Hopp til innhold
X
Innhald

Det Liberale Folkepartiet

Det Liberale Folkepartiet (DLF), som heitte Det Nye Folkepartiet (DNF) fram til 1980, vart stifta i 1972 etter splitting frå Venstre på grunn av EF-striden.

Det Liberale Folkepartiet var representert på Stortinget i perioden 1973–77. I 1988 vart partiet slått saman med Venstre att, men i 1992 vart Det Liberale Folkepartiet danna på nytt. Før stortingsvalet i 2001 kjempa to politiske grupperingar om retten til å bruke partinamnet. Leiar sidan 2003 er Vegard Martinsen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.10.2012
Sist oppdatert: 05.07.2016