Hopp til innhold
X
Innhald

Raudt

Raudt (R), norsk politisk parti, stifta i 2007. Partiet er venstreradikalt og arbeider for eit kommunistisk, klasselaust samfunn. Partiet fekk på tampen av 2010-talet to til tre gonger større oppslutnad på målingane enn det som har vore vanleg for partiet.

Raudt er ei samanslåing av tidlegare Raud Valallianse og Arbeidernes Kommunistiske Parti – AKP. Den første leiaren i Raudt var Torstein Dahle.

Raudt vil ha eit anna samfunnssystem og oppfattar kapitalismen i dag som grunnleggjande urettferdig. Partiet kjempar mot privatisering og sosial dumping og set ofte einskildsaker inn i ein større systemkritisk samanheng.

Trass i lite veljaroppslutning i 1970- og 80-åra var mange av «m‑l‑arane» markante og omstridde på venstresida. Blant viktige politikarar i partia som var forgjengarane til Raudt, er Pål Steigan, leiar av AKP (m‑l) frå 1975 til 1984, og Aslak Sira Myhre, leiar i Raud Valallianse frå 1997 til 2003. Bjørnar Moxnes vart vald til leiar i Raudt i 2012.

I 2018 hadde partiet 6927 medlemer. Erling Folkvord vart vald som stortingsrepresentant for Raud Valallianse i perioden 1993–97. Deretter var Raudt r etter skipinga i 2007 ikkje representert på Stortinget før i 2017, då partileiar Bjørnar Moxnes vart vald inn. Ved stortingsvalet i 2017 fekk partiet 2,4 prosent av røystene. Den einaste ordføraren partiet har hatt, er Knut Henning Thygesen, som i 2007 vart vald som ordførar i Risør, der det var direkteval. Raudt har fleire fylkestingsrepresentantar og får i kommunestyrevala vanlegvis valt inn representantar i dei store byane og i byar og nokre tettstader som gjerne har hatt industri og ein radikal tradisjon.

Politikken til Raudt

Det som skil Raudt frå dei andre partia på venstresida i norsk politikk, er den krasse systemkritikken partiet står for. Raudt meiner at det kapitalistiske systemet i dag utgjer eit klassesamfunn der ein elite styrer. Motsetnaden mellom borgarskapet og arbeidarklassen vert sedd på som den viktigaste i samfunnet. Raudt meiner at løysinga er ein revolusjon. I prinsipp-programmet heiter det at ein revolusjon må til fordi arbeidarklassen ikkje kan styre innanfor rammene til kapitalismen. Raudt ser for seg ein fredeleg og demokratisk revolusjon som må verte stadfesta i frie val. Partiet reknar likevel med at ei samfunnsomforming vil verte forsøkt stansa med ulovlege middel. Då vil ein velorganisert arbeidarklasse utgjere det tryggaste forsvaret av folkeviljen, heiter det i prinsipp-programmet til partiet. Raudt vert jamleg konfrontert av politiske motstandarar på grunn av den kommunistiske ideologien, men i det daglege driv partiet med kvardagspolitikk til liks med dei andre partia. Raudt sine politikarar er klare på at dei meiner det ikkje er mogleg å ha sosialisme utan demokrati. På landsmøtet til partiet våren 2019 ville partileiar Bjørn Moxness fjerne ordet kommunisme frå prinsipp-programmet, men eit fleirtal på landsmøte røysta for å behalde det.

I Raudt vert til dømes klimautfordringane sedde i lys av verkemåten til kapitalismen. Partiet meiner at det hastar med å avvikle kapitalismen også fordi det må til for at økonomien skal verte økologisk berekraftig. Raudt vil bruke av oljefondet for å investere i ein ny og grønare økonomi. Partiet vil ha eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Statoil vert sett på som eit imperialistisk oljeselskap. I motsetnad til dei andre miljøpartia er Raudt motstandar av bompengar, då partiet ser på dette som ei sosialt urettferdig skatteordning.

Frå ein tverrpolitisk demonstrasjon i 2016 for å få oljefondet ut av skatteparadis. Foto: Brage Aronsen/Rødt, rødt.no på Flickr.com CC BY 2.0.

