Hopp til innhold
Foto:Statsministerens kontor
Foto:Statsministerens kontor
X
Innhald

Jan P. Syse

Jan P. Syse, politikar. Statsminister 1989-1990 og formann i Høgre.

Jan P. Syse vart fødd 25.november 1930 på Nøtterøy i Vestfold og døydde 17.september 1997.
Jan P. Syse var nok ikkje påtenkt som statsministerkandidat for Høgre, men det skulle vise seg at han hadde betre eigenskapar som samarbeidsarkitekt enn det både hans eige parti og andre parti hadde tenkt seg. Det var Rolf Presthus som var påtenkt til å ta arven opp etter Kåre Willoch og bli den neste statsministeren frå Høgre. I altfor sterk grad vart han pressa fram av sine eigne. Det forsøket han gjorde på å gjenerobre regjeringsmakta frå Arbeidarpartiet enda då også i ein fiasko. Noko seinare døydde Rolf Presthus, og Jan P. Syse vart ein naturleg arvtakar både som partiformann og som statsministerkandidat.
Ein forhandlar
Langt tidlegare hadde Syse på ein måte teke over stafettpinnen etter John Lyng når det galdt å skape vilkår for eit borgarleg samarbeid. I åra 1975 til 1979 var Syse medlem i finanskomiteen, og det var ikkje minst i denne komiteen, i samband med felles merknader frå dei borgarlege partia til revidert nasjonalbudsjett, statsbudsjett og langtidsprogram at det vart mogeleg å bygge bru over kløfta frå EF-striden i 1972.
Det var partileiarane og samarbeidsinteresserte personar utanfor Stortinget som braut isen og snakka saman først, men det var i finanskomiteen at dei tre partia snikkererte saman formuleringar som dei kunne stå for i fellesskap. Ingen var betre til slikt enn Jan P. Syse. Han hadde tolmod og ei pragmatisk legning som gjorde han til ein framifrå forhandlar i slike situasjonar. Dessutan var han ein omgjengeleg og likandes kar.
Nytt samarbeid
Gjennom desse åra fram til 1981 vart det, stein for stein, lagt eit grunnlag for det samarbeidet som skulle utvikle seg mellom Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet frå 1981 og i fem år framover. Etter valet i 1981 vart Syse leiar i finanskomiteen. Han hadde nok helst sett at han hadde blitt statsråd i den første høgreregjeringa sidan 1928, men Kåre Willoch ville ikkje svekke stortingsgruppa for mykje. Han meinte dessutan det var viktig å ha ein tung politikar i leiarposisjonen i finanskomiteen.
Det viste seg då også at han gjennom si røynsle som forhandlar og gjennom den tilliten i dei to andre partia som han hadde bygd opp, greidde å sno mindretalsregjeringa Willoch sine budsjett igjennom. I 1983 derimot, når regjeringa vart omdanna og både Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet kom med, vart Jan P. Syse utnemnd til industriminister. Det var den statsrådposten han helst ville ha, og som han meinte han hadde gode føresetnader for med si utdanning og sin bakgrunn frå næringslivet.
Parlamentarisk leiar
Ei rekkje store saker fekk han i fanget som industriminister. Den vanskelegaste var nok spørsmålet om å bygge eit ilmenittsmelteverk i Tyssedal. Stortinget hadde tidlegare lova Tyssedal erstatning for arbeidsplassar som hadde gått tapt ved at den gamle aluminiumsfabrikken måtte legge ned. Fleire alternative industriproduksjonar vart drøfta, også modernisering av aluminiumsverket, men ein fall til slutt ned på eit ilmenittsmelteverk. Det vart ei dyr løysing for staten, først og fremst på grunn av teknisk svikt, men det kunne neppe Syse lastast for.
Han likte seg svært godt i Industridepartementet, og då han etter valet i 1985 måtte gå tilbake til Stortinget for å bli parlamentarisk leiar i Høgre, heitte det seg at Syse nærast måtte slepast i lenkjer tilbake til Stortinget. Han vart parlamentarisk leiar i partiet fram til han vart statsminister i 1989.
Ein talekunstnar
Jan P. Syse var ein av dei fremste talarane på Stortinget i nyare tid. Som få andre arbeidde han med formuleringane sine, og han hadde eit stort arsenal av gode historier og gode sitat. Han las mykje og var ein hund etter gode formuleringar. Sjølv var han også ein formuleringskunstnar. «De stjal våre klær mens vi badet», sa Syse om Arbeidarpartiet som hadde gjort mange av Høgres fanesaker til sine. Mange slike formuleringar vil leve etter han.
Alt i ungdomen vart han politisk aktiv, og alt på den tida arbeidde han med talekunsten sin. Han gav ut boka «Foreningsledelse og talekunst» Saman med m.a. Kåre Willoch var han også  sentral i utforminga  av Høgre sitt forslag om «Selveierdemokratiet», eit opplegg for at tilsette skulle kunne få innverknad i bedriftslivet gjennom kjøp av aksjar i dei bedriftene dei var tilsette i.
