Hopp til innhold
X
Innhald

Den sandinistiske frigjeringsfronten

Den sandinistiske frigjeringsfronten, Frente Sandinista de Liberación Nacional på spansk, var ei revolusjonær sosialistisk rørsle i Nicaragua, oppkalla etter revolusjonsleiaren frå mellomkrigstida Augusto César Sandino. Frigjeringsfronten vart fast organisert i 1960 og førte særleg i 1970-åra geriljakrig mot president Somozas diktatoriske regime.
I 1979 måtte Somoza flykte til USA, og sandinistane overtok styret i landet. Sandinistane tapte valet i 1990 og vart splitta i 1994.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 23.04.2014