Hopp til innhold
Logoen til Venstre.
Logoen til Venstre.
X
Innhald

Venstre

Venstre, norsk politisk parti, stifta i 1884. Venstre er det eldste politiske partiet i landet og har forma den liberal-demokratiske styringsforma vi har i Noreg. Venstre er eit liberalt miljøparti.

Venstre har ei stolt politisk fortid. I tida rundt partidanninga var partiet drivkrafta for å få igjennom parlamentarismen, utvida røysterett for menn og etter kvart røysterett for kvinner. I tida etter at Noreg hadde vorte ein sjølvstendig stat i 1905, var framsynte venstrepolitikarar med på å tryggje interessene til den unge nasjonen.

Kjernesaker for Venstre er miljøpolitikk og forsvaret av dei liberale fridomane. Medan det liberale er eit gjennomgåande trekk i Venstre si historie, er miljøsaka nyare. Det var tidleg i 1970-åra at Venstre arbeidde fram ein tydeleg miljøpolitikk, som enno kjenneteiknar partiet.

Den første leiaren for Venstre var Johan Sverdrup. I tillegg til Sverdrup har Johan Castberg og Gunnar Knudsen vore sentrale politikarar både i partiet og i norsk historie.

I 2018 hadde Venstre 6704 medlemer. Partiet var representert på Stortinget i alle stortingsperiodane etter skipinga, fram til 1980-åra. I valperiodane 1985–89 og 1989–93 var partiet ikkje representert på Stortinget. Seinare har Venstre alltid hatt stortingsrepresentantar. I perioden 2015–19 fekk Venstre sju ordførarar i norske kommunar. I norsk historie har seks ulike statsministrar kome frå Venstre, og etter dei første partidanningane i 1884 har Venstre hatt statsministeren i til saman 42 av åra fram til 2013.

Før stortingsvalet i 2017 var eit av dei store spenningsmomenta om Venstre ville kome over sperregrensa på 4 prosent, sidan det sannsynlegvis vart avgjerande for å sikre borgarleg fleirtal. Samstundes var regjeringsspørsmålet vanskeleg for partiet. Erfaringane med å stå utanfor den blåblå regjeringa i perioden 2013–17, men ha ein omfattande samarbeidsavtale med regjeringa, freista ikkje til gjentaking. Venstre ville primært ha ei ny regjering etter valet i 2017, med Venstre, Høgre og Kristeleg Folkeparti. Etter forhandlingar vinteren 2017 og 2018 gjekk partiet inn i regjeringa med tre statsrådar 17. januar 2018. Det gav ingen veljargevinst, og partiet fall endå meir på meiningsmålingane.

Video frå NRK Skole: «Norges eldste parti er Venstre» (sendt 28.1.1984)

Politikken til Venstre

Venstre har vore eit av dei mest konsekvente miljøpartia i Noreg. Partiet arbeider for naturvern og ønskjer kutt i dei klimaskadelege utsleppa. Det går imot oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja og ønskjer meir bruk av fornybar energi. Venstre vil at fleire bruker kollektivtrafikk, og partiet vil leggje betre til rette for syklistar. Både som samarbeidsparti og seinare regjeringspartnar fekk Venstre gjennomslag for fleire miljøsaker i Erna Solberg-regjeringane, mellom anna om grønt skatteskifte.

Dei liberale grunnverdiane til Venstre kjem til uttrykk i motstand mot mange statlege forbod og ein omseggripande stat, særleg med omsyn til overvaking. Partiet var sterkt imot innføring av datalagringsdirektivet, som inneber lengre lagringstid av datatrafikk for at politiet skal få nye verkemiddel i arbeidet sitt. Partiet støttar ein liberal innvandrings- og integrasjonspolitikk, og for Venstre vil til dømes eit forbod mot tigging vere i strid med liberale kjerneverdiar. Venstre vil tillate eggdonasjon og gjekk på landsmøtet sitt våren 2017 som første norske parti inn for at det skulle verte lovleg med ikkje-kommersiell surrogati. Det inneber å gjere det lovleg å kunne bere fram barnet for nokon andre, så lenge det ikkje er tale om handel.

