Hopp til innhold
Logoen til Sp.
Logoen til Sp.
X
Innhald

Senterpartiet

Senterpartiet (Sp), norsk politisk parti, stifta i 1920. Partiet er eit mellomparti. I valet av politisk allierte har partiet gått frå høgre og mot venstre side i politikken. Senterpartitet er sterkt imot EU-medlemskap. Ein klar distriktsprofil har gitt partiet eit kraftig oppsving dei siste åra.

Senterpartiet vart eit politisk parti fordi mange bønder og folk på bygdene opplevde at interessene deira ikkje vart tekne godt nok vare på av dei andre partia. Senterpartiet appellerte til desse veljargruppene og vart frå første stund eit parti å rekne med i norsk politikk. Senterpartiet har både historisk og i dag stått nær Noregs Bondelag.

Kjernesaker for partiet er distriktspolitikk, samferdsel og nasjonal sjølvråderett. Senterpartiet står mykje sterkare i Bygde-Noreg enn i byane. Partiet søkjer alliansar og forhandlingsløysingar som kan sikre likeverdige tenestetilbod til dei som bur i utkantane.  Dei seinare åra har Senterpartiet fått eit uventa oppsving ved å markere klar motstand mot sentraliseringsreformer.

Den første leiaren i Senterpartiet var Kristoffer Høgset, Per Borten, Johan J. Jacobsen og Anne Enger Lahnstein har vore blant dei viktigaste politikarane i partiet.

Senterpartiet har vore representert på Stortinget ved alle val etter skipinga. Ved inngangen til 2019 hadde partiet 17 815 medlemer. I perioden 2015–19 var det 98 ordførarar frå Senterpartiet i Kommune-Noreg – 23 prosent av alle ordførarane i landet. Det har vore tre statsministrar frå Senterpartiet i norsk politisk historie. I til saman ti av åra etter dei første partidanningane i 1884 og fram til 2013 har det vore ein statsminister frå Senterpartiet.

Eksplosiv vekst i oppslutnaden etter 2013

Senterpartiet gjorde eit litt dårlegare val i 2013 enn ved dei to føregåande stortingsvala. Partiet gjekk attende med 0,7 prosent samanlikna med valet i 2009. Partiet enda på 5,5 prosent og fekk 10 mandat, noko som er eit færre enn i perioden før. Den raudgrøne koalisjonen tapte valet og Senterpartiet gjekk attende som opposisjonsparti etter åtte år i regjering.

I opposisjon opplevde partiet vekst i veljaroppslutninga. Kommunevalet i 2015 var det beste på 20 år for partiet, og våren før stortingsvalet i 2017 steig partiet ennå meir på meiningsmålingane. Senterpartiet fekk 10,3 prosent av røystene ved 2017, det beste nokon gong for partiet, med unntak av det spesielle 1993-valet som var i forkant av EU-avrøystinga – då fekk Senterpartiet heile 16,8 prosent av røystene. Etter 2017-valet har framgangen til Senterpartiet halde fram, og partiet har dei siste åra ofte har vore det tredje største partiet i Noreg på meiningsmålingane, etter Høgre og Arbeidarpartiet.

Politikken til Senterpartiet

Senterpartiet både var og er det viktigaste støttepartiet for norske bønder. Partiet vil ha toll på matvarer som konkurrerer med norskproduserte varer. Senterpartiet ønskjer dessutan at landbruksoverføringane skal vere omfattande. Når Senterpartiet vil ha gode støtteordningar for primærnæringane, er det fordi partiet meiner at det då det kjem fleire enn bøndene til gode. Å halde oppe landbruksnæringa gir ringverknader for Bygde-Noreg og inneber eit forsvar for busetnaden i strøk med spreidd busetnad. Partiet arbeider for at dei som bur i distrikta, skal ha den same velferda som dei som bur i byane. Senterpartiet har i motsetnad til dei andre partia låg oppslutning i byane, men partiet har til gjengjeld høg oppslutning i strøk med spreidd busetnad.

