Hopp til innhold
X
Innhald

Baath

Baath som er arabisk og tyder å vakne opp att, er namnet på eit politisk parti som opphavleg vart grunnlagt i Syria i 1943. Baath-partiet står for ein verdsleg orientert, panarabisk, nasjonalistisk ideologi med sosialistiske innslag.
Baath har dominert det politiske livet i Syria og Irak i etterkrigstida, og Baath-regime har hatt makta utan avbrot sidan 1970 i Syria og i Irak frå 1968 til regimet fall etter det USA-leidde åtaket i 2003. Baath-regima må sjåast på som brutale, militærstøttande diktatur.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2014