Frå Venstre sitt landsmøte 2017. Foto: Mona Lindseth, Venstre på Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Frå Venstre sitt landsmøte 2017. Foto: Mona Lindseth, Venstre på Flickr.com CC BY-SA 2.0. 

Partiet har støtta opp om sosiale reformer, men har òg markert seg mot den sterke stillinga fagrørsla har i Noreg. Fagrørsla kan bremse ei naudsynt modernisering i arbeidslivet, til dømes med omsyn til arbeidstidsregulering, ifølgje venstrepolitikarar. Partiet meiner at det er nødvendig å kutte i sjukeløna. Den tette koplinga mellom Arbeidarpartiet og Landsorganisasjonen er Venstre kritisk til. Høgre–venstre-motsetnaden i politikken om staten si rolle i økonomien har gjennom heile partihistoria utgjort ei intern spenning.

Den saka veljarane samla meiner Venstre er best på, er miljøsaka. Det same gjeld dei som røystar Venstre: Heile 75 prosent av Venstre-veljarane meiner Venstre er best på miljø, etterfølgd av partiets liberale innvandringspolitikk og skulesaka.

Venstre var det første partiet som programfesta språkpolitiske tiltak, i 1906. Både i regjering og opposisjon har partiet vore ein pådrivar for jamstilling mellom nynorsk og bokmål, og med få unntak har partiet røysta for dei språkpolitiske tiltaka målrørsla har prioritert. Venstre legg til grunn at «språk er nøkkelen til like muligheter i skolen og samfunnet» og vil at elevane skal møte «bredden i det norske språket» gjennom heile skulegangen (arbeidsprogrammet 2013–17). Partiet meiner at skriftleg opplæring i både nynorsk og bokmål skal vere obligatorisk både i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen, og at læremiddel må liggje føre på nynorsk og bokmål til same tid og til same pris. Partiet si oppslutning ser ut til å vere om lag like stor blant nynorskbrukarar som blant bokmålsbrukarar.

Ideologi

Venstrepolitikarar er ideologisk medvitne om den liberale arven. Liberalismen set fridomen til einskildmennesket i sentrum. Det er utillateleg av staten å favorisere livssynet og verdigrunnlaget til nokre borgarar og å diskriminere andre. Staten må heller vere nøytral med omsyn til dei verdivala borgarane tek, og sjå til at fridomen til den eine ikkje hindrar fridomen til den andre, slik det heiter i «skadeprinsippet» til den liberale filosofen John Stuart Mill. Ulike retningar i liberalismen er samla om kravet om at staten ikkje må vere diskriminerande, men behandle borgarane likt. Ut frå denne liberale kjernen spring det ut både venstresideretningar der ein ser for seg ein aktivt omfordelande stat, og høgresideretningar som vil ha mindre statleg regulering av økonomien. Venstre har med tida vorte meir høgreliberalt, eller liberalistisk, enn partiet var før, men partiet kan framleis reknast som eit sosialliberalt parti, som vil inkludere og lyfte opp svakarestilte grupper i samfunnet.

Fridom er den sentrale verdien til Venstre. Politikken skal sikre sjølvråderetten for einskildmennesket. Borgarane må ha eit vake blikk retta mot staten, for dersom statsmakta vert for dominerande, fører det fort til maktmisbruk.

Historie

Venstre var ei drivande kraft både då det norske parlamentariske demokratiet var i støypeskeia, og då det nye sjølvstendige landet meisla ut sin eigen politikk etter 1905. Partiet har romma grupperingar med ulike interesser og har opplevd mange splittingar.

Venstre vart stifta 28. januar i 1884 i Oslo. Bakgrunnen for partidanninga var kampen mot embetsmannsstyret og innføring av parlamentarismen. Venstre stod for det parlamentariske prinsippet: Regjeringa skulle skipast med utgangspunkt i det partiet som hadde fleirtal på det folkevalde Stortinget. Parlamentarismen som Venstre stod for, fekk eit gjennombrot i 1884. Regjeringane i Noreg vart frå då av avhengige av støtte frå Stortinget for å kunne styre. Johan Sverdrup frå Venstre vart den første statsministeren i det nye parlamentariske systemet.