Frå ein tverrpolitisk demonstrasjon i 2016 for å få oljefondet ut av skatteparadis. Foto: Brage Aronsen/Rødt, rødt.no på Flickr.com CC BY 2.0. 

Mange av sakene Raudt arbeider for, er å finne langs venstre–høgre-skalaen i politikken, på same side som standpunkta til Arbeidarpartiet og SV, men Raudt går lenger i krava. Partiet vil avvikle konkurranseutsetjing i offentleg sektor. Tenester som alt er privatiserte, vil Raudt på ny ha under kommunal drift. Partiet arbeider for å innføre seks timars normalarbeidsdag med full lønskompensasjon og vil ha 100 prosent marginalskatt på inntekter over 1,5 millionar kroner.

Når det gjeld sakseigarskap, er det ikkje slik av veljarmassen samla gir særleg støtte til Raudt i einskildsakene. Veljarane til Raudt er mest opptekne av miljø og sosial utjamning, i tillegg til skiljet mellom offentleg og privat velferdsproduksjon. Det siste er veljarane til Raudt mykje meir opptekne av enn veljarane til andre parti. Dette er samstundes ei sak Raudt har makta å få på den politiske dagsordenen, og som partiet har markert seg gjennom.  

Den tydelege opposisjonspolitikken Raudt stod for under Solberg-regjeringane, førte til markant framgang på meiningsmålingane sist på 2010-talet.

Når det gjeld språkpolitikken, meiner Raudt at «nynorsk er en viktig del av vår kulturarv og vil styrke denne målformen». Raudt legg vekt på at språk ikkje berre handlar om kommunikasjon, men òg om kultur og identitet (arbeidsprogrammet 2012). Partiet framhevar at det offentlege må stille krav om at innkjøpte dataprogram skal finnast både på nynorsk og bokmål. Raudt meiner at skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål skal vere obligatorisk både i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen, og at læremiddel må liggje føre på nynorsk og bokmål til same tid og til same pris. Partiet er blant dei få som framhevar at innvandrarar i nynorskkommunar skal få norskopplæring på nynorsk, og partiet vil ha meir nynorsk i offentleg forvaltning og i alle medium. I partivedtektene heiter det at ein skal arbeide for høg bruk av nynorsk i det skriftlege materialet frå partiet, og at partiet skal ha oppdatert informasjonsmateriale på samisk.

Ideologi

Ideologisk er Raudt tufta på marxistisk tenking. To av dei sentrale ideane i marxismen er for det første ideen om at historia utviklar seg i fasar. Det noverande kapitalistiske stadiet vil etter kvart verte avløyst av eit nytt stadium, der mennesket kan verte frigjort. Drivkreftene i historia er på partiet si side, slik Raudt vurderer det.

Den andre ideen gjeld førestillinga om at arbeidaren vert utbytta. Gjennom arbeidet sitt tilfører arbeidaren ein meirverdi som går til eigaren i form av profitt. Denne marxistiske ideen om utbytting ligg til grunn for politikkutforminga til partiet.

Forgjengarane til Raudt i Arbeidernes Kommunistiske Parti (marxist-leninistene) – AKP (m‑l) – hadde eit venstreekstremt grunnsyn. Dei argumenterte for væpna revolusjon og for innføring av «proletariatets diktatur». Mao og kinesisk kommunisme var førebiletet. At fleire i leiarskapen til AKP (m‑l) ikkje tok sterkare avstand frå reisene sine og den ukritiske haldninga til det ekstreme diktaturet til Raude Khmer, som stod bak masseutryddingar i Kambodsja i 1975–79, har ved fleire høve vore skarpt kritisert.

Raudt tek i prinsipp-programmet frå 2010 avstand frå brota på menneskerettar og folkemorda som er utførte i namnet til sosialismen. Det vert gitt tilslutning til dei demokratiske og liberale fridomsrettane.

Den sentrale verdien for Raudt er likskap. Likskap vert først og fremst forstått som likskap i produksjonssfæren. Det mest alvorlege likskapsbrotet skjer ved den kapitalistiske utbyttinga av arbeidarklassen, ifølgje tankegangen i Raudt.

Skilt med teksten «Fordi fellesskap fungerer», slagordet i valkampen 2017, her frå Raudt sitt landsmøte våren 2017. Foto: Brage Aronsen/Rødt, rødt.no på Flickr.com CC BY 2.0.

