Hopp til innhold
Foto:Statsministerens kontor
Foto:Statsministerens kontor
X
Innhald

Gunnar Knudsen

Gunnar Knudsen, politikar.  Den einaste med teknisk bakgrunn som har vore statsminister i Noreg. Mange reknar hans som den første landsfader.

Gunnar Knudsen var fødd 19. september 1848 på Salterød i Stokken ved Arendal i Aust-Agder og døydde på Borgestad 1. desember 1928.
 
På høgda av si makt er det knapt nokon statsminister som har vore meir politisk allmektig enn Gunnar Knudsen. Dette var i perioden frå 1913 til 1918, då Venstre hadde reint fleirtal på Stortinget.
Berre Gud sto over han, og Gud trudde han på og lydde han til, men når Gunnar Knudsen først hadde gjort seg opp ei meining var det knapt nokon jordisk skapning som kunne få han til å endre på meininga si. Han kjende det å styre landet som eit kall, og han gledde seg over makta, men misbrukte henne ikkje.
Landsfaderen
Gunnar Knudsen var vår første landsfader, og som ein patriark styrte han landet omlag som han styrte dei mange bedriftene sine. Han var nok den første politikaren heile landet vart på fornamn med. «Han Gunnar» vart han kalla langt utanfor Venstres rekkjer.
Sjå video frå NRK Skole: "Venstre er Norges eldste parti:
 
Etter Einar Gerhardsen, Johan Nygaardsvold og Gro Harlem Brundtland er det ingen som har vore statsminister fleire år enn Gunnar Knudsen. Han var den andre skipsreiaren frå Venstre som tok roret, og han var den første ingeniøren og industrireisaren som vart statsminister. I ein tidsperiode med den sterkaste industriveksten vi har hatt, var det ingen uheldig kombinasjon. Han er den einaste med teknisk bakgrunn som har vore statsminister i Noreg.
Skipsreiar
Aanon Gunerius Knudsen som var hans eigentlege namn, vart fødd på garden Salterød i Stokken ved Arendal 19. september 1848. Faren hadde etter nokre år som sjømann, sildefiskar og skipper etablert seg som skipsreiar og skipsbyggar, først på Salterød, deretter frå 1855 på Frednæs ved Porsgrunn.
Faren ville at Gunnar skulle bli jurist, og han gjekk latinskolen i Skien, men i staden vart det ingeniørutdanning med Chalmerska Högskolan i Gøteborg og seinare praktisk utdanning til skipsingeniør ved Akers mek. Verksted og ved Piles Shipyard i Sunderland i England. Han hadde også eit studieopphald i Frankrike, før han og broren Jørgen overtok både skipsbyggeriet og reiarlaget frå faren.
I 1889 skilte brødrene lag og Gunnar Knudsen vart skipsreiar, ikkje av dei største, men med ein moderne flåte. Han dreiv også med andre ting. I 1874 var han med på å starte Laugstol bruk i Skien, eit tresliperi og ein fyrstikkfabrikk. Her tok han også initiativ til å få bygd det første elektristitetsverket i Noreg. Elektristiteten hadde han tru på, og seinare vart utbygging av elkraft ei av hjartesakene hans. I elektrisitetens barndom uttalte han at det ikkje ville gå lang tid før ei husmor berre ved å skru på ein brytar kunne få ei gryte til å koke. Av den grunn vart han gjort til lått i samtida og i Aftenposten vart han kalla «Peik med stikkene».
Gunnar Knudsen var også ei drivkraft bak skipinga av Porsgrunds Porselænsfabrik i 1886, og etter at han gifta seg med Anna Sofie Cappelen, einearvingen til godset Borgestad i Gjerpen, i 1880, og kjøpte den store eigedomen av svigermor si, starta han både teglverk og chamottefabrikk (produksjon av eldfast leire) på den store eigedomen. Garden var på nesten tusen mål, og både gardsbruket og hagebruket på Borgestad vart hans store interesse.
