Hopp til innhold
X
Innhald

Regjering

Regjering er leiinga for den utøvande makta i eit land. I Noreg vert regjeringa leidd av statsministeren med statsrådane som medlemer.

Som Kongens råd utøver regjeringa den makta som i Grunnlova er tillagd Kongen: Kongen i statsråd. Dei skiftande regjeringane får namn etter statsministeren.
Det er tradisjon at alle nye regjeringar og nye statsrådar møter folket på slottsplassen. Her er Inga Marte Thorkildsen, Jens Stoltenberg, Bård Vegar Solhjell og Heikki Holmås utanfor slottet etter statsråd, 23.mars 2013. Foto: Statsministerens kontor, flickr.com CC BY 20

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 14.09.2012
Sist oppdatert: 06.10.2016