Inga regjering til då hadde hatt eit svakare parlamentarisk grunnlag. Det vart Peder Kolstad sin tillit i resten av stortinget som vart utslagsgivande, og 12. mai 1931 vart han utnemnd til statsminister. Til og med Arbeidarbladet skreiv pent om han, og gjorde det klart at hadde partiet valt Hundseid ville det ha vore som ei krigserklæring. Kolstad derimot vart oppfatta som meir «tverrborgarleg» enn Hundseid. Den store politikaren var han nok ikkje, men solid og omgjengeleg og til å stole på.
Det å leie ei regjering med så svak basis i Stortinget og med så mykje konflikt og uro i samfunnet rundt, vart litt av eit blodslit for Kolstad. Han var ikkje berre statsminister, men også finansminister, og svært mykje av det kontorarbeidet som følgde med dei to stillingane, måtte han utføre sjølv. Tidlegare statsministrar som Mowinckel eller Ivar Lykke, kunne hyre ein sekretær av eiga kasse for å hjelpe seg. Noko slikt hadde ikkje Kolstad råd til. Mykje sjuk var han også. Han hadde migrene og var plaga av dårleg hals og av at han ikkje fekk sove.
Kolstad var pessimist av natur, og han innretta seg alltid på at ting kunne gå gale. Han meinte at det var i motbakke ein kunne vise kva ein dugde til. For mykje medvind var skadeleg både for kropp og sjel. Mange meinte at det var den reine barkebrødmoralen han forkynte, men runnen som han var av det gamle bondesamfunnet i Østfold, var det nøysemd og sparsemd han var oppteken av. Det kom også klart til syne i det første budsjettet som Bondeparti-regjeringa la fram. Der var sparekniven nytta så godt det lot seg gjere.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.