Hopp til innhold
Logoen til Europarørsla (Europabevegelsen). Kjelde: Europabevegelsen Norge, flickr.com. CC BY-NC 2.0.
Logoen til Europarørsla (Europabevegelsen). Kjelde: Europabevegelsen Norge, flickr.com. CC BY-NC 2.0.
X
Innhald

Europarørsla

Europarørsla er ein politisk organisasjon som arbeider for eit samla Europa og norsk medlemskap i EU. Organisasjonen var sentral på ja-sida før folkerøystingane i 1972 og 1994.

Europarørsla vart skipa i 1949 som Europabevegelsens norske råd, året etter at den «europeiske» Europarørsla vart skipa. Den første leiaren (1949–56) var stortingsrepresentant og redaktør Herman Smitt Ingebretsen (Høgre). Frå 1965 tok dei namnet Europabevegelsen i Norge. Frå 2017 er Heidi Nordby Lunde leiar og Fredrik Mellem generalsekretær. Ungdomsorganisasjonen deira er Europeisk Ungdom.

Europarørsla var aktive både i tida før folkerøystinga om EF-medlemskap i 1972 og før røystinga om EU-medlemskap i 1994. I 1994 hadde organisasjonen om lag 35 000 medlemer, drygt 100 000 færre enn hovudmotstandaren Nei til EU. Etter folkerøystinga fall medlemstalet mykje, og i 2017 skal medlemstalet ha vore nede i under 2300, i 2019 oppgir nettsidene deira at dei har 14 lokal- eller regionlag.

Før folkerøystinga i 1994 var medlemer også aktive i eller samarbeidde med meir kampanjeretta organisasjonar og aksjonar, til dømes Fra nei til ja (for dei som hadde skifta standpunkt sidan 1972) og seinare også med Kysten inn i EU og Radikalt Europa (begge skipa i 2004).

Europarørsla er ein tverrpolitisk organisasjon. Blant leiarane og generalsekretærane finn vi ei rad kjende politikarar, særleg frå Arbeidarpartiet og Høgre. Ifølgje det gjeldande programmet er Europarørsla uroleg over det dei omtaler som nasjonalisme, separatisme og skepsis til etablerte parti og politikarar, både i Noreg og i EU-landa. Vidare meiner dei at utfordringar knytte til miljø og migrasjon tvingar fram at statar må vera villige til å gi frå seg meir av retten til å fastsetje eigen politikk. Det vert ofte kalla overnasjonalt styre.

Europarørsla ser på EU som ei stabiliserande kraft i Europa og som ein pådrivar for regional og global utvikling. Dei ønskjer å vere garantisten for EØS-avtalen og pådrivar for full medlemskap i EU, og dei forsvarer EØS-avtalen mot Nei til EU og andre EU-motstandarar. Likevel meiner dei at denne avtalen ikkje gir påverknadskraft overfor EU og føretrekkjer full EU-medlemskap framfor EØS-tilknyting. Ifølgje Europarørsla gir norsk EU-medlemskap påverknadskraft i EU.

 

Kjelder

Anders Todal Jenssen ofl.: Medlemsundersøkelsen. Holdninger og sosial bakgrunn blant medlemmer i Nei til EU, Europabevegelsen og Sosialdemokrater mot EU. Dokumentasjon. Trondheim 1994

Europabevegelsen i Norge: Med hjerte for Europa: Europabevegelsen gjennom 60 år. Oslo 2009

Marianne Ryghaug og Anders Todal Jenssen: Den store styrkeprøven. Om EU-avstemningen i norsk politikk. Sluttrapport fra Folkeavstemningsprosjektet. Trondheim 1999

 

Europabevegelsen i Norge: «Europabevegelsens politiske program 2017–2019», europabevegelsen.no, publisert 2017: http://www.europabevegelsen.no/wp-content/uploads/2014/06/Europabevegelsens-politiske-program-2017-2019.pdf

 

Peikarar

Europabevegelsen, YouTube-kanal, youtube.com

Nettsida til Europabevegelsen i Norge, europabevegelsen.no

Nettsida til European Movement International, europeanmovement.eu

Nettsida til Europeisk Ungdom, europeiskungdom.no

Noora Duus Rodin: «Norsk demokrati er sterkest gjennom EU», morgenbladet.no

Først publisert: 29.05.2020
Sist oppdatert: 29.05.2020