Hopp til innhold
Logoen til Frp.
Logoen til Frp.
X
Innhald

Framstegspartiet

Framstegspartiet, norsk politisk parti, stifta i 1973. Partiet er kritisk til omfanget av innvandringa og har bringa meiningar som vart rekna som ukorrekte, inn i det politiske ordskiftet. I 2013 kom partiet for første gong i regjering.

Partistiftaren og den første leiaren var Anders Lange, og partiet heitte først «Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep». Partiet var eit protestparti som likna andre høgrepopulistiske parti i Europa. Framstegspartiet er i dag mellom dei moderate partia av dette slaget.

Innvandringsmotstand, lågare skattar og vegutbygging – som ikkje er bompengefinansiert – er viktige saker for partiet. Partiet skil seg ut på område som innvandring og økonomi ved å representere eit klart alternativ til ein brei sentrumspolitikk som er støtta av både venstre- og høgresida i politikken. Jamvel om Framstegspartiet i fleire tiår har vore blant dei største partia i landet, var det først før 2013-valet at dei andre ikkje-sosialistiske partia opna for regjeringsdeltaking for partiet.

Partileiarane Anders Lange, Carl I. Hagen og Siv Jensen har vore dei sentrale politikarane i partiet si historie.

Ved inngangen til 2015 hadde partiet 16 342 medlemer. Etter skipinga har Framstegspartiet vore representert på Stortinget i alle periodane, med unntak av perioden 1977–81. I perioden 2011–15 hadde partiet 48 ordførarar i norske kommunar.

Siv Jensen og Carl I. Hagen. Foto: Fremskrittpartiet,  Flickr.com CC BY 2.0.

Siv Jensen og Carl I. Hagen. Foto: Fremskrittpartiet, Flickr.com CC BY 2.0.

FrP etter 2013

Framstegspartiet gjorde eit dårlegare val i 2013 enn ved dei to føregåande stortingsvala. Partiet gjekk attende med 6,7 prosent, samanlikna med valet i 2009. Partiet enda på 16,3 prosent, men er likevel landets tredje største parti. Partiet fekk 29 mandat. Framstegspartiet danna etter valet i 2013 regjering saman med Høgre, med støtte frå Venstre og Kristeleg Folkeparti. Partiet fekk sju statsrådar i Solberg-regjeringa.

Som det minste partiet i regjeringssamarbeidet med Høgre var det krevjande for Framstegspartiet både å vere eit ansvarleg og lojalt regjeringsparti og samstundes markere ein særeigen Frp-politikk. Framstegspartiet handterte denne utfordringa utan å misse veljaroppslutning, mellom anna ved å tale eit tydeleg språk i innvandringspolitikken. Retorikken vart av politiske motstandarar kritisert for å vere lite inkluderande. Før valet i 2017 var det klart at samarbeidspartia Venstre og Kristeleg Folkeparti ikkje ville ha ein ny samarbeidsavtale med ei regjering der Framstegspartiet var med. Dei to partia opplevde det tidvis som ei belastning å verte assosierte med Framstegspartiet, ettersom det i viktige saker som miljø og innvandring var stor politisk avstand mellom FrP og dei to mellompartia.

I 2018 vart Venstre med i regjeringa Solberg, i lag med Høgre og FrP. Det var kontroversielt i delar av FrP å samarbeide så tett med det liberale miljøpartiet.

Frå valnatta i 2013. Frå v. Liv Signe Navarsete (Sp), Jens Stoltenberg (A), Erna Solberg (H) og Siv Jensen (FrP). Foto: Stortinget, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Frå valnatta i 2013. Frå v. Liv Signe Navarsete (Sp), Jens Stoltenberg (A), Erna Solberg (H) og Siv Jensen (FrP). Foto: Stortinget, Flickr.com CC BY-ND 2.0. 