Video frå NRK Skole: «Venstre fra Sverdrup til Dørum» (sendt 27.3.1982):

Venstre ville utvide røysteretten slik at han femna om fleire enn dei som hadde rimeleg gode inntekter. Det var også venstrepolitikarar som førte kampen for kvinneleg røysterett inn i det parlamentariske systemet.

Venstre var opphavleg ein brei allianse. Men det var både interessemotsetnader og kulturelle spenningar i partiet, mellom dei reformvenlege i byane og dei kulturkonservative på bygdene. I byane hadde Venstre støtte av lærarar og mange handverkarar, på bygdene av bønder og småkårsfolk. Ein sosial reformpolitikk skulle hindre at den framveksande arbeidarklassen vart for radikal. Delar av arbeidarklassen slutta opp om Venstre. Venstre ville heve seg over klassepolitikken, men fleire av sakene partiet kjempa fram både sist i det 19. hundreåret og først i det 20. hundreåret, kan ein òg sjå på som ein klassekamp for dei utan privilegium. På lengre sikt lukkast partiet likevel ikkje i å demme opp for meir radikale parti, som ville mobilisere arbeidarane.

At partiet var breitt samansett, gjorde at det var utsett for indre rivningar. Venstre har ved fleire høve opplevd at grupperingar har brote ut og danna sine eigne parti. I 1888 vart Moderate Venstre skipa av sterkt truande utbrytarar. I 1903 braut ei gruppe liberale ut. Dei opplevde at Venstre vart for radikalt og samla seg i Frisinnede Venstre i 1909. Dette var den mest alvorlege partisplittinga. Også då bøndene fekk sitt eige parti i 1920, Bondepartiet, og då kristne danna Kristeleg Folkeparti i 1933, vart veljargrunnlaget til Venstre tynna ut.

I delar av mellomkrigstida hadde eit Venstre i sentrum av norsk politikk regjeringsmakt utan å ha eit stortingsfleirtal i ryggen. I etterkrigstida var partiet eit av dei ikkje-sosialistiske partia, som først sleppte til i regjering i 1965.

EF-saka først i 1970-åra (EF var forkortinga for det som no vert kalla EU) vart vanskeleg for Venstre. Partiet opplevde i 1960-åra indre rivningar mellom radikale og meir moderate grupper, og EU-saka forsterka spenningane internt. I 1972, då dei ikkje fekk fleirtal for sitt syn på EF på landsmøtet i Venstre, braut EF-tilhengjarane ut. Etter det gjekk veljaroppslutninga kraftig ned. Partiet har ikkje ved noko val etter splittinga i 1972 vore like stort som det dårlegaste valet partiet hadde i alle val før 1972.

Over sperregrensa

Venstre fall ut av Stortinget i 1985 og kom heller ikkje inn att i 1989. Men partiet har vore representert på Stortinget i alle valperiodane frå og med 1993-valet, og har frå då av igjen spela ei rolle i norsk politikk som eit liberalt alternativ på ikkje-sosialistisk side. Før valet i 2013 garanterte Venstre at partiet ville støtte ei ikkje-sosialistisk regjering også om ho var samansett av Høgre og Framstegspartiet.

Valresultatet ved stortingsvalet 2013 sende Venstre over sperregrensa igjen. Partiet fekk ei oppslutning på 5,2 prosent, noko som gav ni mandat på Stortinget. Venstre deltok i regjeringssonderingar med Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, men valde saman med KrF å stå utanfor regjeringa. Høgre og FrP danna regjering åleine.

Dei fire borgarlege partia skreiv likevel under på ein felles samarbeidsavtale som ein parlamentarisk basis for regjeringa. I avtalen er det òg ein klausul om at KrF og Venstre kan kome inn i regjeringa i denne stortingsperioden når dei måtte ønskje det.

