Hopp til innhold
X
Innhald

Nobelkomiteen

Nobelkomiteen eller Den norske Nobelkomite har etter Alfred Nobels testament hatt ansvaret for å dele ut Nobels fredspris sidan 1901.

Komiteen heitte Det norske Stortings Nobelkomité fram til og med 1976.

Dei fem medlemene som vert valde for seks år, vert peikte ut etter styrken partia har på Stortinget. Regjeringsmedlemmer og stortingsrepresentantar kan ikkje veljast. Komiteen vel sjølv leiar og nestleiar.

Leiar sidan 2017 er Berit Reiss-Andersen.

Leiar i Nobelkomiteen, Thorbjørn Jagland, deler ut Nobels Fredspris til presidenten i USA, Barack Obama, i 2009. Foto: Erik F. Brandsborg, CC BY 2.0

Dåverande leiar i Nobelkomiteen, Thorbjørn Jagland, deler ut Nobels Fredspris til presidenten i USA, Barack Obama, i 2009. Foto: Erik F. Brandsborg, CC BY 2.0

Peikarar

Nettstaden til Den Norske Nobelkomité

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.09.2012
Sist oppdatert: 20.09.2019