Hopp til innhold
Logoen til Dansk Folkeparti. Kjelde: danskfolkeparti.dk.
Logoen til Dansk Folkeparti. Kjelde: danskfolkeparti.dk.
X
Innhald

Dansk Folkeparti

Dansk Folkeparti vert rekna som eit høgrepopulistisk parti. Partiet sin kamp for ein stram innvandrings-, asyl- og flyktningpolitikk har hatt stor og aukande veljarsuksess i Danmark.

Dansk Folkeparti vart danna i 1995 etter usemje om den politiske linja i det populistiske danske Fremskridtspartiet. Fire representantar braut ut og danna ei eiga gruppe i den danske nasjonalforsamlinga, Folketinget. Dansk Folkeparti vart raskt den leiande krafta ytst på høgresida i dansk politikk. Frå starten i 1995 til 2012 sat Pia Kjærsgaard som markant leiar.

Partiet har mange fellestrekk med det norske Framstegspartiet. Partiet tok avstand frå dei ultraliberalistiske trekka i det danske Fremskridtspartiet sin politikk og ønskte å stå fram som vaktarar av den danske velferdsstaten. Partiet har bygd seg opp som kritiske i innvandrings- og asylspørsmål og som aktive motstandarar av innføringa av euroen i Danmark. I 2001 kom eit avgjerande vendepunkt, då Anders Fogh Rasmussen frå partiet Venstre danna si første regjering. Han danna regjering saman med Konservative Folkeparti og valde Dansk Folkeparti som stabilt støtteparti.

Heilt frå partiet vart stifta og fram til valet i 2011 voks oppslutnaden til Dansk Folkeparti ved folketingsvala, frå 7,8 prosent i 1998, via 12,0 prosent i 2001, då partiet vart det tredje største i Folketinget, til kring 13 prosent av røystene i 2005 og 2007. I 2011, då regjeringa dei støtta, miste regjeringsmakta, gjekk partiet noko attende. Men i 2015 gjorde Dansk Folkeparti sitt beste val nokon gong. Med 21,1 prosent av røystene vart partiet det nest største i Folketinget. Pia Kjærsgaard vart i 2015 vald til formann i Folketinget.

 

Kjelder

Ketil Raknes: Høyrepopulismens hemmeligheter. Oslo 2012

Anders Widfeldt: Extreme Right Parties in Scandinavia. Abingdon 2015

 

Peter Yding Brunbech: «Dansk Folkeparti», danmarkshistorien.dk (Aarhus Universitet), sist redigert 28.11.2017: http://danmarkshistorien.dk/leksikon-og-kilder/vis/materiale/dansk-folkeparti/ [lesedato 12.11.2018]

 

Peikarar

Folketinget: «Dansk Folkeparti (DF)», ft.dk

Nettstaden til Dansk Folkeparti, danskfolkeparti.dk

Først publisert: 15.08.2019
Sist oppdatert: 15.08.2019