Hopp til innhold
Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Christian Homann Schweigaard

Christian Homann Schweigaard, politikar. Ordførar i Kristiania, formann i Høgre og statsminister for "Aprilministeriet" i 1884.

Christian Homann Schweigaard vart fødd i Kristiania 14.oktober 1838 og døydde 24.mars 1899.
Christian Homann Schweigaard var son av den store juristen og politikaren Anton Martin Schweigaard. Han hadde saman med Frederik Stang vore sentral i etableringa av norsk rettsvitskap og eit norsk lovverk, og han sat på Stortinget frå 1842 til 1869. Også sonen Christian utdanna seg til jurist og etablerte seg som sakførar i hovudstaden.
Eit forpliktande namn
Christian Schweigaard hadde vakse opp med politikken, og i barndomen hadde han barn av politikarar som leikekameratar. Ein av dei var Emil Stang, son til Frederik Stang. Dei venta begge til dei dominerande fedrane deira var borte før dei engasjerte seg i det politiske liv.
Schweigaard gjekk inn i kommunepolitikken. Han vart også ordførar i Kristiania, men det å heite Schweigaard forplikta eigentleg til større ambisjonar enn det, og i 1880 vart han med i regjeringa til Christian Selmer, der han sat fram til riksrettssaka i 1884.

Riksrett og partidanning
Då Christian August Selmer og dei fleste statsrådane i regjeringa hans vart frådømt embeta sine av Riksretten, skjedde det som korkje kong Oscar eller høgresida i Stortinget trudde kunne skje. Dei trudde for det første ikkje at Sverdrup og venstresida ville våge å reise riksrettstiltale og for det andre var det få som trudde dei kunne bli frådømt embetet.
Både kongen og høgresida dreiv difor nokså forsvarslause inn i det tomrommet som oppsto etter at Selmer og det meste av regjeringa måtte gå. No hadde dei to grupperingane i norsk politikk organisert seg i politiske parti. Partidanninga skjedde gradvis, men formaliseringa vart nok framskunda av riksrettssaka.
Omgrepet Venstre vart brukt om den radikale flokken rundt Johan Sverdrup alt i 1870-åra. Rundt om i landet vart det skipa lokallag av Venstre, men det var først som eit middel til å lime den radikale flokken saman om ein riksrettstiltale at Venstre-gruppa på Stortinget vart organisert i 1883. Landspartiet Venstre vart etablert året etter, i januar, mens riksretten var inne i sluttforhandlingane.
Ein motreaksjon
Høgre vart etablert som landsparti etter riksrettsdommen, og etableringa skjedde i stor grad som ein motreaksjon mot Venstre-etableringa. Dommen i Riksretten vart ein siger og ein stimulans utan like for Venstre.
For Høgre derimot var dommen eit trugsmål mot sjølve fundamentet for partiet sin politikk, den konservative kongemakta. Målet for både kongen og Høgre etter at Selmer måtte gå var difor å berge det som bergast kunne. Det skjedde ved at den eine av dei tre statsrådane i Selmer-regjeringa som berre fekk bøter i riksrettsdommen, Christian Homann Schweigaard, den 3. april vart utnemnd til ny statsminister.
Det var først og fremst leiaren i Høgre, Emil Stang, som fekk stabla denne regjeringa på beina. Emil Stang sjølv ville ikkje inn i regjeringa. Stang-namnet var framleis kontroversielt og verka mobiliserande for Venstre. Han visste nok også risikoen ved å skipe ny regjering. Sjansen var stor for ny riksrettssak og frådøming av embetet. Han ville heller ikkje rake kastanjene ut av elden for ein konge som han slett ikkje hadde særleg sans for.
Stang vart difor ein slags bakmann for dette forsøket som han kanskje ikkje trudde heilt på. Det vart noko halvhjarta over regjeringa Schweigaard. Regjeringa vart eit desperat forsøk på å vinne tid, slik at ein kunne unngå at Sverdrup kom til makta.
"Aprilministeriet"
Regjeringa Schweigaard gjorde forsøk på å kome Venstre-fleirtalet på Stortinget i møte. Forsoning etter riksrettsdommen var målet, men det gjekk  ikkje lenge før Venstre-fleirtalet tok til å truge den nye regjeringa med ny riksrettssak. Sverdrup tok også i bruk ein sovande paragraf i Grunnlova som gir Stortinget høve til å innkalle statsrådar til Stortinget for å svare på spørsmål. Etter at den første statsråden hadde møtt fram til eit slags «kryssforhøyr», fekk Christian Homann Schweigaard nok, og den 31. mai 1884 gjekk regjeringa av. Denne kortvarige regjeringa er av historikarane døypt Aprilministeriet.
Denne regjeringa verka nesten handlingslamma, og fekk lite gjort. Regjeringa rakk å avskaffe bordella i Kristiania, men det var eit vedtak som hadde lite å seie i praksis. Dei offisielle bordella var i ferd med å døy ut, men prostitusjonen held fram likevel i meir uoffisielle former. Fordi avskaffing av bordella var regjeringa si einaste store sak, vart Schweigaard-ministeriet på folkemunne også kalla «prostitusjonsministeriet».
Schweigaard sjølv var ingen sterk leiar, men fungerte som ein slags «stand in» for Emil Stang. I dei periodane Stang sat som statsminister rykte då også Schweigaard opp som formann i Høgre. Heilt fram til at Gunnar Knudsen i 1909 vart både statsminister og Venstre-formann, var det vanleg at statsministeren gjekk av som partiformann i den tida han sat som statsminister. Det var ein måte å markere at statsministeren var meir ubunden av partiet sitt.
Historikaren Jens Arup Seip meiner at dersom ein i staden for dette mellomspelet med Chr. Schweigaard hadde satsa på ei meir sentrumsprega regjering under leiing av professor Ole Jacob Broch eller Georg Sibbern, så ville sjansen for suksess ha vore vesentleg større. Johan Sverdrup hadde nemleg før Schweigaard vart utnemnd til statsminister, varsla at Broch var akseptabel.
Odelstingspresident
Etter at Schweigaard gjekk av, fekk Broch også oppdraget frå kong Oscar om å skipe ny regjering. Det skjedde 5. juni. 22. juni ga han opp. Då hadde Høgre innsett at planen om å sprenge Venstre med ei sentrumsregjering, ikkje ville lykkast. Difor torpederte Høgre til slutt Broch sitt forsøk på regjeringsdanning. Til slutt måtte altså kong Oscar II krype til korset og be Johan Sverdrup om å skipe regjering. Høgre-sida trudde ikkje det var sant, og var bitre på kongen for at han hadde gitt etter. Nils Collett Vogt fortell at far hans vart så sint på kongen at han tok portrettet av han ut av albumet sitt og slengte det inn i omnen.
Christian Homann Schweigaard vart ved stortingsvalet i 1885 valt inn på Stortinget og sat der til 1897. Han vart odelstingspresident ein periode og sat som gruppeleiar for Høgre i den tida Emil Stang var statsminister. Schweigaard sat også i partileiinga heilt til han døydde i 1899.

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 02.03.2012
Sist oppdatert: 07.06.2013