vart ein siger for Sverdrup og opposisjonen. Venstresida auka mandattalet sitt frå 73 til 83, mens høgresida vart redusert frå 41 til 31. Det hadde som konsekvens at venstresida hadde fleirtal i Odelstinget til å starte riksrettssak mot regjeringa, og samstundes kunne venstresida fylle heile Lagtinget med sine folk, og det var folk frå Lagtinget som saman med Høgsterett som utgjorde domstolen.
Likevel var det nøling med å starte ein riksrettsprosess, og det vart utan hell prøvd å få til eit kompromiss med Selmer, og ein prøvde å få kong Oscar med på kompromiss, men Selmer fekk forhindra at kongen beit på. Både kongen og statsministeren såg at ein riksrettstiltale mot ministeriet Selmer var i kjømda, og for begge to vart dette nærast oppfatta som revolusjonær politikk.
Riksretten skulle brukast til å ta makta frå kongen. I august 1883 møttest kongen og Selmer på Sofiero slott i Skåne, og her la dei opp ein slagplan for å yte motstand mot det dei rekna med ville bli riksrettens utfall. Selmer frykta også at kongen kunne kome til å bruke denne situasjonen til å tvinge gjennom ein omfattande forfatnings- og unionsreform, og det ville han ikkje vere med på.
På 1814-grunnlovas grunn derimot, ga Selmer uttrykk for at han var villig til å oversjå ein eventuell fellande dom i riksretten, og om nødvendig nytte militærmakt til å tvinge opposisjonen i kne. Det siste trudde han ikkje var nødvendig, for venstresida ville gi seg i møte med hans faste framferd. Planen vart aldri drøfta i eit samla regjeringsmøte, men Selmer var sikker på å få støtte i regjeringa. Det skulle vise seg å bli ei feilvurdering. Han hadde ikkje spurt dei andre statsrådane, og eit fleirtal av dei ville ikkje vere med på noko som likna eit statskupp.
Sjå video frå NRK Skole om innføring av parlamentarismen og riksrettssaka:
 
Ein fellande dom
23. april 1883 vedtok Odelstinget å starte riksrettsprosess mot medlemene av ministeriet Selmer. Saka vart drøfta i åtte stortingsmøte, det lengste ordskiftet i ei einskild sak inntil då. Under avrøystinga 23. april var Sverdrup uroleg. Fleirtalet var knapt, men stort nok. Berre ein venstremann svikta. Han vart i ettertid kjent i norsk historie som Didrichsen frå Flekkefjord.
 Tiltalen var forma i fire punkt. Det første punktet galdt regjeringa si tilråding til kongen i 1880 om at han måtte nedlegge veto mot grunnlovsvedtaket i statsrådsaka. Det andre var regjeringa si nekting av å kunngjere 9. juni-avgjerda i Stortinget. Det tredje galdt bruken av veto mot ei løyving som stortingsfleirtalet hadde vedteke i juni 1882 til dei såkalla folkebevæbingssamlagene, «Venstres hær» som dei konservative kalla denne organisasjonen. Det tredje tiltalepunktet galdt ei endring som regjeringa hadde gjort i eit stortingsvedtak om kven som skulle sitje i sentralstyret for jarnbanene.
Tiltalen omfatta altså både kongens grunnlovsveto, hans veto i løyvingssaker og om han hadde rett til å nedlegge veto mot ein del av eit stortingsvedtak. Riksretten vart sett i mai 1883 og sat til mars året etter. I retten sat ni høgsterettsdommarar og 17 lagtingsmenn, av desse 15 bonderepresentantar. For Selmer og høgresida var det einaste håpet at høgsterettsdommarane med si faglege tyngde ville overtyde lagtingsrepresentantane, men det skjedde ikkje.
Alle høgsterettsdommarane både tala og røysta mot fellande dom. Det same gjorde utgreiingane frå Det juridiske fakultet. Alt i 1881 hadde Det juridiske fakultet støtta det synet Selmer hadde, og det gjorde han endå meir overtydd om at han ikkje måtte gi etter.
Den første domen kom 27. februar 1884. Då vart statsminister Selmer dømd for å ha misbrukt embetet sitt. Han vart vidare dømd til store sakskostnader. Tilsvarande dommar kom deretter mot sju andre medlemer av regjeringa, mens tre av dei slapp med bøter.