I studietida var han formann i Studentersamfunnet. Seinare var han formann i Unge Høgre. I mange år var han også formann i Oslo Høyre. For dei som ikkje kjende han, kunne nok Jan P. Syse verke heller arrogant, men det var han ikkje. Tvert om, han var godt likt i alle politiske leirar i Stortinget. Meir enn dei fleste i samtida si var Jan P. Syse ein ideologisk politikar. I det nordiske samarbeidet var han også sentral og sat som president i Nordisk Råd i fleire periodar
Ei vanskeleg tid
Etter Willoch-regjeringa sitt fall i 1986 gjekk partiet Høgre inn i ei særs vanskeleg tid. Høgre fall av høgrebølgja, og i staden vart det Framstegspartiet som reid vidare. Det viste seg at Carl I. Hagen på ingen måte tapte på å felle regjeringa. Frå valet i 1985 til 1989 auka partiet frå 3,7 til 13 prosent. Det var likevel stor misnøye på grunnplanet i Høgre mot at Arbeidarpartiet sat med regjeringsmakta trass i at det var eit borgarleg fleirtal på Stortinget.
Alt i debatten om regjeringsfråsegna til Brundtland-regjeringa i mai 1986, vart det frå den parlamentariske leiaren i Høgre, Jan P. Syse, varsla at det skulle bli «høstjakt» på den nye regjeringa. Det vart partileiaren Rolf Presthus som fekk hovudansvaret for forhandlingar med dei andre borgarlege partia, men det gjekk tregt.
Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet hadde ikkje lyst til å binde seg på nytt. To av medlemene i Senterpartiets gruppe, Lars Velsand og Ragnhild Queseth Haarstad, var dessutan skeptisk til at Sp skulle vere med i ei ny borgarleg regjering, og dei kunne berre godta mistillitsforslag mot Gro-regjeringa som var knytt til ei konkret sak. Eit generelt mistillitsforslag ville dei ikkje vere med på. Det vanskeleggjorde heile prosessen, men til slutt fann ein ut at det skulle rettast mistillit mot regjeringa på grunn av framlegget til landbruksavtale. Høgre, KrF og Senterpartiet ville auke ramma i jordbruksavtalen.
Både tidlegare statsminister Kåre Willoch og stortingspresident Jo Benkow åtvara mot å stille mistillitsforslag på jordbruksavtalen, men nådde ikkje fram. Det enda med at Carl I Hagen på direkten i Dagsrevyen 11. juni 1987 kunne fortelje at meir pengar til bøndene ville ikkje han vere med på. Dermed vart det heller ikkje fleirtal for nokon mistillit. For Rolf Presthus som partileiar vart dette hans store nederlag, og Høgre gjorde då også eit dårleg kommuneval den hausten.
Ny partileiar
Rolf Presthus hadde eit kraftig press mot seg og første nyttårsdag 1988 kom meldinga om at han var død av hjerneslag. Jan P. Syse tok på landsmøtet nokre månader seinare over som partileiar. Sterke krav melde seg i partiet om at Høgre nå heller enn å samarbeide med sentrum, burde inngå samarbeid med eit sterkt veksande Frp. Syse avviste dette. Han visste at Høgres einaste sjanse til regjeringsmakt låg i eit breiare ikkje-sosialistisk samarbeid, og det ville bli uråd om Høgre hadde noko med Frp å gjere.
Trass i den gigantiske fiaskoen for borgarleg samarbeid  i juni 1987, makta likevel Høgre, KrF og Sp å utarbeide ei felles fråsegn på 22 punkt på vårparten i 1989, i samband med innstillinga om regjeringa sitt langtidsprogram. Dei kunngjorde at dersom dei kom i posisjon til det etter valet, så ville dei forhandle om å skipe regjering.
Ved valet gjekk Arbeidarpartiet kraftig tilbake. Også Høgre fekk stor tilbakegang. Vinnarane var Framstegspartiet og SV. Høgre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Frp hadde 84 mandat, Ap og SV hadde 80 og Aune-lista frå Finnmark hadde eitt mandat.
Nøkkelspelaren
I dagane etter valet vart det ført uformelle møte om skiping av ei borgarleg regjering, og ei veke etter valet starta formelle forhandlingar mellom Høgre, KrF og Sp på Lysebu. Det vart svært vanskelege forhandlingar, og Jan P. Syse spelte igjen ei nøkkelrolle for å få til semje.
Carl I. Hagen gjorde det klart at han ville sjå på Frp som eit opposisjonsparti om han ikkje fekk innverknad på den politikken regjeringa skulle føre. Både KrF og Sp var absolutt imot å ha noko med Framstegspartiet å gjere. Dei meinte at Jan P. Syse hadde for mykje kontakt med Hagen. Den vanskelegaste saka vart likevel spørsmålet om korleis Noreg skulle ordne seg for ikkje å bli stengt ute frå den indre marknaden i EF. Til slutt vart dei samde om ei formulering som sa at «det er Regjeringens mål å bidra til et utvidet samarbeid i Europa, både når det gjelder samarbeid mellom øst og vest og i forbindelse med EFTA/EF-prosessen og tilpasningen til EFs indre marked».
Regjeringssjef
Det var ikkje så mange på førehand som hadde trudd at dei tre partia skulle bli samde om noko som helst når det galdt EF, men på dette tidspunkt var det i alle fall nok til at dei skipa regjering saman. Høgre fekk ni medlemar i regjeringa, inkludert statsminister Jan P. Syse, Kristeleg Folkeparti fekk 5 statsrådar og Senterpartiet fekk fem.
Sjå video frå NRK skole, frå 16.10.1989:
 