Senterpartiet har vore det leiande partiet i kampen mot norsk medlemsskap i EU. Motstanden mot EU-medlemskap følgjer både av at partiet ikkje ønskjer ein sterk politisk maktkonsentrasjon i sentrale strøk, inkludert Brussel, og av at det vil vere usikkert kva for landbruks- og distriktspolitikk eit medlemskap vil innebere. Partiet er òg imot EØS-avtalen. Både internasjonale avtalar og det at folk har omfattande rettskrav på samfunnsgode, kan, slik senterpartipolitikarane ser det, føre til at folkestyret vert uthola.

I miljøsaka er partiet eit verneparti i vekst–vern-konflikten, og partiet vil ikkje opne for oljeboring utanfor Lofoten, Senja og Vesterålen. Det har vore intern strid i partiet om tempoet i oljeutvinninga og om naturvern. Partiet sin olje- og energiminister i perioden frå 2011 til 2013, Ola Borten Moe, utfordra både partileiaren og den offisielle fleirtalslina i partiet ved å vere imøtekomande overfor oljeindustrien og ved å kritisere delar av miljørørsla. Under striden ligg ulike verdivurderingar, som har ført til rivningar internt i Senterpartiet. På ei side står dei som hallar mot venstre og vaktar om interessene til små kommunar. På den andre sida står dei som er meir næringslivsvenlege. Dei siste representerer ei anna distriktspolitisk tenking og ser det som gunstig å etablere større regionar.

Også i verdispørsmål, som til dømes om det bør vere eit forbod mot nikab (heildekkjande ansiktsslør) i det offentlege rommet, står stundom ein verdikonservativ fløy mot ein meir liberal fløy i partiet. Senterpartiet er mot eggdonasjon. Då abortlova vart stramma inn våren 2019, røysta eit klart fleirtal av senterpartirepresentantane for dette.

Det som sameiner mykje av politikken til Senterpartiet, og som har gitt veljarsuksess dei siste åra, vert omfatta av slagordet «kamp mot sentralisering» – eit litt paradoksalt slagord med omsyn til partinamnet. Uttrykket «kamp mot sentralisering» inneber motstand mot reformer som partiet meiner kan svekkje tilbodet i utkantane eller auke avstanden til politikarar og tenester i lokalsamfunna. Døme på dette er kommunesamanslåingane og politireforma som innebar færre politidistrikt.

Med omsyn til sakseigarskap, altså saksfelt eit parti har mest truverd på mellom veljarane, er distriktspolitikken i særklasse for Senterpartiet.

Partiet vil halde oppe det store mangfaldet av språk og dialektar i Noreg og legg vekt på at «flest mogleg får uttrykkje seg på eit språk som står dei nær, og som dei meistrar godt» (arbeidsprogrammet 2013–17). Med få unntak har partiet røysta for dei språkpolitiske tiltaka målrørsla har prioritert, og i regjeringa Stoltenberg II har partiet vore ein språkpolitisk pådrivar. Ved stortingsvala i 2005 og 2009 hadde partiet svært omfattande avsnitt i arbeidsprogramma sine om politikken for norsk språk. Senterpartiet vil dyrke og sikre nynorsk og bokmål som jamstilte språk og meiner at dette krev ein særskild innsats for nynorsk. Partiet meiner at skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål skal vere obligatorisk både i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen. Med omsyn til språkprofilen til senterpartiveljarane er partiet kraftig overrepresentert blant nynorskbrukarane.

Ideologi

Etter norsk målestokk er Senterpartiet på fleire område eit konservativt parti. Dei lange linjene er viktige, og partiet kjempar ofte for å verne om det som har vore. Samstundes liknar synet på det offentlege si rolle i økonomien på det venstresida i politikken står for. Tanken er at det offentlege bør regulere marknadskreftene og omfordele.