I yngre år kjende Gunnar Knudsen seg mest knytt til Høgre, slik som faren og broren. Broren møtte på Stortinget frå 1880 som lojal støttespelar for regjeringa og seinare som høgremann. Også Gunnar Knudsen var skeptisk til Venstres hardkøyr mot regjeringa i desse åra. Frå 1892 kom han på Stortinget.
Formann i sosialkomiteen
Det som likevel fekk mest å seie for hans politiske kurs var nok deltakinga i arbeidarkommisjonen frå 1885 til 1889. Denne kommisjonen skulle utarbeide framlegg om eit lovverk for arbeidstilsyn: fabrikktilsyn, sjuke- og ulukkesforsikring, reglar for arbeidstid og liknande spørsmål.
Gunnar Knudsen kjende desse problema frå eigne fabrikkar, og det var gjennom dette arbeidet at hans sterke sosialpolitiske engasjement vart vakt. I 1894 gjorde han framlegg om å skipe ein sosialkomite i Stortinget, og han vart den første formannen i denne komiteen. Han var prinsipiell tilhengar av åttetimars-dagen, men meinte at innføringa måtte skje over tid. I eigne bedrifter innførte han likevel åttetimars arbeidsdag lenge før denne vart lovfesta.
Julaftan i 1901 kom Gunnar Knudsen med i Johs. Steen si regjering som statsråd i Stockholm, men treivst ikkje med det han kalla «dagdrivarlivet» i den svenske hovudstaden, og var glad over å kome heim att for å ta over Landbruksdepartementet og seinare også Finansdepartementet dei siste månadene av Blehr-regjeringa si funksjonstid. Han vart spurt om å sitje i Hagerup si samlingsregjering, men stilte slike krav at Hagerup avslo. Knudsen var dermed ute av aktiv politikk fram til han kom med i Chr. Michelsens regjering i mars 1905.
Gunnar Knudsen var den første Michelsen vende seg til, og spørsmålet var om han ville bli statsminister i Stockholm. Det sa Gunnar Knudsen nei til. Han ville bli finansminister, og det vart han.
I Michelsen si regjering høyrde han til dei fredsvennlege. Han meinte av det å gi frå seg grensefestningane var eit lite offer for å unngå krig. Hausten 1905 gjekk han ut av regjeringa. Gunnar Knudsen var erklært republikanar, og han reagerte på at han ikkje fekk ta ordet i Stortinget og forklare at han ikkje støtta regjeringa sitt trugsmål om å gå av dersom det vart fleirtal for republikk i folkerøystinga. Republikanar vart han resten av livet, men sjølv om han seinare hadde sine feider med kong Haakon, lærde dei to i dei vanskelege krigsåra både å respektere og setje pris på kvarandre.

Gjenreiste Venstre
Etter oppløysinga av unionen og etter det merkelege valet i 1906, det første med fleirtalsval i einmannskrinsar, sto Venstre-gruppa utan ny leiar. I dette maktvakuumet handla Gunnar Knudsen. Få hadde sett på han som den framtidige leiaren for Venstres stortingsgruppe, men han greip taumane, og det kunne han gjere utan protest fordi han vart oppfatta som ein sentrumskandidat. Målet hans var å gjere slutt på det partimessige samrøret som Chr. Michelsen sto for. Han ville gjenreise Venstre.
Knudsens sentrum av partiet og Castbergs radikale fløy fann saman i eit vedtak om reguleringa av Mjøsa, og Gunnar Knudsen nytta no same framgangsmåten som vart nytta mot Sverdrup i 1888. Stortingets Venstreforening vart nedlagt i januar 1908, og i staden skipa Knudsen ei ny forening der dei som støtta Løvland si regjering og dei som ville samarbeide med andre parti, vart haldne utanfor. På den måten «konsoliderte» han Venstre. Ei tilsvarande restituering av eit liberalt alternativ skjedde på denne tida i fleire andre land.
Under trontaledebatten i 1908 heldt Gunnar Knudsen ein tale det han varsla at partigjerda no skulle byggast opp att: «Det er aldri godt mellem naboer at gjærderne faller ned, det er bedst at holde gjærderne oppe», sa han, og sjølv om han la fram eit forslag som knapt kunne oppfattast som mistillit, så gjekk regjeringa Løvland av og Gunnar Knudsen vart statsminister.
