Hopp til innhold
X
Innhald

Tab. 7: Norske statsministrar, utdanning og yrke

Utdanningsnivået for norske statsministrar varierer mykje. Ein kan heller ikkje gjennom formell utdanning kvalifisere seg spesielt til det å vere statsminister.

Johan Nygaardsvold, Einar Gerhardsen og Trygve Bratteli hadde folkeskule og erfaring frå fysisk arbeid. Oscar Torp gjekk på kveldsskule og vart elektrikar. Statsministerskulen for dei vart partiet. Odvar Nordli var den første statsministeren for Arbeidarpartiet som hadde eksamen artium, og Gro Harlem Brundtland den første akademikaren. Alle statsministrar etter 1981 har hatt utdanning på universitetsnivå. Det er truleg uttrykk for ein trend.

Juristar:

Av statsministrane på 1800-talet var det berre Johannes Steen som ikkje var jurist. Til saman har 11 av dei 35 statsministrane vore juristar: Frederik Stang, Chr. Aug. Selmer, Chr. H. Schweigaard, Johan Sverdrup, Emil Stang, Francis Hagerup, Otto Blehr, Chr. Michelsen, Otto B. Halvorsen, John Lyng og Jan P. Syse.

Lærarutdanna:

Johannes Steen (cand. philol), Jørgen Løvland (seminar), Abraham Berge (lærar og lensmann), Wollert Konow

Militærutdanna:

Jens Bratlie (general)

Landbrukshøgskoleutdanna:

Peder Ludvik Kolstad, Jens Hundseid, Per Borten, Lars Korvald

Økonomiutdanna:

Kåre Willoch (cand. oecon.), Thorbjørn Jagland (exam. oecon.), Odvar Nordli (revisor), Jens Stoltenberg (cand. oecon.)

Samfunnsvitskap:

Erna Solberg (cand.mag. med faga sosiologi, samanliknande politikk, statistikk og sosialøkonomi)

Lege:

Gro Harlem Brundtland (cand. med.)

Prest:

Kjell Magne Bondevik (cand. theol.)

Handel og industri:

Gunnar Knudsen (ingeniør, skipsreiar), Johan Ludw. Mowinckel (handelsutdanna, skipsreiar), Ivar Lykke (handelsutdanna)

Folkeskule m.m.:

Chr. Hornsrud (handelsmann, bonde), Johan Nygaardsvold (sagbruks- og teglverksarbeidar), Einar Gerhardsen (vegarbeidar), Trygve Bratteli (bygningsarbeidar), Oscar Torp (elektrikar)
Berre ein av dei norske statsministrane har vore ugift. Det var Jens Bratlie, statsminister 1912-1913.

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 28.02.2012
Sist oppdatert: 01.03.2017