Senterpartiet si tilnærming til politikk kan karakteriserast som kommunitaristisk. Kommunitarismen går ut på at individa treng sterke «småfellesskapar» – familie og lokalsamfunn – og kjennskap til dei lange linjene. Det moderne samfunnet legg vekt på individuell fridom og at alle har like rettar, men før individet kan bruke fridomen, er det avhengig av fellesskapen. Denne tenkinga legg òg vekt på at dersom borgarane får svært mange sterke rettar, kan det vere problematisk, for det reduserer kva folkestyret kan bestemme over.

Dei viktigaste verdiane til Senterpartiet er fellesskap, tryggleik og likskap i geografisk forstand. Partiet er føre var ikkje berre i miljøpolitikken, men òg når det gjeld å verne om store og små fellesskapar.

Senterpartiet har visse populistiske trekk ved at partiet vil representere folket mot elitane i Noreg og i EU, men denne forma for populisme er ikkje aggressiv. Senterpartiet står for ein ansvarleg politisk tradisjon, som skil partiet frå til dømes dei høgrepopulistiske partia i Nederland, Tyskland og Frankrike. Senterpartiet er ein annan type parti og spelar til dømes ikkje på framandfrykt i politikken.

Historie

Då Senterpartiet vart skipa 19. juni i 1920, var partiet ein del av bonderørsla. Bonderørsla bestod både av småbrukarar i Norges Smaabrugerforbund og av bønder med noko større bruk, organiserte i Landmandsforbundet. Bondepartiet sprang ut av det siste. Under første verdskrigen hadde spenningane mellom by og land vorte sterkare. Lønstakarane i byane hamna i ein interessekonflikt med bøndene, som ville ha tollvern og høge prisar på korn. For Høgre og særleg Venstre var det vanskeleg å berre tene interessene til bøndene. Det opna for det nye partiet, Bondepartiet. Bondepartiet oppnådde mellom 13 og 15 prosent både i dei første vala og utover i mellomkrigstida. Det nye partiet gjorde eit innhogg i veljargrunnlaget til Venstre.

Bondepartiet kjempa for interessene til bønder og bygdefolk. Partiet var på vakt mot den politiske hovudmotstandaren sin, Arbeidarpartiet, og i fronten mot sosialistane gjekk ein ikkje av vegen for å alliere seg med grupper langt ute på høgresida. Partiet heiste den nasjonale fana høgt, og her hadde den norske bonden ein plass. Krisetider på landsbygda fall stundom ikkje saman med nedgangstider i industrien. Fordi bygd og by av og til stod mot kvarandre, var det heller ikkje lett å etablere eit samarbeid mellom Bondepartiet og dei andre ikkje-sosialistiske partia, med sine mange byveljarar.

Bondepartiet hadde ikkje mange vener blant dei andre partia då partiet tok over regjeringsmakta i 1931, etter at Høgre og Venstre fekk stortingsfleirtalet mot seg. Samarbeidsklimaet var no dårleg også mellom Bondepartiet og dei andre ikkje-sosialistiske partia. Bondepartiet hadde regjeringsmakta fram til 1933. Jens Hundseid tok over statsministerposten frå Peder L. Kolstad, som døydde i 1932. I regjeringsposisjon gjennomførte partiet ein lite venleg politikk mot fagrørsla. Likevel var det Bondepartiet og Arbeidarpartiet som fann saman i 1935, då dei inngjekk eit samarbeid som har vorte kalla kriseforliket. Dei vanskelege økonomiske tidene bana vegen for nye samarbeidspartnarar. Arbeidarpartiet fekk regjeringsmakt mot at Bondepartiet fekk igjennom fleire av dei viktigaste krava sine, mellom anna prisstøtte til landbruksprodukt.

Vidkun Quisling var forsvarsminister i bondepartiregjeringa i 1931–33. Han danna Nasjonal Samling i 1933. Den tidlegare statsministeren frå partiet, Jens Hundseid, melde seg inn i Nasjonal Samling i 1940 og vart etter krigen dømd til ti års fengsel for landssvik. Trass i denne belastninga reiste Bondepartiet seg att.