Det synte seg å vere ei krevjande rolle å vere med i eit samarbeid med den blåblå regjeringa, men utan å sitje i regjeringskontora. Det var også sterke spenningar, særleg mellom Venstre og Kristeleg Folkeparti på den eine sida og Framstegspartiet på den andre. Venstre fekk difor ein vanskeleg balansegang med omsyn til å vilje ha ei borgarleg regjering, men ikkje verte for tett assosiert med Framstegspartiet. Partiet ønskte ei borgarleg regjering, og primært skulle ho bestå av Venstre, Høgre og Kristeleg Folkeparti. Samstundes var Framstegspartiet den klart mest sannsynlege regjeringspartnaren for Høgre også etter valet i 2017. På meiningsmålingane året før valet låg Venstre stundom like over og stundom like under sperregrensa på fire prosent, og det vart spennande også for lagnaden til den borgarlege regjeringa om Venstre fekk meir eller mindre enn 4 prosent ved valet. Resultatet vart 4,4 prosent, og dermed var det ikkje-sosialistiske fleirtalet sikra på ny.

Sentrale politikarar

I den augneblinken all kraft og makt vert samla i denne sal, vil det gå ei vekking over landet, hevda Johan Sverdrup i 1872. Fram mot gjennombrotet til parlamentarismen i 1884 var Johan Sverdrup den leiande politikaren i venstrerørsla. Han vart den første leiaren i Venstre i 1884, og same året vart han norsk statsminister, då parlamentarismen vann fram. I 1888 slutta han seg til dei verdikonservative utbrytarane som danna Moderate Venstre.

Johan Sverdrup. Foto: Statsministerens kontor. Med løyve for Allkunne.

Johan Sverdrup. Foto: Statsministerens kontor. Med løyve for Allkunne.

Christian Michelsen, som var ein djerv og handlekraftig politikar under unionsoppløysinga i 1905 og den første statsministeren i den frie nasjonen, vart først vald inn på Stortinget som venstremann. Men Michelsen var ingen partimann, han ville ha sterke, sjølvstendige politiske leiarar. Han meinte dessutan at Venstre hadde vorte for radikalt. I 1903 gjekk han ut av Venstre og var med og danna Samlingspartiet. Deretter vart han med i Frisinnede Venstre i 1909.

Johan Castberg var den første sosialministeren i Noreg. Han var radikal og var frå 1906 den sentrale politikaren i partiet Arbeiderdemokratene, som var assosiert med Venstre med felles vallister. Han kan reknast som del av venstrerørsla og som ein som var med på å utforme politikken til partiet. Dei «castbergske barnelovene» sikra rettane til barn fødde utanfor ekteskap og gav dei lik rett på farsarv som barn fødde innanfor ekteskap. Castberg var ein sosial reformator som var med og la grunnsteinane til velferdsstaten. Han var òg ei drivkraft i arbeidet med konsesjonslovene, som sikra staten råderett over vasskraft- og naturressursane i landet.

Gunnar Knudsen var den radikale, sterke og handlekraftige partileiaren frå 1909 til 1927. Han leidde regjeringa frå 1908 til 1910 og frå 1913 til 1920, lenger enn nokon annan i perioden mellom 1884 og 1945. Under Gunnar Knudsen vart norsk råderett til vasskraftutbygging, bergverk og skogseigedomar tryggja og fleire sosialpolitiske reformer lanserte. Men utbrotet av første verdskrigen og vanskelege økonomiske tider hindra gjennomføringa av dyre reformer.

I nyare tid var Lars Sponheim, trass i ei lita partigruppe, ein venstremann som viste att i det politiske landskapet i 1990-åra og på 2000-talet. Trine Skei Grande vart vald til leiar i Venstre i 2010.

Trine Skei Grande, Lars Sponheim og Ola Elvestuen i 2009. Foto: Caroline Roka, Venstre på Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Trine Skei Grande, Lars Sponheim og Ola Elvestuen i 2009. Foto: Caroline Roka, Venstre på Flickr.com CC BY-SA 2.0.