Skilt med teksten «Fordi fellesskap fungerer», slagordet i valkampen 2017, her frå Raudt sitt landsmøte våren 2017. Foto: Brage Aronsen/Rødt, rødt.no på Flickr.com CC BY 2.0.  

Historie

Opphavet til Raudt går tilbake til slutten av 1960-åra. Frå 1967 og fram til landsmøtet i 1969 i det dåverande Sosialistisk Folkeparti (SF), i dag SV, utfordra ungdomane i Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF) moderpartiet kraftig frå venstre. På landsmøtet til SUF i 1968 vart «proletariatets diktatur», ei kommunistisk organisasjonsform, og Mao-støtte vedteke som politikk for ungdomsorganisasjonen. SF hadde ingen eksklusjonsparagraf. Etter hard intern strid synte det seg at det var uråd å stoppe det interne ungdomsopprøret i SF. Dei ulike fløyene lét seg ikkje sameine politisk. På landsmøtet til SF i 1969 var splittinga av SF eit faktum. Ho leidde gradvis fram til at AKP (m‑l), med RV som valkamporganisasjon, vart danna i 1973. Dei som var med i AKP (m‑l) eller RV, utgjorde «m‑l‑rørsla».

I 1970- og 1980-åra vart det frå partiorganisasjonen stilt svært store krav til aktivistane i m‑l‑rørsla. Til dømes vart det sett i gang ein stor innsamlingsaksjon for å starte dagsavis – Klassekampen. Mange «sjølvproletariserte» seg – dei slutta til dømes med utdanningsløp for å verte arbeidarar og arbeide for revolusjonen. På arbeidsplassane fekk partiaktivistane somme stader posisjonar i fagrørsla. Dei oppmoda til og var stundom i leiinga for fleire store streikar, etter at det før 1970-åra hadde vorte vanleg med eit disiplinert arbeidsliv i heile etterkrigstida. På universiteta vart m‑l‑arane ein sterk maktfaktor i studentpolitikken, og dei gjekk inn i tverrpolitiske organisasjonar utan særleg kompromissvilje. Resultatet vart fleire solidaritetsorganisasjonar for same sak i staden for fellesorganisasjonar.

Ved inngangen til 1990-åra var den revolusjonære gløden svekt i m‑l‑rørsla. Mange av leiarfigurane fekk etter kvart viktige stillingar i samfunnslivet og gjekk ut av politikken. 4. juni 1989 gjennomførte det kinesiske kommunistpartiet, som hadde vore mellom førebileta for m‑l‑arane, ein massakre på studentar og arbeidarar på Himmelfredsplassen i Peking. Demonstrantane hadde kravd demokratiske reformer. Leiande personar i AKP (m‑l), som Pål Steigan og Trond Øgrim, tok då eit oppgjer med Kina og Mao, dessutan med Stalin og stalinistisk partipraksis.

Fram til 1979 hadde AKP (m‑l) og Raud Valallianse same leiaren, og fram til 1990 var samarbeidet mellom dei to partia tett. På landsmøtet til AKP (m‑l) i 1990 gjekk partiet bort frå dei mest ytterleggåande standpunkta, og «marxisme-leninisme» vart teke bort frå partinamnet. AKP (m‑l) vart AKP. Det var likevel ikkje nok til å halde m‑l‑rørsla samla, og det kom til eit reelt brot mellom AKP og Raud Valallianse i 1991.

I 2007 fann AKP og RV saman att, og Raudt vart skipa 11. mars i Oslo. Også grupperinga Internasjonale sosialistar var med på samlinga. Den første leiaren i Raudt var Torstein Dahle. Partileiar frå 2012 har vore Bjørnar Moxnes.

Torstein Dahle, her frå ei båtmarkering i 2014 til støtte for Gaza. Foto: GGAADD, Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Torstein Dahle, her frå ei båtmarkering i 2014 til støtte for Gaza. Foto: GGAADD, Flickr.com CC BY-SA 2.0. 

Sentrale politikarar

I m-l-rørsla som Raudt spring ut av, var Pål Steigan og Trond Øgrim sentrale. Trond Øgrim var viktig som premissleverandør og ideolog, medan Steigan også hadde leiarposisjonen i knappe ti år. Dei var begge dogmatiske marxistar som slo ned på høgreavvik internt.