Då dei ikkje-sosialistiske partia fekk fleirtal og danna regjering etter 1965-valet, vart Per Borten statsminister frå det som etter namneskiftet i 1959 heitte Senterpartiet. Høgre var det største partiet, men dei tre mellompartia – Senterpartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti – kravde at eitt av dei skulle ha statsministeren. Arbeidarpartiet hadde i valkampen truga med at det kom til å verte eit systemskifte dersom dei ikkje-sosialistiske partia overtok makta. Det vart det ikkje. Under regjeringstida til Borten vart både nedsett arbeidstid og den store folketrygdreforma gjennomført.

Senterpartiet var med i ulike ikkje-sosialistiske regjeringar i 1970-, 80- og 90-åra. Ved stortingsvalet i 1993, før folkeavrøystinga om EU i 1994, gjorde partiet sitt beste val nokon gong og fekk 16,7 prosent, nesten tre gonger så mykje som gjennomsnittet for oppslutninga ved dei føregåande stortingsvala.

På 2000-talet skifta partiet politiske alliansepartnarar. Særleg i den økonomiske politikken hadde Senterpartiet meir til felles med dei som gjekk sterkare inn for å regulere økonomien og halde oppe skattenivået. Frå 2005 til 2013 var partiet med i den raudgrøne regjeringa, leidd av Jens Stoltenberg frå Arbeidarpartiet.

Våren før stortingsvalet i 2017 opplevde Senterpartiet ein sterk vekst på meiningsmålingane., og partiet oppnådde det beste valresultatet nokon gong etter verdskrigen, med unntak av brakvalet året før EU-avrøystinga, valet i 1993. Partiet makta å gjenopplive ei konfliktlinje som gjekk langt tilbake i norsk politisk historie. Det galdt spenninga mellom sentrum og periferi, eller eliten mot vanlege folk, som senterpartifolk ofte kallar det. Senterpartiet makta å mobilisere langs denne konfliktlinja ved å hevde at saker som kommunereforma, færre lensmannskontor og sjukehusnedleggingar var del av den same politiske motsetnaden. Også trekk ved den nye offentlege styringa, som inneber mykje tilsyn og kontroll, føydde partiet til i motstanden sin mot «Oslo-eliten». Etter 2017 har framgangen til partiet halde fram.

Sentrale politikarar

Per Borten var statsminister for dei ikkje-sosialistiske partia frå 1965 til 1971. Etter mange år med arbeidarpartistyre representerte Borten ein opnare stil. Sjølv var han ofte tvisynt og brukte lang tid på å bestemme seg. At Borten-regjeringa måtte gå av, var den store politiske skandalen i samtida. Bakgrunnen var at eit fortruleg notat, om sannsynet for at norske landbruksinteresser ville verte svekte ved ein EF-medlemsskap (EF var forkortinga for det som no heiter EU), hadde vorte leke til pressa. Borten markerte Senterpartiet som noko meir enn eit bondeparti. Som naturvernar var han tidleg ute.


Video frå NRK Skole: «Regjeringen Borten»

Johan J. Jacobsen var ein lun og humørfylt senterpartipolitikar i ulike sentrale roller i siste del av det førre hundreåret. Anne Enger Lahnstein stod i bresjen i kampen mot EU først i 1990-åra. Ho vart kalla «nei-dronninga» og var nærmast ei heltinne på nei-sida med sin engasjerte og truverdige argumentasjon. Tidlegare hadde ho leidd ein annan organisasjon med sterk støtte på grasrota og som det storma rundt, Folkeaksjonen mot fri abort.

Ola Borten Moe, barnebarnet til Per Borten, har markert seg som ein framsynt og prinsipiell politikar som venteleg vil få ei viktig rolle i partiet. Liv Signe Navarsete var i perioden 2008–14 leiar for partiet. Navarsete trekte seg som partileiar etter ein periode med mykje indre uro i partiet og særleg mykje konfliktar med Ola Borten Moe.