Veljarprofil og organisasjon

Ved stortingsvalet i 2017 fekk Venstre 127 910røyster, det vil seie 4,4 prosent av røystene. Det gav partiet åtte stortingsmandat, av desse var fire utjamningsmandat. Partiet var fjerde størst med omsyn til kor mange kommunar partiet hadde rein partiliste i ved lokalvalet i 2015, og hadde då liste i 316 kommunar. Venstre hadde i 2018 6700 medlemer, som var meir enn 20 prosent færre enn tre år tidlegare.

Når det gjeld veljarprofil, har Venstre på 2000-talet stått svakast i gruppa arbeidarar og sterkast blant studentar og i funksjonærsjiktet i offentleg og privat sektor. Partiet har markant større oppslutnad i høginntektsgruppene og frå dei med høgare utdanning, samanlikna med dei med lågare utdanning. Den sterkaste regionen til partiet er langs Oslofjorden, og partiet står svakast på Sør-Vestlandet . Partiet har sterkare oppslutnad i byane enn i spreiddbygde strøk og står sterkare blant yngre veljarar enn dei eldste.

Dei viktigaste partiorgana i Venstre er landsmøtet, landsstyret, sentralstyret, eit sentralt sekretariat og dessutan fylkeslag og lokallag. Landsmøtet er det øvste organet og vert samankalla årleg. I tida mellom landsmøta er landsstyret det øvste organet. Landsstyret skal møtast minst to gonger mellom kvart landsmøte og er sett saman av det landsmøtevalde sentralstyret og åtte direktevalde landsstyremedlemer. Vidare er fylkesleiarane, to frå Unge Venstre og ein representant frå Noregs Venstrekvinnelag og ein frå Noregs Liberale Studentforbund med. Sentralstyret leier arbeidet i partiet mellom landsstyremøta. I sentralstyret sit partileiaren, dei to nestleiarane, fire landsmøtevalde medlemer og i tillegg leiaren i Unge Venstre og i Noregs Venstrekvinnelag.

Ungdomsorganisasjonen til Venstre, Unge Venstre, har ofte spela ei sjølvstendig rolle og vore ein ideologisk vakthund overfor moderpartiet.

I 2017 var dei samla inntektene til Venstre litt over 52 millionar kroner. 51 prosent av inntektene var offentleg støtte, og heile 34 prosent kom frå eiga verksemd dette året, medrekna 10 prosent av inntektene som var frå medlemskontingent. Venstre hadde ingen inntekter frå organisasjonar i arbeidslivet, men fekk sju prosent av inntektene frå kommersielle føretak, medan nærmare fire prosent var bidrag frå einskildpersonar. Valkampbudsjettet til partiet før 2013-valet var på 6,5 millionar kroner, ifølgje ei oversikt.

Ei avis som vart rekna som venstreavis før avisene utover i 1970- og 80-åra vart meir sjølvstendige, er Dagbladet. Dagbladet er framleis ei liberal avis, men hallar meir mot venstresida der partiet Venstre hallar mot høgre. Også Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad var tidlegare viktige organ for partiet.

Venstre heitte først Norges venstreforening, seinare Norges venstrelag, før det tok namnet Venstre.

Kjelder

Hallvard Nordås, telefonsamtale 8.7.2013

Frode Berglund, Ingvild S. Reymert og Bernt Aardal. Valgundersøkelse 2009. Dokumentasjonsrapport. Notater 29/2011. Statistisk sentralbyrå, Oslo 2011

Berge Furre: Vårt hundreår. Norsk historie 1905–1990. Oslo 1992

Hilda Nyfløt og Reidar Solberg: «Valgkamp i knestående», Dagens Næringsliv 10.8.2013

Rune Slagstad: De nasjonale strateger. Oslo 1998

 

 

Johannes Bergh og Rune Karlsen: Politisk dagsorden og sakseierskap ved stortingsvalget i 2017, notat, Institutt for samfunnsforsking ved Universitetet i Oslo, sv.uio.no: https://www.sv.uio.no/isv/forskning/prosjekter/valgforskning/aktuelle-saker/politisk-dagsorden-og-best-politikk-ssb.pdf [lesedato 12.8.2019]

