Hopp til innhold
X
Innhald

Arbeidarsamfunn

Arbeidarsamfunn oppstod kring midten av 1800-talet som motvekt til arbeidarforeiningane til Marcus Thrane, og for å betre levekåra og gjere arbeidarklassen meir opplyst. Kristiania Arbeidersamfund vart stifta i 1864 av Eilert Sundt. Mange andre arbeidarsamfunn vart stifta i andre byar og bygder. Dei dreiv med opplysningsarbeid, arrangerte festar og liknande, men politikk vart prinsipielt bannlyst frå møta. Arbeidarsamfunna gjekk etter kvart over til Venstre og seinare til Det norske Arbeidarparti.

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012