Ny leiar på ekstraordinært landsmøte i april 2014 vart bonden Trygve Magnus Slagsvold Vedum frå Stange. Slagsvold Vedum vart med sine 36 år den yngste partileiaren i Senterpartiet nokon gong. Han viste seg å vere eit lukketreff for partiet etter tida med intern uro. Med sin folkelege stil og karakteristiske latter samla han partiet utan å vere hefta med konfliktane som hadde vore. Slagsvold Vedum fekk godt fram ein bodskap om at elitane og sentrum førte ein politikk over hovudet på folk utanfor Oslo-gryta, og han opplevde større veljaroppslutnad om Senterpartiet enn partiet hadde hatt nokon gong etter andre verdskrigen, med unntak av tida rundt EU-avrøystinga i 1994.

Liv Signe Navarsete (2012). Foto: Senterpartiet (Sp), Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Liv Signe Navarsete (2012). Foto: Senterpartiet (Sp), Flickr.com CC BY-ND 2.0.

Veljarprofil og organisasjon

Senterpartiet fekk 302 017 røyster ved stortingsvalet i 2017, det tilsvarte 10,3 prosent av røystene og var om lag ei dobling av røystetalet ved det føregåande stortingsvalet. Partiet fekk 19 stortingsmandat, mot 10 i føregåande val, og av desse var eitt utjamningsmandat. Partiet stilte eigne partilister i 385 kommunar ved kommunevalet i 2015, og ved utgangen av 2018 hadde partiet nesten 18 000 medlemer.

Når det gjeld veljarprofil, skil Senterpartiet seg på 2000-talet ut ved å vere kraftig overrepresentert blant bønder og fiskarar. Partiet står klart svakast i funksjonærsjiktet i privat sektor. Partiet står noko sterkare blant menn enn blant kvinner. Den klart svakaste regionen til partiet er langs Oslofjorden. Partiet står sterkt på det indre Austlandet og i endå større grad i Trøndelag. Det er svært underrepresentert blant byveljarane, men står sterkare blant veljarar som bur i område med spreidd busetnad.

Dei viktigaste partiorgana i Senterpartiet er landsmøtet, landsstyret, sentralstyret, arbeidsutvalet og dessutan fylkeslag og lokallag. Landsmøtet er det øvste organet for partiet og vert ordinært kalla saman annakvart år. Mellom landsmøta er landsstyret det øvste styringsorganet. Landsstyret skal møtast minst to gonger kvart år og er sett saman av det landsmøtevalde sentralstyret, to representantar frå stortingsgruppa, fylkesleiarane, ein representant frå sametingsgruppa, tre representantar frå Senterkvinnene, tre representantar for Senterungdomen og ein representant frå styret i Samepolitisk råd. I sentralstyret sit leiaren i partiet, dei to nestleiarane, seks landsmøtevalde medlemer og i tillegg leiarane av Senterkvinnene, Senterungdomen og Senterpartiets studieforbund. Den parlamentariske leiaren for partiet skal òg sitje i Sentralstyret. Begge kjønna skal vere representerte med minst fire personar.

Ungdomsorganisasjon til Senterpartiet er Senterungdomen.

I 2015 hadde Senterpartiet inntekter på like under 51 millionar kroner. 64 prosent av inntektene var offentleg støtte, 24 prosent kom frå eiga verksemd, og 8 prosent av inntektene fekk Senterpartiet frå organisasjonar i arbeidslivet. To prosent var bidrag frå einskildpersonar. Valkampbudsjettet til partiet før 2013-valet var på to millionar kroner, ifølgje ei oversikt.

Nationen var bonderørsla si avis då ho vart etablert i 1918. Avisa vart ei partiavis for Bondepartiet og seinare Senterpartiet. I dag er avisa ei sjølvstendig dagsavis som framleis dekkjer stoffområde og har ein profil som har nedslagsfelt hos kjerneveljarane til Senterpartiet.

Då partiet vart skipa, var namnet Bondepartiet. I 1959 skifta partiet namn til Senterpartiet.

