Hopp til innhold
Logoen til Med Israel for fred. Kjelde: MIFF.
Logoen til Med Israel for fred. Kjelde: MIFF.
X
Innhald

Med Israel for fred (MIFF)

Med Israel for fred vart skipa i 1978 for å skape sympati for Israel og jødane. Organisasjonen har vakse i medlemstal og engasjert seg i nordiske granneland og i internasjonale nettverk av israelvener dei seinare åra.

Organisasjonen Israel for fred støttar Israel og vil at landet skal vere ein jødisk stat, med særrettar for denne folkegruppa. Det siste er eit sentralt punkt i det som vert kalla sionisme. I vedtektene heiter det: «MIFF støtter det jødiske folkets rett til et nasjonalt hjemland i Israel». Organisasjonen er motstandar av at palestinske flyktningar (drivne ut då Israel vart oppretta i 1948), skal få kome attende. Dei meiner at det vil gjere slutt på Israel som jødisk stat.

MIFF ønskjer at Israel skal vere ein stat med fulle demokratiske rettar for jødar, men langt færre rettar for folk med palestinsk bakgrunn. Til dømes kan jødiske eller palestinske borgarar i Israel ikkje stille til val for parti som vil gi same rettar til alle. Jødar med slekt som ikkje har budd i regionen på hundrevis av år, kan fritt flytte dit, medan palestinarar som flykta då Israel vart til (1948), ikkje kan vende attende. Slike statar vert kalla etnokratiske statar.

Generalforsamlinga i MIFF vel hovudstyre, som peikar ut redaksjon for medlemsbladet Midtøsten i fokus og driv nettstaden miff.no. MIFF driv òg den største israelsida i Norden på Facebook, skipar konferansar, driv påverknadsarbeid og organiserer studieturar til Israel. Organisasjonen har vakse til over 11 000 medlemer i Noreg, fordelt på 31 lokallag, frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør.

I dei seinare åra har MIFF arbeidd internasjonalt. Frå 2015 har dei vore aktive i den europeiske israelalliansen. I 2018 gav dei ein organisasjon for israelvener i Danmark og nettsider for denne organisasjonen som gåve til Israel på 70-årsdagen. I 2019 gjorde dei likeins på vegner av islandske israelvener.

MIFF samlar inn pengar til informasjon om og for Israel og det jødiske folket. Grunngivinga deira er eit ønske om å hindre at norske borgarar vert forvilla av det MIFF meiner er hets mot Israel og jødane. Våren 2019 arrangerte nettstaden deira ei avrøysting om kven i Noreg som skapte mest falske bilete av Israel. Lækjaren Mads Gilbert, som er internasjonalt kjend for medisinsk innsats på palestinske sjukehus medan Israel bomba Gaza, «vann» røystinga.

MIFF støttar utan synlege atterhald israelske militære aksjonar mot palestinarane eller mot granneland som Libanon eller Syria. Organisasjonen vert rekna som nokså ytterleggåande og vert kritisert for å tolke det meste av israelkritikk som antisemittisme.

 

Kjelder

Ilan Pappe: Ten Myths About Israel. London 2017

Klaus Michael Mallmann og Martin Cüppers [MIFF]: Halvmåne og hakekors. Arabernes og nazistenes allianse. Oslo 2013

Med Israel for fred: Årsrapporter for 2018 og 2019

Norman Finkelstein: Til Israels forsvar? Om historieforfalskning og misbruk av antisemittismebegrepet. Oslo 2007.

Ole Kjetil Bø: «Israels venner. En komparativ studie av tre kristne israelsorganisasjoners syn på landløftet og dets politiske implikasjoner», masteroppgåve. Oslo 2013

 

Peikarar

Trym Mogen: «TV2-Græsvik mener MIFF ikke bør få slippe til i det offentlige rom: Jeg går hardt ut mot de som mener jeg lyver», dagbladet.no

Norge i dag: «Med Israel for Fred med dansk fotfeste», idag.no

Andrea Rygg Nøttveit: «Operasjon Dagsverk vert kalla antisemittar, jødehatarar og nynazistar», framtida.no

Ole Gunnar Onsøien: «Ni aviser klagd inn til PFU for Med Israel for Fred-annonse: – De setter jentenes (12 og 17) liv i fare», medier24.no

Med Israel for fred, YouTube-kanal, youtube.com

Nettstaden til European Alliance for Israel, europeanallianceforisrael.org

Nettstaden til Med Israel for fred, miff.no

Først publisert: 26.02.2020
Sist oppdatert: 26.02.2020