Øivind Bjørnson: «Johan Castberg», Norsk biografisk leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/Johan_Castberg/utdypning [lesedato 28.7.2013]

Renold Tennysen Christopher og Marita Skeie: «– Hareide er en medlemsmagnet» og «Medlemstall politiske partier 2011 og 2012». nrk.no/hordaland, publisert 7.3.2013: http://www.nrk.no/hordaland/medlemmene-svikter-frp-1.10939144 [lesedato 28.7.2013]

Per Fuglum: «Gunnar Knudsen», Norsk biografisk leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/Gunnar_Knudsen/utdypning [lesedato 28.7.2013]

Per Fuglum: «Johan Sverdrup», Norsk biografisk leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/Johan_Sverdrup/utdypning [lesedato 28.7.2013]

Olav Garvik, Ole Kristian Grimnes og Knut Are Tvedt: «Venstre», snl.no: http://snl.no/Venstre/norsk_parti [lesedato 28.7.2013]

Jens Kihl. «Meir gøy på ytre fløy», bt.no, publisert 8.2.2019: https://www.bt.no/btmeninger/kommentar/i/4dpvaq/meir-goey-paa-ytre-floey [lesedato 12.8.2019]

Kommunal Rapport: «Disse stiller liste til valget», kommunal-rapport.no, publisert 15.8.2015: http://kommunal-rapport.no/kommunevalg-2015/2015/08/disse-stiller-liste-til-valget [lesedato 31.3.2017] 

Norsk senter for forskingsdata (NSD): «Data om det politiske system», nsd.uib.no: http://www.nsd.uib.no/polsys/regjering/[lesedato 28.7.2013] 

NTB: «Grande puster lettet ut etter Venstre-landsmøte», abcnyheter.no: https://www.abcnyheter.no/nyheter/2017/04/02/195292422/grande-puster-lettet-ut-etter-venstre-landsmote [lesedato 19.3.2017]

Statistisk sentralbyrå: «Finansiering av politiske partier» (2017), ssb.no, sist oppdatert 13.9.2018: https://www.ssb.no/partifin [lesedato 12.8.2019]

Statistisk sentralbyrå: «Kommunestyre- og fylkestingsvalget, kandidater og representanter, 1. oktober 2015», ssb.no, publisert 28.1.2016: https://www.ssb.no/valg/statistikker/kommvalgform/hvert-4-aar-representanter/2016-01-28#contenthttps://www.ssb.no/kommvalgform/ [lesedato 12.8.2019]

Atle Thowsen: «Chr. Michelsen», Norsk biografisk leksikon, snl.no: http://nbl.snl.no/Chr._Michelsen/utdypning [lesedato 28.7.2013]

Karen Tjernshaugen: «Vi sjekket hvem den typiske velgeren til de ulike partiene er. Kjenner du deg igjen?», aftenposten.no, publisert 28.6.2017:  https://www.aftenposten.no/norge/politikk/i/Oxv8l/Vi-sjekket-hvem-den-typiske-velgeren-til-de-ulike-partiene-er-Kjenner-du-deg-igjen [lesedato 12.8.2019]

Valdirektoratet: «Valg. Tall for hele Norge. Stortingsvalg. 2017.», valgresultat.no, sist oppdatert 26.2.2018: https://valgresultat.no/?type=st&year=2017 [lesedato 12.8.2019]

Venstre: «Møtebok Venstres landsmøte 2017», venstre.no: https://www.venstre.no/assets/Møtebok-1-LM-2017.pdf [lesedato 11.4.2017]

Nettstaden til Venstre: http://www.venstre.no/ [lesedato 28.7.2013]

Venstre: «Tema Bioteknologi og etikk», venstre.no: https://www.venstre.no/tema/helse-sykehus/bioteknologi-og-etikk/ [lesedato 11.4.2017]

Peikarar

Nettstaden til Venstre, venstre.no 

Venstre sitt stortingsvalprogram 2017–21, venstre.no

Først publisert: 19.08.2013
Sist oppdatert: 28.08.2019