Hopp til innhold
X
Innhald

Noregs Kommunistiske Parti

Noregs Kommunistiske Parti (NKP) vart stifta i 1923 som ein norsk seksjon av Komintern, etter at Arbeiderpartiet braut med den kommunistiske internasjonalen. Norges Kommunistiske Parti fekk som revolusjonært parti på Moskva-tesegrunnen, ein viss oppslutnad dei første åra, men utover i 30-åra skrumpa partiet kraftig inn. Etter aktiv deltaking i motstandsrørsla i den andre verdskrigen blømde partiet på nytt, men vart kraftig redusert i "den kalde krigen". Norges Kommunistiske Parti gir ut avisa Friheten. Ungdomsorganisasjonen er Noregs Kommunistiske Ungdomsforbund. Tilbakegangen til partiet har halde fram. I stortingsvalet i 2009 stilte partiet vallister i åtte fylke og fekk 697 røyster.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012