Politikk og ideologi

Framstegspartiet står for ein restriktiv innvandringspolitikk og ein streng integrasjonspolitikk. Partiet meiner at ein liberal innvandringspolitikk og få krav til innvandrarar er økonomisk kostbart for landet, og at det hindrar integrasjon. Framstegspartipolitikarane har sett på dei andre partia som naive i innvandringsdebatten. Sentrale politikarar frå partiet har frykta at konservative muslimar er eit trugsmål mot likestilling og ytringsfridom. Partiet ønskjer at Noreg skal oppfylle forpliktingar med omsyn til internasjonale flyktningavtalar, men meiner at det er meir føremålstenleg å hjelpe flyktningar i deira eigne nærområde enn her i Noreg. Politikarar frå andre parti har stundom reagert mot den retorikken somme framstegspartipolitikarar har brukt i innvandringsdebatten. Det gjeld ikkje minst utsegner fI 201rå den hardtslåande og fritt-talande innvandrings- og integreringsministeren frå Framstegspartiet sidan 2015, Sylvi Listhaug, som først i regjeringsperioden var landbruksminister.

Etter at partileiar Siv Jensen i februar 2009 åtvara mot «snikislamisering» av Noreg, gjekk partiet fram med 8,5 prosent på meiningsmålingane.Det illustrerer at partiet har hatt brei oppslutning blant veljarane om innvandringspolitikken sin. Sylvi Listhaug vart som innvandringsminister den aller mest populære Frp-statsråden blant veljarane. Dei andre partia har ved fleire høve med tida nærma seg Framstegspartiet på dette området.

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug på talarstolen under eit arrangement i regi av KS i 2016. Foto: Sondre Steen Holvik / NTB Scanpix Produksjon, kjelde: Kommunesektorens organisasjon CC BY 2.0.

Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug på talarstolen under eit arrangement i regi av KS i 2016. Foto: Sondre Steen Holvik / NTB Scanpix Produksjon, kjelde: Kommunesektorens organisasjon CC BY 2.0.

I den økonomiske politikken ønskjer Framstegspartiet å senke tollsatsane og dermed få billigare mat i butikkhyllene, og partiet vil ha eit mykje lågare skattenivå. Framstegspartiet opnar for meir bruk av inntektene frå oljefondet enn dei andre partia. Det er fordi partiet ønskjer ein annan handlingsregel, det vil seie politiske rammer for bruk av inntektene frå oljefondet. Partiet vil at ein skal skilje mellom offentleg forbruk og investeringar. Dersom ein større del av oljepengane går til investeringar, vil det ikkje vere inflasjonsdrivande på same måten som pengar til forbruk er, hevdar talspersonar for partiet. Dermed kan det til dømes byggjast fleire og betre vegar, ei viktig sak for partiet, utan at vegane må vere bompengefinansierte. Samferdselsministeren frå Framstegspartiet i den blåblå regjeringa, Kjetil Solvik-Olsen, nytta finansieringsforma offentleg-privat samarbeid for å få fortgang i vegutbygginga, og han reorganiserte jernbanesektoren for å få han meir effektiv.

I klimapolitikken er partiet skeptisk til einsidige norske tiltak. Slike tiltak kan skape vanskar for norske arbeidsplassar, og det utan at det har nokon vesentleg miljøeffekt i eit større perspektiv. Partiet ønskjer ein opnare klimadebatt, der også dei som er skeptiske til teorien om menneskeskapte klimaendringar, har ein plass. Partiet vil ha meir forsking om klimaprosessane og meiner at det ofte vert lagt for mykje vekt på føre var-prinsippet. Framstegspartiet vil satse på forsking og utvikling av miljøvenleg teknologi.

Framstegspartiet meiner at språket kanskje er den viktigaste delen av den felles kulturarven vår, og at det bør bevarast som ein levande ressurs. Ut frå grunnsynet om at ingen tiltak skal setjast i verk som favoriserer enkeltgrupper i samfunnet, er partiet imot reglar som kan fremje meir bruk av nynorsk i skule eller forvaltning. Framstegspartiet har i arbeidsprogramma sine sagt svært lite om språk i media og forvaltninga. Sidan 1985 har partiet meint at skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål skal vere frivillig både i grunnskulen og den vidaregåande skulen. Samstundes meiner partiet at «enkeltmennesker selv skal få velge sin språkform» (partiprogrammet 2013–17). Med omsyn til målbruken til veljarane står partiet klart sterkare blant bokmålsbrukarar enn blant nynorskbrukarar.