Erling Folkvord var i partileiinga i AKP i 1990-åra og sat i ei årrekkje i Oslo bystyre. I perioden 1993–97 var han stortingsrepresentant for RV. Han fekk ry som ein hardtarbeidande og uredd politikar. Folkvord kom med korrupsjonspåstandar mot Oslo-politikarar og sette eit kritisk søkjelys mot det han meinte var ein ukultur i delar av Oslo-politikken.

I slutten av 1990-åra var Aslak Sira Myhre leiar i Raud Valallianse. Han var ein framifrå debattant, men heller ikkje med han som leiar fekk partiet meir enn mellom ein og to prosent i veljaroppslutning ved stortingsvala.

Bjørnar Moxnes har i si tid som leiar av Raudt etter 2012 markert partiet som sterk motstandar av såkalla velferdsprofitørar, mellom anna i barnehagesektoren og innanfor eldreomsorga. Han har opplevd stigande veljaroppslutning.

Før lokalvalet i 2019 melde den markante journalisten og forfattaren Mímir Kristjánsson at han forlét Oslo og journalistikken for å verte politikar og ordførarkandidat for Raudt i Stavanger.

Erling Folkvord og Bjørnar Moxnes. Foto: Ingar Haug Steinholt, Rødt på Flickr.com CC BY 2.0.

Erling Folkvord og Bjørnar Moxnes. Foto: Ingar Haug Steinholt, Rødt på Flickr.com CC BY 2.0.

Veljarprofil og organisasjon

Ved Stortingsvalet i 2017 enda Raudt på 2,4 prosent oppslutnad, med 70 522 røyster. Partiet fekk éin stortingsplass, men i og med at oppslutnaden var under sperregrensa, kom ikkje partiet med i kampen om utjamningsmandat. Partiet stilte med eiga liste i 78 kommunar ved lokalvalet i 2015 og hadde i 2016 98 aktive lokallag. I 2016 hadde Raudt like over 3000 medlemer, og både i 2015 og 2016 hadde partiet ein medlemsvekst på over ti prosent. Dei neste åra heldt veksten fram, slik at medlemstalet var meir enn dobla i 2018 – no var talet på like under 7000 medlemer.

Når det gjeld veljarprofil, er det for få som svarer Raudt i dei norske veljarundersøkingane til at det gir påliteleg informasjon om bakgrunnen til veljarane. Dersom vi ser på det svenske Venstrepartiet, som politisk ligg mellom norske SV og Raudt, har dette partiet stort sett veljarane jamt fordelte i dei ulike sosiale kategoriane. Eit trekk ved veljarprofilen er det likevel at partiet har klart høgare oppslutning frå veljarar med ein annan etnisk bakgrunn enn svensk, samanlikna med oppslutninga i befolkninga generelt.

Bakgrunnstala til ei meiningsmåling før stortingsvalet i 2013, målinga gav Raudt 1,9 prosent i samla oppslutning, indikerte at Raudt stod klart sterkare blant yngre enn blant eldre veljarar. Oslo-området og Nord-Noreg var regionane der Raudt hadde høgast veljaroppslutning.

Ei samanfatning av fleire målingar våren 2019 synte at Raudt-veljarane stod om lag like sterkt blant kvinner og menn, men at appellen var større i dei yngste enn i dei eldste veljargruppene. Raudt er overrepresentert blant arbeidstakarar i den offentlege sektoren og blant dei med høg utdanning og inntekt. Partiet står sterkast på Austlandet og i byområde.

Dei viktigaste ledda i organisasjonen til Raudt er landsmøtet, som skal møtast annakvart år, landsstyret, fylkeslaget og laget. Laget kan vere organisert anten som lokallag eller til dømes som arbeidsstadslag. Mellom landsmøta er landsstyret det øvste organet. Landsstyret skal møtast minst tre gonger kvart år. Arbeidsutvalet til Raudt har ein viktigare funksjon enn hos parti som har eit sentralstyre, og arbeidsutvalet er hovudstyret til partiet. Arbeidsutvalet er òg det øvste organet i partiet mellom landsstyremøta. Ungdomsorganisasjonen skal vere representert med leiaren sin i arbeidsutvalet og ha to representantar, inkludert leiaren, i landsstyret. Det skal òg vere ein som har samisk bakgrunn, med i landsstyret. Det skal vere minst 50 prosent kvinner i alle organ i Raudt og ved val av delegatar. Det skal òg siktast mot høg representasjon frå dei som er arbeidarar.

