Hopp til innhold
X
Innhald

CDU

CDU står for Christlich-Demokratische Union og er eit tysk moderat-konservativt politisk parti med religiøs forankring, som vart stifta i 1946. Partiet samarbeider med CSU i Bayern. Eit parti med det same namnet spelte ei formell rolle i Aust-Tyskland, DDR. CDU var regjeringsparti i Vest-Tyskland, seinare Tyskland, fram til 1969, og igjen i åra 1982–1989 med Helmut Kohl som forbundskanslar. Angela Merkel vart vald som leiar for partiet i april 2000. Sidan 2005 har ho vore forbundskanslar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2014