Han var då 60 år, og i tillegg til å vere statsminister tok han ansvaret for finansdepartementet. Han prøvde å få med også dei utstøytte venstrefolka, men dette vart avvist. Dermed vart Knudsen-regjeringa avhengig av sosialistane for å få fleirtal, og dette likte han dårleg. Heile livet angra han på den splittinga som fellinga av Løvland-regjeringa skapte. På landsmøtet i Venstre i 1909 vart han vald til formann for Venstre, og det var han i 18 år, til 1927. Han var den første her i landet som kombinerte vervet som partiformann med vervet som statsminister.
Valet i 1909 vart eit nederlag for Venstre, og valkampen var bitter. Dei utstøytte hadde no skipa sitt eige parti, Frisinna Venstre. Dette partiet som Christian Michelsen hadde vore fadder til og som hadde ei lang rekkje Venstre-høvdingar med seg, framstilte seg i valkampen som dei einaste ekte venstrefolk, og valet resulterte i at Høgre og Frisinna Venstre fekk fleirtal. 1. februar 1910 var det slutt på hans første regjeringsperiode. På grunn av regelen om at medlemar av regjeringa ikkje kunne stille til val, vart ikkje Gunnar Knudsen valt inn i Stortinget i 1909. I tre år sto han utanfor.
Reint fleirtal
Ved valet i 1912 derimot vann Venstre ein av sine største valsigrar nokon gong. Årsaka var ikkje minst den innsatsen som Gunnar Knudsen la ned i valkampen. På to månader heldt han 65 foredrag rundt om i landet, frå Lofoten til Lindesnes, og med dei kommunikasjonane som var den gongen, var dette ein stor prestasjon. Venstre fekk 70 av 123 representantar og reint fleirtal.
I tillegg samarbeidde Venstre med Castbergs Arbeidardemokratane. Dette partiet som hadde  basen sin  i Oppland og hadde Johan Castberg som leiar, fekk seks mandat ved dette valet. Castberg var med i og samarbeidde med Stortingets Venstreforening, men var ikkje med i Venstre.
I slutten av januar 1913 skipa Gunnar Knudsen si andre regjering, og alt i debatten om regjeringsfråsegna gjorde Knudsen det heilt klart kva situasjonen var: «Nu har vi makten, og den skal bli brukt», sa han. Denne ytringa vakte sjølvsagt raseri i opposisjonen, men det var lite dei andre partia kunne gjere med det.
Hatkampanje
I pressa derimot, særleg i Morgenbladet og i Tidens Tegn, vart det ført ei nærast hatkampanje mot Gunnar Knudsen. Han kalla til seg redaktørane for å be dei dempe seg, og viste til dei trugande krigsskyene ute i Europa, men til inga nytte. Gunnar Knudsen hadde i det heile inga heldig hand med pressa, i motsetning til Christian Michelsen som i 1905 fekk redaktørane til å pålegge seg sjølv ein stor grad av eigensensur.
Knudsen stilte seg ofte lagleg til for hogg også. I talane sine var han nokså uvøren med formuleringane og omtrentleg med sitata, og karikaturteiknarane og vitseblada hadde ei god tid. Under krigen var det viktig å halde på nøytraliteten og regjeringa var så misnøgd med einskilde presseoppslag at justisminister Andreas Urbye i 1917 fremja eit forslag om  straff for aviser som skreiv fornærmande om dei krigførande partar. Framlegget vart forkasta og Urbye måtte gå. 
Som mange venta, skar det seg også til slutt mellom Gunnar Knudsen og Johan Castberg. Det skjedde i april 1914. Det hadde aldri vore noko godt forhold mellom dei, men dei hadde bruk for kvarandre. Då Castberg gjekk av, sa Knudsen at «nu orker jeg ikke å ta Castberg engang til inn i en regjering som jeg har med å gjøre». Knudsen kalla han både hovmodig og sjølvoppteken. Castberg skreiv på si side i dagboka si om Knudsen: «Han er til det utrolige envis og stivsindet og litet hensynsfuld mot sine kollegaer». Det skar seg då også i samarbeidet i Stortinget mellom Arbeiderdemokratane, Castbergs parti, og Venstre.