Kjelder

Frode Berglund, Ingvild S. Reymert og Bernt Aardal: Valgundersøkelse 2009. Dokumentasjonsrapport. Notater 29/2011. Statistisk sentralbyrå, Oslo 2011

Berge Furre: Vårt hundreår. Norsk historie 1905–1990. Oslo 1992

«Slik skal han endre Norge», Dagbladet 22.3.2017

Kjell Magne Sørenes: «Sps dissensdronning». Klassekampen 23.3.2017


Johannes Bergh og Rune Karlsen: Politisk dagsorden og sakseierskap ved stortingsvalget i 2017, notat, Institutt for samfunnsforsking ved Universitetet i Oslo, sv.uio.no: https://www.sv.uio.no/isv/forskning/prosjekter/valgforskning/aktuelle-saker/politisk-dagsorden-og-best-politikk-ssb.pdf [lesedato 12.8.2019]

Renold Tennysen Christopher og Marita Skeie: «– Hareide er en medlemsmagnet» og «Medlemstall politiske partier 2011 og 2012», NRK Hordaland, publisert 7.3.2013: http://www.nrk.no/hordaland/medlemmene-svikter-frp-1.10939144 [lesedato 28.7.2013]

 Bjarne Riiser Gundersen: «Skarsbø Moen Borten Moe». Morgenbladet 5.4.2013, morgenbladet.no: http://morgenbladet.no/samfunn/2013/skarsbo_borten_moen_moe#.UfUyAW0zJ8E [lesedato 28.7.2013]

Hilde Lysengen Havro: «Ola Borten Moe skaper miljø-splid i Senterpartiet», Nationen 1.9.2011, nationen.no: http://www.nationen.no/2011/09/01/politikk/ola_borten_moe/olje/energi/senterpartiet/6872428/ [lesedato 28.7.2013]

Jens Kihl. «Meir gøy på ytre fløy». Bergens Tidende, 8.2.2019, bt.no: https://www.bt.no/btmeninger/kommentar/i/4dpvaq/meir-goey-paa-ytre-floey [lesedato 12.8.2019]

Dag Kullerud: «– Opera og mer bråk», Dagbladet 18.8.1997, dagbladet.no: http://www.dagbladet.no/971018/nyh-16.html[lesedato 15.8.2013]

Norsk senter for forskingsdata (NSD): «Data om det politiske system», nsd.uib.no: http://www.nsd.uib.no/polsys/regjering/[lesedato 28.7.2013]

Nettstaden til Senterpartiet: http://www.senterpartiet.no/[lesedato 28.7.2013]

«Senterpartiet. Landsmøte 2017», nettstaden til Senterpartiet: https://www.senterpartiet.no/politikk/landsmote-2017 [lesedato 23.3.2017]

Statistisk sentralbyrå: «Finansiering av politiske partier» (2017), ssb.no, sist oppdatert 13.9.2018: https://www.ssb.no/partifin [lesedato 12.8.2019]

Statistisk sentralbyrå: «Kommunestyre- og fylkestingsvalget, kandidater og representanter, 1. oktober 2015», ssb.no, publisert 28.1.2016: https://www.ssb.no/valg/statistikker/kommvalgform/hvert-4-aar-representanter/2016-01-28#contenthttps://www.ssb.no/kommvalgform/ [lesedato 12.8.2019]

Karen Tjernshaugen: «Vi sjekket hvem den typiske velgeren til de ulike partiene er. Kjenner du deg igjen?», aftenposten.no, publisert 28.6.2017:  https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/Oxv8l/Vi-sjekket-hvem-den-typiske-velgeren-til-de-ulike-partiene-er-Kjenner-du-deg-igjen [lesedato 12.8.2019]

Bjørn Unneberg: «Per Borten», Norsk biografisk leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/Per_Borten/utdypning [lesedato 28.7.2013]

Valdirektoratet: «Valg. Tall for hele Norge. Stortingsvalg. 2017.», valgresultat.no, sist oppdatert 26.2.2018: https://valgresultat.no/?type=st&year=2017 [lesedato 12.8.2019]

Peikarar

Nettstaden til Senterpartiet, senterpartiet.no 

Senterpartiet sitt partiprogram 2017–21, senterpartiet.no

Først publisert: 19.08.2013
Sist oppdatert: 28.08.2019