Ungdomsorganisasjonen til Raudt er Raud Ungdom.

I 2017 var inntektene til Raudt på 14 millionar kroner. 45 prosent av inntektene var offentleg støtte, og ingen andre av stortingspartia hadde så låg del offentleg støtte. Til gjengjeld hadde Raudt ein mykje større inntektsdel enn dei andre stortingspartia frå medlemskontingent (20 prosent) og som støtte frå einskildpersonar (15 prosent). Éin prosent av inntektene fekk Raudt frå organisasjonane i arbeidslivet. Valkampbudsjettet til Raudt før 2013-valet var på 1,5 millionar kroner, syner ei oversikt.

  Avisa Klassekampen vart etablert i 1969 av marxist-leninistiske politiske grupperingar etter splittinga i Sosialistisk Folkeparti. Då AKP (m‑l) vart danna i 1973, vart Klassekampen partiavisa til partiet. I 1977 vart avisa dagsavis. For å støtte avisa og trykkjeriet Duplotrykk, som partiet eigde, samla partiaktivistar inn over ti millionar kroner i perioden 1976–79. I 1991 vart Klassekampen formelt uavhengig av AKP, men fram til 2000 hadde AKP ein majoritet av aksjane. Den siste tida har Klassekampen vore ei framgangsrik avis på venstresida. , Éin grunn var leiinga til redaktør Bjørgulv Braanen i perioden 2002–2018 då avisa fekk ein opnare profil. Avisa er politisk uavhengig, men står nært Raudt i politiske saker.


Kjelder

Bernt Hagtvet: «Den store tankeløsheten og det manglende alvoret. AKP (m‑l)s safarier til Kina og Kambodsja. Et tilbakeblikk etter 10 år», i Øystein Sørensen ofl. (red.): Venstreekstremisme. Ideer og bevegelser. Oslo 2013

Sverre Knutsen: «Sannhetsministeriets framvekst og sammenbrudd. Noen aspekter ved ledelsens rolle i ml-bevegelsen», i Torstein Hjellum og Terje Tvedt (red.): (ml): En bok om maoismen i Norge. Oslo 1989

Hilda Nyfløt og Reidar Solberg: «Valgkamp i knestående», Dagens Næringsliv 10.8.2013

Frank Rossavik: SV. Fra Kings Bay til Kongens bord. Oslo 2011

Hans Petter Sjøli: «Den svarte tradisjonen», i Øystein Sørensen ofl. (red.): Venstreekstremisme. Ideer og bevegelser. Oslo 2013

Bjørn Westlie: «AKPs ekstremisme», i Øystein Sørensen ofl. (red.): Venstreekstremisme. Ideer og bevegelser. Oslo 2013

 

Laila Ø. Bakken og Vilde Helljesen: «Rødt – landets røde rebell», nrk.no: http://www.nrk.no/nyheter/innenriks/valg/valg_2009/partiene/1.6706519 [lesedato 14.8.2013]

Johannes Bergh og Rune Karlsen: Politisk dagsorden og sakseierskap ved stortingsvalget i 2017, notat, Institutt for samfunnsforsking ved Universitetet i Oslo, sv.uio.no: https://www.sv.uio.no/isv/forskning/prosjekter/valgforskning/aktuelle-saker/politisk-dagsorden-og-best-politikk-ssb.pdf [lesedato 12.8.2019]

Renold Tennysen Christopher og Marita Skeie: «– Hareide er en medlemsmagnet» og «Medlemstall politiske partier 2011 og 2012», nrk.no/hordaland, publisert 7.3.2013: http://www.nrk.no/hordaland/medlemmene-svikter-frp-1.10939144 [lesedato 28.7.2013]