Krigsutbrot
Under trontaledebatten i februar 1914 fekk statsminister Knudsen ei oppmoding om å løyve meir pengar til forsvaret. I tilsvaret sitt kom han med dei orda som han vart mint på mange gongar seinare: «Den politiske himmel er verdenspolitisk sett skyfri i en grad som ikke har vært tilfelle på mange år».
Nokre månader seinare braut den andre verdskrigen ut. Ikkje minst Fridtjof Nansen, men også mange andre frå opposisjonspartia, kritiserte Gunnar Knudsen for denne utsegna. Dei meinte han var ansvarslaus og at han ikkje forsto alvoret. I all ettertid har då også denne utsegna hefta ved Gunnar Knudsen som eit døme på kor lite innsikt han hadde. Professor Sverre Steen skreiv fleire tiår seinare at «til denne dag har den skyfrie himmel hvelvet seg over Gunnar Knudsens minne.» Det Knudsen tenkte på når han brukte formuleringa var at det nyleg var slutt på Balkan-krigane. I den forstand hadde han rett, men sjølvsagt kan det seiast at han burde ha sett framover og ikkje berre bakover.
Nokre månader seinare, i juli 1914 brygga det nemleg klart opp til storkrig. For Gunnar Knudsen var det fast praksis å vere på segltur om sommaren om bord i båten sin, «Terje Viken».  I skipsjournalen skreiv han 27. juli: «Vi har nu været uten aviser i tre dager og stor var vår overraskelse, da vi i Langesund møttes av den nyhet at man sto på grensen av en europeisk krig».  Då fekk han også fart på seg, og to dagar etter var det regjeringskonferanse.
1. august, same dag som Tyskland gjekk til krig mot Russland, sende Noreg, Sverige og Danmark ut likelydande fråsegner om nøytralitet, men alt to dagar tidlegare vart mannskapet til kystfestningane mobiliserte.
Etterlet seg oppvask
Laurdag 1. og søndag 2. august var Knudsen heime på Borgestad, og natt til søndag ringde utanriksminister Ihlen om at no var krigen i gang. Først seint søndag kveld kom statsministeren til Oslo, og då hadde kong Haakon og resten av regjeringa alt drøfta situasjonen i fleire timar. Knudsen trudde ikkje på nokon langvarig krig, den kom til å vare høgst nokre månader, sa han, og la nok politikken opp deretter.
Det skulle vise seg å bli dyrt for landet, og det er nok på det statsfinansielle området at Gunnar Knudsen kjem dårlegast frå ettertidas dom. I stor grad var det etterkomarane hans utover i 1920-åra som måtte ta den økonomiske oppvasken.
Sjølv om han var utskjelt av opposisjonen i krigsåra, var Gunnar Knudsen populær blant folk flest. I ei vanskeleg tid var han fast og trygg og sjølvsikker. Han forsikra at han både åt godt og sov godt sjølv under dei vanskelegaste krisene. Det å kunne halde på norsk nøytralitet gjennom desse åra var heller inga lita oppgåve.
Det var liten tvil om at Gunnar Knudsen personleg støtta England og USA. Han var ein stor ven av England og hadde god kontakt med engelske politikarar, men nokon stor utanrikspolitikar var han ikkje. Derimot er han utan tvil ein av våre store sosialpolitikarar, og fleire historikarar meiner at innsatsen hans for å trekkje arbeidarane med i samfunnsstyringa, i tillegg til å lette vilkåra deira med sosiale reformer, langt på veg gjorde at vi unngjekk ein revolusjonær situasjon her i landet etter den andre verdskrigen.
Eineveldet
At han leia regjeringa nesten som ein einevaldskonge finst det mange døme på. Han hadde ein fast krins rundt seg som han rådførte seg med, men avgjerdene tok han på eiga hand. Suverent skifta han ut statsrådar han var misnøgd med, og det var langt frå alle av statsrådskifta han var like heldig med. Skifta var mange, og i 1920 var det berre Knudsen sjølv og utanriksminister Nils Ihlen att av mannskapet frå 1913.