Ideologi

Framstegspartiet erklærer seg som eit liberalistisk parti. Den høgreliberale varianten av liberalismen legg vekt på at staten skal vere tilbakehalden ikkje berre med omsyn til folks frie val og livsførsel, men også med omsyn til regulering av marknaden. Framstegspartiet meiner at det er rettferdig at innbyggjarane får behalde meir av skattepengane sjølve. Ei sterk offentleg regulering av økonomien kan dessutan, peiker dei høgreliberale på, motverke einskildmennesket sin skapartrong og forstyrre det naturlege samspelet mellom deltakarane i arbeidslivet.

Framstegspartipolitikarar syner òg ofte fram ei konservativ side i tenkinga si, til dømes i innvandrardebatten eller i diskusjonen om norsk kultur, der dei poengterer verdien av norsk tradisjon. Til liks med konservative parti er Framstegspartiet eit lov og orden-parti, som prioriterer meir ressursar til politiet.

Framstegspartiet eit lov og orden-parti, som prioriterer meir ressursar til politiet. Her prøver FrP-politikar Anders Anundsen ut politiet sin nye motorsykkel i 2014. Politidirektør Odd Reidar Humelgård til venstre. Foto: Justis- og beredskapsdepartementet, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Framstegspartiet eit lov og orden-parti, som prioriterer meir ressursar til politiet. Her prøver FrP-politikar Anders Anundsen ut politiet sin nye motorsykkel i 2014. Politidirektør Odd Reidar Humelgård til venstre. Foto: Justis- og beredskapsdepartementet, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Det har vore diskutert om Framstegspartiet kan kallast eit høgrepopulistisk parti. Slike parti står til høgre for eit tradisjonelt dominerande konservativt parti på ikkje-sosialistisk side, og dei har dei siste åra vakse kraftig i ei rekkje land. Desse partia held fast på demokratiet. Det som kjenneteiknar dei er innvandrarskepsis, anti-elitisme, og dei er imot for mykje mangfald. Framstegspartiet er også klare i innvandringsmotstanden og elitekritikken sin og har visse høgrepopulistiske trekk. I nyare teori om høgrepopulismen er det forstått som eit vesentleg element i høgrepopulistisk tenking at eins eiga gruppering på ein heilt annan måte enn andre parti representerer det sanne folket. Her skil Framstegspartiet seg frå høgrepopulistiske parti ved å vere meir som andre, ordinære parti.

Fridom og tryggleik er kjerneverdiane til Framstegspartiet. Fridomsoppfatninga inneber mindre statleg innblanding i økonomien, men partiet ønskjer ei sterkare statsmakt for å nedkjempe kriminalitet og ytre trugsmål.

Historie

Framstegspartiet vart stifta i ein overfylt kinosal i Oslo 8. april 1973. Det nye protestpartiet fekk namnet «Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep» (ALP). Partistiftaren Anders Lange ville starte ei protestrørsle meir enn eit parti og tok ikkje så nøye på formelt organisasjonsarbeid. Partiet skilde seg frå dei andre partia både i arbeidsmåte og innhald. Lange støtta til dømes apartheidregimet i Sør-Afrika. Nokre månader etter skipinga oppnådde partiet heile fem prosent oppslutning og fekk inn fire representantar på Stortinget. Tidlegare hadde det nye danske partiet Fremskridtspartiet hatt stor veljarsuksess i Danmark. I Noreg var den politiske situasjonen uvanleg etter EF-striden (EF var forkortinga for det som no heiter EU), og lojaliteten til partia var mindre. Etter åra med ikkje-sosialistisk styre i 1965–71 opplevde mange at det ikkje vart lågare skattetrykk, og det opna for eit skatteprotestparti.

Stiftaren av «Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep» (ALP) Anders Lange (1904–1974). Foto: Stortinget.

Stiftaren av «Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep» (ALP), Anders Lange (1904–1974). Foto: Stortinget. 