Når Senterpartiet gjekk med på å skipe regjering, låg det nok under eit ønskje om å ha ein viss kontroll over forhandlingane mellom EF og EFTA om ein EØS-avtale. I opposisjon ville Sp vere makteslaus i den prosessen som nå skulle gå føre seg, men i regjering kunne Sp ha veto. 
For Høgre var det viktig å kome inn i regjeringskontora for å kunne snu den økonomiske politikken i retning større vekst, og KrF ville gjerne ha større innverknad på familie- og sosialpolitikken. Alle hadde difor gode grunnar. Trass i at regjeringa ikkje sat så lenge, fekk ho gjort mykje.
Den viktigaste saka var kanskje at Senterpartiets energiminister Eivind Reiten la fram den nye energilova som liberaliserte heile energimarknaden. Det skulle likevel vise seg at det vart forholdet til EF som vart regjeringa si bane, men denne gongen skjedde det i ryddigare former enn då Borten-regjeringa gjekk av.
EF-striden
Sommaren 1990 vart det blåse nytt liv i «Nei til EF», og det vart tydeleg at kampen snart var i gang. Alle såg at det stunda mot ein ny folkeavstemming.  For Senterpartiet vart det då viktig å frigjere seg frå dei bindingane som regjeringssamarbeidet ville gi, for på den måten å kunne gå i front i kampen mot norsk EF-tilnærming.
Den utløysande saka som vart vald, var dei nødvendige endringane som måtte gjerast i den norske industrikonsesjonlova. Slik ho var, favoriserte ho norske selskap og norske eigarar. Ho måtte gjerast ikkje-diskriminerande i høve til nasjonalitet, og dette sa Sp nei til.
Statsminister Syse sin posisjon vart i sluttfasen av regjeringas liv også svekka av ei mediekampanje mot han som grunna seg i at han som styreformann for gardselskap i Oslo ikkje hadde levert inn rekneskap tidsnok til Brønnøysund-registeret. Saka vart granska av ein skattejurist som konkluderte med at det ikkje var alvorlege feil Syse hadde gjort seg skuldig i, men Arbeidarpartiet kravde ein eigen «granskingskommisjon» og at saka skulle drøftast i Stortinget. Dette fall bort etter at Syse gjekk av.
Også media gjorde nok denne saka vesentleg større enn ho i realiteten var, til tider hadde oppslaga i nokre av avisene eit visst preg av personforfølging, og dette vart ei vanskeleg tid for Syse og familien hans. Det at han verka noko famlande i starten av denne saka, gjorde nok også sitt til at ho vart framstilt i media verre enn det viste seg at ho var.
Regjeringskrise
Utløysande for regjeringskrisa var likevel EF-saka. Senterpartiet ville ut, og då spørsmålet var om den avgådde regjeringa kunne erstattast av ei rein Høgre-regjering, så sa både KrF og Frp ja, men Senterpartiet ville heller ha ei Arbeidarparti-regjering. 3. november 1990 gjekk Syse av og Gro Harlem Brundtland tok over. Den avgåande statsministeren hadde ikkje fått vite på førehand kva standpunkt Senterpartiet hadde, og det gjekk hardt innpå han at han måtte sjå Dagsrevyen for å få vite at Senterpartiet valde Ap.
Sjølv gjekk han tilbake til Stortinget, der han sat til 1997. 17. september det året døydde han av hjernebløding.
Videokjelde: nrk.no http://www.nrk.no/skole/klippdetalj?topic=nrk:klipp/278575 [lesedato 12.6.13]

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 01.03.2012
Sist oppdatert: 12.06.2013