Knudsens biograf, historikaren Per Fuglum, fortel med Jacob S. Worm-Müller som kjelde, at statsministeren nærast såg på statsrådane som «skulegutar». «Hold op med den trommingen på bordet!», skal han ein gong ha sagt til ein eldre regjeringskollega i eit førebuande statsråd. «De må tenke før De taler, statsråd», braut han ein statsråd av med ein gong, og då statsråden svara at han ikkje ville finne seg i ei slik irettesetting, svara Knudsen: «Det er mig det samme».
Dei fleste statsrådane fann seg i Knudsens leiarstil. Det var uråd å stå imot han når han ville noko. Sjølv om regjeringa hadde eit klart venstrefleirtal bak seg i Stortinget i krigsåra, så var venstregruppa langt frå samstemt. Inga regjering har vel nytta seg av fleire kabinettspørsmål enn det regjeringa Gunnar Knudsen måtte gjere, og det var kabinettspørsmål for å hindre at venstrefolk braut ut. Helge Krogh karakteriserte i 1919 Gunnar Knudsen som «den store bøigens indbegrep og princip», som «guben Noah, der røgter hele den umælende nation ganske som om den var en zoologisk have ombord paa «Terje Viken», den nye ark».
Føtene på jorda
Gunnar Knudsen var ingen ideolog. Han var ein pragmatisk praktikar, men ein som likevel hadde klare mål med politikken sin.  Halvdan Koht skriv om han: «Han stod med begge føtter plantet i jorden, han regnet med de virkelige forhold, og han brydde sig ikke om annen politikk enn den som tok sikte på virkeliggjørelse».
Som talar var han også kvardagsleg og jordnær, utan dei store faktene, men han var uvøren med det han sa. Han var ingen taktikar, men snakka rett frå levra. Gunnar Knudsen var ein religiøs mann, og Per Fuglum meiner han hadde ein religiøs kallstanke som kom til å prege gjerninga hans som statsminister. Knudsen sjølv har også skrive at han trur det var ei høgare makt som held handa si over Noreg både i krigsåra og i 1814 og 1905.
Venstre tapte valet i 1918. Partiet vart nesten utradert i byane, og det var ikkje minst krigens reguleringspolitikk, språksak og fråhaldssak som var årsaka. Dette valet markerer også slutten på Venstres fleirtalsposisjon og det er starten på meir enn 20 år med mindretalsparlamentarisme.
Vegmillionen
Gunnar Knudsen ønskte å gå av etter valnederlaget, men det viste seg at det var ingen som ønskte å ta over regjeringsmakta. Også Christian Michelsen prøvde seg, men mislykkast. Knudsen måtte difor halde fram, men han sa tvert nei til regjeringssamarbeid med nokon til høgre for Venstre.
I juni 1920 gjekk Gunnar Knudsen mot å auke løyvingane til vegbygging med ein million kroner, og han stilte kabinettspørsmål på «vegmillionen». Dette gjorde han sjølv om han visste at også tre av eigne partifeller, i tillegg til heile opposisjonen ville vere med på å felle han.
Han kjende seg nok trøytt og sliten, og var ikkje lei seg for at han vart kasta. Han såg kanskje også dei problema som no tårna seg opp i kjølvatnet av krigen. Han var 72 år og ein gamal mann. Etter å ha gått av tok han plass i Stortinget og vart Venstres parlamentariske leiar, men han stilte ikkje til attval i 1921. Han vart spurt om å bli statsminister då regjeringa Halvorsen gjekk i 1921, men då sa han nei. Han trekte seg ut av det parlamentariske liv, men deltok i politikken gjennom vervet som som formann i Venstre fram til 1927.
1. desember 1928 døydde han av hjerneblødning i heimen sin på Borgestad. Ved det kapellet han fekk bygd, Borgestad kapell, ligg han også gravlagd.
Videokjelde: nrk.no http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/281881 [lesedato 12.6.13]

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012


Sist oppdatert: 12.06.2013