Lange døydde i 1974, etter berre eitt år på Stortinget. Dermed rykte andremann opp – Carl I. Hagen. Hagen hadde hamna i konflikt med Lange og stifta sitt eige parti, Reformpartiet. Han vende tilbake til ALP og endra i 1977 partinamnet til Framstegspartiet. Stortingsvalet i 1977 gjekk dårleg for partiet, og dei tapte alle dei fire mandata på Stortinget. Hagen gjekk då i gang med å byggje organisasjonen.

Arbeidet bar frukter, og etter kvart vart partiet tidvis det nest største i landet. Etter at partiet i 1987 markerte seg sterkare som eit innvandringsskeptisk parti, auka veljaroppslutninga sterkt, først ved kommune- og fylkestingsvalet i 1987, då partiet fekk 12 prosent, deretter ved stortingsvalet i 1989, då partiet fekk 13 prosent, ei tredobling samanlikna med 1985-valet.

I større grad enn det som er vanleg i moderne norsk politikk, har Framstegspartiet hatt sterke leiarar, særleg gjeld dette Anders Lange og Carl I. Hagen. I dag har partiet ein moderne organisasjon, til liks med dei andre partia. Det har ved fleire høve vore indre strid om i kva retning partiet skulle gå. I 1994 trekte fleire av dei unge og talentfulle politikarane i partiet seg etter at Carl I. Hagen, forankra på eit meir konservativt grunnfjell, tok eit oppgjer med liberalistane. Nokre år seinare slo Hagen på ny ned ein intern opposisjon med hard hand. I 2001 vart Rogaland-representanten Jan Simonsen ekskludert, medan den innvandringskritiske Vidar Kleppe vart suspendert i 12 månader. Sistnemnde kom ikkje tilbake til partiet, men stifta Demokratene, eit konservativt innvandringskritisk parti. Hendingane fall saman med ein sex-skandale i partiet, og frå å liggje på over 30 prosent på meiningsmålingane raste partiet til under det halve ved valet i 2001. Gradvis steig partiet på målingane før dei neste vala, og stortingsvala i 2005 og 2009 vart rekordval for Framstegspartiet.

Framstegspartiet har i kommune- og fylkespolitkken i lang tid hatt vellukka samarbeid med andre parti, særleg dei ikkje-sosialistiske, men òg med parti på venstresida når partiet har opplevd å verte stemoderleg behandla av dei ikkje-sosialistiske partnarane sine. Den politiske avstanden mellom Framstegspartiet og dei andre partia på ikkje-sosialistisk side, særleg Venstre og Kristeleg Folkeparti, har skapt problem for det ikkje-sosialistiske samarbeidet på riksplan. Men før valet i 2013 erklærte Venstre og Kristeleg Folkeparti at dei ville støtte eit regjeringsskifte også om det inkluderte ei regjering der Framstegspartiet var med.

Før 2017-valet ville ikkje lenger Venstre og Kristeleg Folkeparti signalisere klar støtte til ei regjering der Framstegspartiet var med. I den blåblå regjeringsperioden frå 2013 til 2017 hadde Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet stundom arta seg som hovudmotstandarar på fleire sentrale saksområde i norsk politikk, særleg galdt det innvandringspolitikken. Det toppa seg då nestleiaren i Framstegspartiet, Per Sandberg, i februar 2015 sa at Kristeleg Folkeparti hadde eit medansvar for at personar frå Noreg reiste og var med på terror og massakrar. Når Venstre og Kristeleg Folkeparti før 2017-valet ikkje lenger ville vere med på ei ny samarbeidsavtale, var det mellom anna fordi den politiske avstanden var for stor mellom partia på nokre av kjerneområda i den politiske debatten.

Carl I. Hagen. Her under ein debatt i regi av Studentersamfunnet i Bergen i 2012. Foto: Studentersamfunnet i Bergen, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Carl I. Hagen. Her under ein debatt i regi av Studentersamfunnet i Bergen i 2012. Foto: Studentersamfunnet i Bergen, Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Sentrale politikarar

Skiparen av partiet, Anders Lange, var ein original politisk framtoning, der han sat i fjernsynsdebattar med eit glas eggelikør og kravde lågare skattar. I mellomkrigstida hadde han jamvel ein eigen lastebil som han reiste rundt med på vegner av det høgreorienterte Fedrelandslaget. Han ville konfrontere Arbeidarpartiet. Han hamna i slåsskamp og vart oppfatta som for dryg, jamvel av leiinga i Fedrelandslaget. Tonen hans i debattar og polemikk var grov, men humørfylt.

