Hopp til innhold
X
Innhald

Sosialistisk Folkeparti

Sosialistisk Folkeparti (SF) vart stifta som politisk parti i 1961, men gjekk inn i Sosialistisk Venstreparti i 1976. Partiet vart grunnlagt av personar i og utanfor Arbeidarpartiet som stilte seg kritiske til den utanrikspolitiske lina. Synet vart særleg bore fram av vekeavisa Orientering som starta i 1953. Sosialistisk Folkeparti var med i Sosialistisk Valforbund saman med Noregs Kommunistiske Parti (NKP) og Demokratiske Sosialister (AIK).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.09.2012
Sist oppdatert: 27.09.2012