Hopp til innhold
X
Innhald

Contras

Contras, dei kontrarevolusjonære, var væpna grupper som med støtte frå USA førte kamp mot sandinistregjeringa i Nicaragua frå basar i utlandet, hovudsakleg i Honduras. Contras fekk hemmeleg økonomisk støtte frå den amerikanske regjeringa trass i vedtak mot dette i Kongressen. Våpenkvila kom i 1989. Rørsla vart oppløyst etter at sandinistane tapte valet i februar 1990.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 24.01.2014