Faktaboks

Nei til EU

NTEU

Organisasjonstype
Forening/lag/innretning
Forretningsadresse
Oslo
Stifta
31.12.1990
Dagleg leiar
Kjell Sjøli Arnestad
Styreleiar
Einar Frogner
Nei til EUs logo
Nei til EU.

Nei til EU er ein tverrpolitisk organisasjon mot norsk medlemskap i EU og EØS. Dei mobiliserte til siger i folkeavstemminga om EU 28. november 1994 og er blant dei største frivillige politiske organisasjonane i norsk historie.

Historikk

Roy Pedersen
Roy Pedersen var leiar i Nei til EU frå 2020 til 2022. Her på landsmøtet der han blei vald til leiar.
Av .

Frå slutten av 1980-åra vart norsk medlemskap like omstridd som ved folkeavstemminga i 1972. Striden leidde til den største folkemobiliseringa i norsk historie. Her spela Nei til EU ei nøkkelrolle. Dei skapte ei sterk og tverrpolitisk organisering, utfordra ja‑dominerte medium, hindra at fagrørsla LO vart ein viktig ja‑organisasjon (slik ho var i 1972), dreiv ein massiv informasjonskampanje og mobiliserte for nei‑fleirtal ved folkeavstemminga i 1994.

Organisering

Nei til EU vart skipa som Opplysningsutvalet om Noreg og EF i 1988, men endra seinare namnet til Nei til EU. Dataprofessoren Kristen Nygård var leiar fram til 1995. Personar frå tidlegare nei‑rørsler frå 1960-åra (til dømes Aksjon mot medlemskap i Fellesmarkedet, 1961) og 1970-åra (til dømes Folkerørsla mot EEC, 1970), var med frå starten. Mange EU‑motstandarar i Arbeidarpartiet var med i NTEU, men dei hadde òg ein eigen organisasjon, Sosialdemokratar mot EU (SME, 1993) som samarbeidde med Nei til EU. Folkeavstemminga om medlemskap i EU hausten 1994 var den andre folkeavstemminga om dette spørsmålet, den første var i 1972.

I 1994 hadde NTEU 140 000 medlemer og hadde lokallag i alle kommunar. Dei var aktive for å få LO‑kongressen i 1994 til å seie nei til EU. Kongressen er det høgaste organet i LO. Før folkeavstemminga spreidde dei Lesebok 1994, med bidrag frå mange av dei mest kjende forfattarane i Noreg, og kampanjeavisa Standpunkt til nesten alle postkasser. Vidare organiserte dei Aksjon Frammøte for å sikre høg deltaking og nei-fleirtal. Det siste var særleg viktig for deltakinga i nei‑distrikta langs kysten, som kunne vere truga av dårleg vêr i slutten av november. Medlemstalet fall sterkt etter 1994, i 2023 hadde dei kring 20 000 medlemer. NTEU har framleis fylkeslag i alle fylke, men langt færre lokallag enn i 1994.

EØS

NTEU tok stilling mot EU‑tilpassing og dreiv kampanjar mot medlemskap i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS). EØS‑avtalen gjer at Noreg er med i den indre EU‑marknaden frå 1994 og må følgje mange tusen EU‑reglar dersom Stortinget ikkje aktivt set seg imot det. Det siste har stortingsfleirtalet vore sterkt imot å gjere. Eit mindretal i NTEU var EØS-tilhengjarar. Frå 2010 har NTEU skjerpa EØS-kritikken og støtta ein veksande EØS-opposisjon i LO.

NTEU hevdar at EØS fremjar privatisering og utanlandske oppkjøp og undergrev norske tariffavtalar mellom arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane. Dei meiner òg at EØS-medlemskap gir lettare innpass for arbeidslivskriminalitet i Noreg. NTEU har vore sentrale i forsøka på stoppe EU‑tilpassingar, til dømes deltaking i EU sine samarbeid om jernbane- og energipolitikk. Nei til EU meiner at EU‑tilpassingane reduserer verdien av røystesetelen og undergrev demokratiet, fordi det er ei aukande mengd av saker der Stortinget, fylka og kommunane ikkje lenger står like fritt til å velje løysingar.

Energipolitikk

Kampen mot norsk tilknytning til EUs energibyrå ACER har vore ei hovedsak for Nei til EU etter stortingsvedtaket i 2018. Nei til EU meinte at vedtaket var i strid med Grunnlova, og brakte saka inn for domstolane. Høgsterett slo i 2023 fast at stortingsvedtaket var gyldig.

Leiarar

Kathrine Kleveland
Kathrine Kleveland var leiar for Nei til EU frå 2014 til 2020.
Nei til EU.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Toppleiinga har vore dominert av folk frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, men med innslag frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre, Raudt og personar som er partilause. Personar med bakgrunn frå fiskeria, landbruket, fagrørsla og miljørørsla har òg vore sentrale.

Periode Leiar
1990–1995 Kristen Nygaard
1995–1997 Stein Ørnhøi
1997–1999 Lisbeth Holand
1999–2004 Sigbjørn Gjelsvik
2004–2014 Heming Olaussen
2014–2020 Kathrine Kleveland
2020–2022 Roy Pedersen
2022– Einar Frogner

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Tor Bjørklund: Mot strømmen. Kampen mot EF 1961–1972. Oslo 1982
  • Anders Todal Jenssen ofl.: Medlemsundersøkelsen. Holdninger og sosial bakgrunn blant medlemmer i Nei til EU, Europabevegelsen og Sosialdemokrater mot EU. Dokumentasjon. Trondheim 1994
  • Kjell-Erik Nordenson Kallset: Makta midt i mot. Kampen om EU og Arbeiderpartiets sjel. Oslo 2009
  • Marianne Ryghaug og Anders Todal Jenssen: Den store styrkeprøven. Om EU‑avstemningen i norsk politikk. Sluttrapport fra Folkeavstemningsprosjektet. Trondheim 1999
  • Dag Seierstad: Folket sa nei. Norsk EU‑motstand frå 1961 til i dag. Oslo 2014

Faktaboks

Nei til EU
Sektorkode
7000 Ideelle organisasjoner
Næringskode(r)
94.991 Aktiviteter i andre interesseorganisasjoner ikke nevnt annet sted

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg