Hopp til innhold
X
Innhald

Al-Qaida

Al-Qaida, som tyder basen på arabisk, er ein islamistisk terrororganisasjon med bakgrunn i motstandsrørsla då Sovjetunionen okkuperte Afghanistan. Terrororganisasjonen er samansett av militante sunnimuslimske grupper som først og fremst rettar seg mot Vesten og Israel. Al-Qaida voks fram tidleg i 1990-åra. Al-Qaida meiner at muslimar i verda er truga av kristne og jødar og at muslimar har ei heilag plikt til å kjempe mot dette. Denne plikta til å delta i væpna kamp mot den "vestlege verda", kallast jihad.
 
Sidan 1996 har hovudkvarteret vore i Afghanistan, og gjennom Osama bin Laden hadde organisasjonen eit tett samarbeid med Taliban. Organisasjonen har celler som opererer i nettverk som er knytte saman i mange land. Ei av dei største undergruppene er al-Shabaab i Somalia, som står bak  fleire terroraksjonar.
 
USA heldt al-Qaida og bin Laden hovudansvarleg for åtaka mot landet 11. september 2001. Organisasjonen miste treningsleirane i Afghanistan då Taliban-regimet fall, men er òg seinare gjort ansvarleg for terroraksjonar. Osama bin Laden vart drepen av spesialstyrkar frå USA i Pakistan i 2011.
 
Sjå video frå NRK Skole USA drepte Osama bin Laden
 
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2014