Carl I. Hagen representerte nesten den rake motsetnaden til Lange i form, om enn ikkje i innhald. Hagen var glattpolert i forma og revolusjonerte norsk politikk med si tidvis eminente framferd på fjernsynet, der han stundom sjølv tok regien. Han var ein handlekraftig partileiar, og han kunne snakke om politikk slik at mange som tidlegare ikkje hadde vore så opptekne av politikk, opplevde å få eit talerøyr. Angrepa hans på det politiske establishmentet var ofte originale og populære blant veljarane. Hagen vart etter kvart ein svært erfaren politikar. På tampen av den politiske karrieren fekk han ikkje alltid det gjennomslaget og den verdsetjinga av andre, inkludert sentrale partifolk, som han sjølv meinte han fortente.

Siv Jensen tok over leiarskapen i Framstegspartiet i 2006. Å ta over etter ein så markant leiar som Hagen kunne for mange ha arta seg som ei tung bør, men Jensen har vore ein sterk leiar utan utfordrarar. Jamvel om det ikkje var ho som var statsministerkandidat til partia på ikkje-sosialistisk side sist på 2000-talet, var ho i fleire saker den leiande opposisjonspolitikaren. Dei to nestleiarane i Framstegspartiet, Ketil Solvik-Olsen og Per Sandberg, valde på landsmøtet i 2013, illustrerer spennet i Framstegspartiet, når partiet både vil vere ansvarleg og annleis enn dei andre partia. Der Solvik-Olsen argumenterer grundig og nøyaktig i økonomiske spørsmål, kan Sandberg ofte vere hardtslåande og kome med kontroversielle utspel.

Innvandrings- og integrasjonsministeren til Framstegspartiet i den blåblå regjeringa, Sylvi Listhaug, er ein markant og omstridd statsråd, som er svært populær blant sine eigne. Ho snakkar eit tydeleg språk, som folk kjenner seg att i, og ho er ikkje redd for å provosere.

Veljarprofil og organisasjon

Framstegspartiet fekk 463 560 røyster ved stortingsvalet i 2013, det vil seie 16,3 prosent av røystene. Det gav partiet 29 stortingsmandat, ingen av desse var utjamningsmandat. Partiet hadde ved utgangen av 2014 nesten 16 500 medlemer. Medlemstalet er ikkje særleg høgt sett i lys av den høge veljaroppslutninga.

Når det gjeld veljarprofil, har Framstegspartiet vore klart overrepresentert i gruppa arbeidarar, medan dei har minst oppslutning i gruppa offentlege funksjonærar. Blant utdanningsgruppene har partiet klart minst oppslutning frå dei med høgare utdanning. Om lag to tredelar av veljarane er menn.

Dei viktigaste organisasjonsledda i partiet er landsmøtet, landsstyret, sentralstyret og arbeidsutvalet, i tillegg til fylkeslag og lokallag. Landsmøtet er partiet sitt øvste organ og er samla kvart år. Mellom landsmøta er landsstyret det øvste styringsorganet. Det skal samlast minst to gonger mellom landsmøta. Landsstyret femner om sentralstyret, inntil fem stortingsrepresentantar, leiaren frå kvart av fylkeslaga og frå ungdomsorganisasjonen til partiet. Det viktigaste organet under landsstyret igjen er sentralstyret, som er sett saman av partileiaren og dei to nestleiarane, seks landsmøtevalde representantar, den parlamentariske leiaren og leiaren av Framstegspartiets ungdom.

Framstegspartiets ungdom (FpU) er ungdomsorganisasjonen til partiet.

