I 1861 vart Frederik Stang på nytt utnemnd til statsråd og denne gongen som førstestatsråd, den fremste av statsrådane. Det vil seie at han i praksis var regjeringssjef. Den første oppgåva han fekk var å finne ei løysing på den svensk-norske konflikten om statthaldarstillinga (statthaldarstriden).
Svenskane nekta å godta at denne stillinga skulle fjernast utan at ein samstundes fekk endra unionsavtalen i ei retning som ga svenskane større makt. Stang hadde teke over som regjeringssjef etter Christian Birch-Reichenwald, som vart avsett fordi han ikkje ville godta dei svenska krava om endring av unionsavtalen, og politisk låg det dermed i Stangs godtaking av å bli regjeringssjef, at han skulle vere mildare stemt overfor dei svenske krava. Han visste nok difor då han sa ja til oppgåva at han kom til å utfordre Stortinget og fornekte fleire av dei standpunkta han hadde hatt i yngre år. Då han sat på Stortinget i 1860, hadde han vore med på å vedta ei fråsegn til kongen om statthaldarstillinga. Fråsegna sa at først måtte statthaldaren bort, så kunne det bli forhandlingar om revisjon av unionsavtalen.
Som regjeringssjef måtte no Stang arbeide for å mjuke opp dette standpunktet. Det fekk han Stortinget med på i 1863, då tinget sa seg villig til å vere med på ein unionsrevisjon så lenge denne ikkje rokka ved jamstellinga mellom Noreg og Sverige, og retten for Noreg til fritt å kunne styre med det som ikkje var opplista i avtalen som unionelle. Det skulle likevel vise seg at då framlegget til endring av unionsavtalen kom til avrøysting i 1871, så fall det med dunder og brak. Berre 17 røysta for og 92 røysta mot. Stang hadde tapt si store sak, slik han tapte ei lang rekkje saker utover i 1860-åra.
Stang vart sitjande, trass nederlaget. Han meinte det ville smake av parlamentarisme om han skulle gå av etter eit nederlag i Stortinget. Meir og meir såg han på Stortinget som ein motstandar, og han valde seg statsrådar som såg det på same måten. Fleire gongar vedtok Stortinget å endre Grunnlova slik at statsrådane kunne få møterett i Stortinget, men no var Stang i mot og han fekk kvar gong kongen til å nekte sanksjon.
Spørsmålet om årlege storting var oppe til avgjerd i 1866, men då var det ikkje fleirtal for det, fordi bonderepresentantane av spareomsyn var imot. Stang og regjeringa derimot var tilhengarar av reforma, og i 1869 vart det fleirtal i Stortinget for årlege storting. Det korkje Stang eller andre visste var at denne reforma skulle kome til å skjerpe maktkampen mellom Stortinget og regjeringa og kongemakta endå meir. Dei årlege stortinga vart også ein hovudføresetnad for framveksten av dei politiske partia, noko Stang var motstandar av heile livet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.