Hopp til innhold
Logoen til Palestinakomiteen. Kjelde: palestinakomiteen.no.
Logoen til Palestinakomiteen. Kjelde: palestinakomiteen.no.
X
Innhald

Palestinakomiteen

Palestinakomiteen (PALKOM) vart skipa i 1969 og arbeider for danninga av ein stat med like rettar for alle i Palestina og retten til tilbakevending for palestinske flyktningar.

Den første leiaren for PALKOM var Finn Sjue, og Kathrine Jensen har vore leiar frå 2014. Organisasjonen har ingen bindingar til norske politiske parti, men har tradisjonelt fått mest støtte frå venstresida i norsk politikk.

Palestinakomiteen støttar det dei kallar det palestinske folket sin frigjeringskamp. Dei går inn for frigjering frå okkupasjon, settlarkolonisering, innestenging og fordriving, og ønskjer oppretting av ein stat med like rettar for alle og rett til retur for palestinaflyktningar. Det siste er i samsvar med FN-resolusjon 194 frå 1948. Dei meiner at Israel er ein rasistisk stat som kan samanliknast med Sør-Afrika under apartheid, og krev at Noreg bryt sambandet med Israel.

Palestinakomiteen er usamd i at Israel skal vere ein jødisk stat med særrettar for jødar i høve til andre folkegrupper. Det siste er ein grunntanke i det som vert kalla sionisme. PALKOM tek avstand frå all rasisme. Dei støttar òg Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO), fordi dei meiner at denne organisasjonen representerer heile det palestinske folket best. Men PALKOM ønskjer likevel ikkje å vere talerøyr for PLO.

Palestinakomiteen har 23 lokal- og regionlag, frå Finnmark i nord til Agder i sør. Sentralt har dei tre utval: solidaritetsutvalet, fagleg utval og kunstnarutvalet, og dei gir ut medlemsbladet Fritt Palestina. I tillegg til arbeidet for å påverke opinionen og politikarane, arbeider dei særleg aktivt retta mot ulike typar helsearbeidarar, fagforeiningar og kulturarbeidarar.

I praktisk arbeid prioriterer PALKOM å sende helseteam og solidaritetsarbeidarar til Palestina og til flyktningleirar i Libanon (sidan 1976), å fremje oppslutnad om boikott og sanksjonar mot Israel og innsats for å bryte den israelske innesperringa av Gaza. Dei driv òg studiearbeid, mellom anna studieturar og påverknadsarbeid retta mot norsk opinion og norske politikarar. Arbeidet deira har ofte ført til politiske konfrontasjonar med norske israelvener, til dømes med organisasjonen Med Israel for fred (MIFF).

 

Kjelder

Nils A. Butenschøn: Drømmen om Israel. Historiske og ideologiske forutsetninger for staten Israel. Oslo 2006

Nils A. Butenschøn: Midtøsten. Imperiefall, statsutvikling, kriger. Oslo 2008

Marte Heian-Engdal: Israel. Historie, politikk og samfunn. Oslo 2018

Norman Finkelstein: Til Israels forsvar? Om historieforfalskning og misbruk av antisemittismebegrepet. Oslo 2007

Mads Gilbert: Natt i Gaza. Oslo 2014

 

Peikarar

BDS Norge – Boikott, desinvesteringer og sanksjoner mot Israel, bdsnorway.net

Fellesutvalget for Palestina, palestina.no

Globalportalen: «Vennskap vs. folkerett i Norges forhold til Israel?», global.no

Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI), NUPI Skole: «Hvorfor er det ikke fred mellom Israel og palestinerne?», artikkel med omgrepsforklaringar og tidslinje, nupi.no

Palestinakomiteen: «For et fritt Palestina», studiehefte, palestinakomiteen.no

Heimesida til Ship to Gaza, støtteorganisasjon som arbeider for å bryte blokaden av Gaza, shiptogaza.no

Først publisert: 26.02.2020
Sist oppdatert: 26.02.2020