Framstegspartiets ungdom under Oslo Pride-paraden 2015. Foto: GGAADD, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Framstegspartiets ungdom under Oslo Pride-paraden 2015. Foto: GGAADD, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

I 2015 var inntektene til Framstegspartiet 76 millionar kroner. 86 prosent av inntektene var offentleg støtte, ti prosent kom frå eiga verksemd. I overkant av to prosent av inntektene var bidrag frå kommersielle føretak, medan 1,9 prosent kom frå einskildpersonar. Valkampbudsjettet til partiet før 2013-valet var på 18 millionar kroner, ifølgje ei oversikt.

Framstegspartiet har inga dagsavis som er assosiert med partiet. Politikarar i partiet har ofte klaga over måten partiet vert framstilt på i media. Ei undersøking i 2012 synte at berre to prosent av norske journalistar røysta på Framstegspartiet.

Kjelder

Frode Berglund, Ingvild S. Reymert og Bernt Aardal: Valgundersøkelse 2009. Dokumentasjonsrapport. Notater 29/2011. Statistisk sentralbyrå, Oslo 2011

Berge Furre: Vårt hundreår. Norsk historie 1905–1990. Oslo 1992

Hilda Nyfløt og Reidar Solberg: «Valgkamp i knestående», Dagens Næringsliv 10.8.2013

Kamilla Simonnes. «I stjålne klær? En analyse av endringer i Høyres, Arbeiderpartiets og Fremskrittspartiets innvandrings- og integreringspolitikk». Norsk statsvitenskapelig tidsskrift, nr. 2/2013

«Data om det politiske system», NSD Norsk samfunnsvitskapleg datateneste, nsd.uib.no: http://www.nsd.uib.no/polsys/regjering/ [lesedato 28.7.2013]

«Finansiering av politiske partier, 2015», Statistisk sentralbyrå, ssb.no: https://www.ssb.no/valg/statistikker/partifin/aar/2016-09-12?fane=tabell&sort=nummer&tabell=276956 [lesedato 19.3.2017]

Cato Husabø Fossen og Lars Joakim Skarvøy: «Hareide etter Sandberg-sjokk: – Ødeleggende for samarbeidet», vg.no, publisert 19.2.2015: http://www.vg.no/nyheter/innen... [lesedato 24.3.2017]

Gudleiv Forr: «Anders Lange», Norsk biografisk leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/Anders_Lange/utdypning [lesedato 28.7.2013]

Gudleiv Forr: «Carl I. Hagen», Norsk biografisk leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/Carl_I_Hagen/utdypning [lesedato 28.7.2013]

Anders Ravik Jupskås: «Høyrepopulisme er langt fra høyreekstremisme», dagbladet.no, publisert 29.9.2011: http://www.dagbladet.no/2011/09/29/kultur/debatt/kronikk/hoyreekstremisme/hoyrepopulisme/18349542/ [lesedato 28.7.2013]

«Kommunestyre- og fylkestingsvalget, kandidater og representanter, 1. oktober 2015», Statistisk sentralbyrå, publisert 28.1.2016, ssb.no: https://www.ssb.no/kommvalgform/ [lesedato 19.3.2017]

«Landsoversikt – Stortingsvalget». Kommunal- og moderniseringsdepartmentet, regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/html/kmd/valgresultat/2013/bs5.html [lesedato 19.03.2017]

Kjetil Løset: «Seks av ti journalister stemmer rødgrønt», tv2.no, oppdatert 10.5.2012: http://www.tv2.no/nyheter/politisk/seks-av-ti-journalister-stemmer-roedgroent-3777751.html [lesedato 15.8.2013]

Astrid Meland: «I kinosalens mørke», Dagbladet magasinet, publisert 8.4.2008: http://www.dagbladet.no/magasinet/2003/04/08/365941.html [lesedato 28.7.2013]

Knut Are Tvedt: «Fremskrittspartiet – Frp», Store norske leksikon, snl.no: http://snl.no/Fremskrittspartiet/Frp [lesedato 28.7.2013]

Peikarar

Nettstaden til Framstegspartiet 

Framstegspartiet sitt prinsipp- og handlingsprogram 2017–21

Først publisert: 20.08.2013
Sist oppdatert: 17.01.2018