Kong Oscar II var til stades i Kristiania då dommen fall. Eigentleg skulle 27. februar vere ein festdag. Sonen til kongen, prins Carl, var 23 år, men festen vart utsett til etter klokka tolv, då Lagtinget skulle avseie dommen. Kongen kunne ikkje vere til stades i Lagtinget sjølv, men hadde ordna seg med bodbringar. Han parkerte hest og slede rett utanfor Stortinget og ga ordre til kusken om å vente.
Presis klokka tolv starta opplesinga av dommen. Samstundes small det frå Akershus festning ein festsalutt for prinsen som hadde fødselsdag. Straks dommen var lesen ferdig, styrta bodbringaren med og kasta seg i sleden og køyrde opp til slottet. Der sat kongen og venta. Han reiste straks ned til Stiftsgården, statsministerbustaden, der familien Selmer sat oppløyst i gråt. Selmer sjølv var roleg, «ja, nästan iskall förekom mig hans stolta hällning i denna svåra stund», skreiv kongen i memoarane sine.
Frykt for kupp og opprør
Mens riksretten gjekk føre seg i 1883 vart det halde mange, store folkemøte rundt om i landet, debattmøte mellom Høgre og Venstre der saka vart drøfta, og der argumentasjonen frå riksretten vart repetert av begge sidene. Møta hadde eit visst show-preg og element av underhaldning, men det gjekk knallhardt for seg, og desse og liknande møte var viktige for bygginga av partia.
Alle knep var lovlege for å vinne debattane. Før eit møte på Svelvik ved Drammen, braut det ut brann på ein gard i nærleiken av møtelokalet. Lensmannen i bygda var høgremann, og han kunne på grunn av brannen ikkje gå på møtet, men han sytte for å plukke med seg fire kjende venstremenn for å halde vakt på brannstaden. Dermed svekka han venstresida.
 I tida fram til riksrettsdommen fall, var det stor spenning. På venstresida frykta dei statskupp frå kongemakta, og på høgresida frykta dei eit venstreopprør. Det var kjent at det frå leiinga for folkevæpningssamlaga hadde gått ut ei oppmoding om at medlemene nå måtte skaffe seg ammunisjon.
Kong Oscar II vart skremt over stemninga, og han gjorde framlegg overfor Selmer om at han burde få fjerna sluttstykka på geværa som låg i dei militære depota rundt om i landet. Selmer støtta framlegget, og ordren vart gitt og utført, bortsett frå i Gudbrandsdalen, der saboterte dei saka.
Avskjed
Selmer og kongens plan om at han skulle sjå bort frå ein fellande riksrettsdom, vart det ikkje noko av. Resten av regjeringa ville ikkje vere med på noko som kunne minne om eit statskupp, og også den konservative gruppa på Stortinget rådde sterkt til at kongen måtte akseptere det som riksretten hadde kome fram til. «Ak, om alle blot vare som Selmer», skreiv kongen til hoffsjefen sin i Kristiania.
Sjølv om kong Oscar II skriftleg reserverte seg mot at dommen skulle få noko å seie for tolkinga av grunnlova, så måtte han gi Selmer avskjed. Samstundes utnemnde han Selmer til riddar av Serafimerordenen, den gjævaste svenske ordenen. «Du kan bære denne ordenen med ære», sa kongen, og Selmer tok devisa: «Cum rege pro lege et patria» (med kongen for lov og fedreland). Devisa var treffande for det Selmer sto for, men sikkert også prega av situasjonen.
Sonen til Frederik Stang, Emil Stang, som frå då av vart den leiande politikaren i det nyskipa Høgre, stilte seg like kritisk til politikaren Christian August Selmer som det far hans hadde gjort. Emil Stang sa at Selmer stolte på eit godt samvit og ei god sak og lot det stå til. Det er vel nokså dekkjande: Selmer hadde både mot og moralsk haldning, men mangla talent for det politiske spelet.
Riksrettsdommen knekte fleire av kollegane hans i regjeringa, men Selmer sjølv tok domen med stor ro. Han såg på seg sjølv som martyr for ei god sak, og ville stille seg i spissen for partiet Høgre for å kjempe mot parlamentarismen. Det fekk Emil Stang forhindra, og han fekk samstundes partiet til å godta det parlamentariske systemet, sjølv om det ennå skulle gå nokre år før det var etablert som norsk statsskikk.
Videokjelde: nrk.no http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/275954 [lesedato 12.6.13]

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 02.03.2012
Sist oppdatert: 12.06.2013