Martha Holmes, Anniken Aronsen og Thomas Andreassen: «Rødt-Moxnes på landsmøte: – Vi gjør aldri det som sosialister i forrige århundre gjorde», vg.no sist oppdatert 10.5.2019: https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/3JP680/roedt-moxnes-paa-landsmoete-vi-gjoer-aldri-det-som-sosialister-i-forrige-aarhundre-gjorde [lesedato 17.8.2019]

Martha Holmes og Thomas Andreassen: «Rødt beholder 'kommunisme'», vg.no, sist oppdatert 12.5.2019: https://www.vg.no/nyheter/innenriks/i/4qWBzG/roedt-beholder-kommunisme [lesedato 17.8.2019]

Jens Kihl: «Meir gøy på ytre fløy», bt.no, publisert 8.2.2019: https://www.bt.no/btmeninger/kommentar/i/4dpvaq/meir-goey-paa-ytre-floey [lesedato 12.8.2019]

Kommunal Rapport: «Disse stiller liste til valget», kommunal-rapport.no, publisert 15.8.2015: http://kommunal-rapport.no/kommunevalg-2015/2015/08/disse-stiller-liste-til-valget [lesedato 31.3.2017] 

Kjetil Løset: «Rødts historie», tv2.no, publisert 19.2.2009: http://www.tv2.no/a/2577892 [lesedato 14.8.2013]

NRK: «Valgresultat», nrk.no: http://valg.nrk.no/valg2013/valgresultat [lesedato 10.9.2013]

Nettstaden til Raudt: http://rødt.no/ [lesedato 13.8.2013]

Raudt: «Landsmøtet 2017. Beretning 2015–2017», sosialisme.no: http://sosialisme.no/LM17_beretning.pdf [lesedato 15.4.2017]

Regjeringa: «Landsoversikt – Stortingsvalget». Kommunal- og moderniseringsdepartmentet, regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/html/kmd/valgresultat/2013/bs5.html [lesedato 19.3.2017]

Statistiska centralbyrån, Sverige, 2011: Åttapartivalen 2010. Allmänna valen. Valundersøkningen. Tilgjengeleg på nett: http://www.scb.se/statistik/_publikationer/ME0106_2010A01_BR_ME05BR1101.pdf [lesedato 14.8.2013]

Statistisk sentralbyrå: «Finansiering av politiske partier» (2017), ssb.no, sist oppdatert 13.9.2018: https://www.ssb.no/partifin [lesedato 12.8.2019]

Statistisk sentralbyrå: «Kommunestyre- og fylkestingsvalget, kandidater og representanter, 1. oktober 2015», ssb.no, publisert 28.1.2016: https://www.ssb.no/valg/statistikker/kommvalgform/hvert-4-aar-representanter/2016-01-28#contenthttps://www.ssb.no/kommvalgform/ [lesedato 12.8.2019]

Statistisk sentralbyrå: «Kommunevalget i 1963», historisk statistikk, ssb.no: http://www.ssb.no/a/kortnavn/kommvalg/histtab/t-1963prosent.html [lesedato 16.8.2013]

Store norske leksikon: «Arbeidernes Kommunistparti», snl.no: http://snl.no/Arbeidernes_Kommunistparti [lesedato 14.8.2013]

Store norske leksikon: «Rødt», snl.no: http://snl.no/R%C3%B8dt [lesedato 14.8.2013]

Karen Tjernshaugen: «Vi sjekket hvem den typiske velgeren til de ulike partiene er. Kjenner du deg igjen?», aftenposten.no, publisert 28.6.2017:  https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/Oxv8l/Vi-sjekket-hvem-den-typiske-velgeren-til-de-ulike-partiene-er-Kjenner-du-deg-igjen [lesedato 12.8.2019]

Knut Are Tvedt: «Rød Valgallianse», snl.no: http://snl.no/R%C3%B8d_Valgallianse [lesedato 14.8.2013]

Valdirektoratet: «Valg. Tall for hele Norge. Stortingsvalg. 2017.», valgresultat.no, sist oppdatert 26.2.2018: https://valgresultat.no/?type=st&year=2017 [lesedato 12.8.2019]

Peikarar

Nettstaden til Raudt, rødt.no  

Raudt sittarbeidsprogram 2017–21, rødt.no

Først publisert: 19.08.2013
Sist oppdatert: 29.08.2019