Hopp til innhold
X
Innhald

Den vesteuropeiske unionen

Den vesteuropeiske unionen, Western European Union på engelsk, er ein politisk–militær samanslutnad som vart oppretta i Paris i oktober 1954.
 
Unionen har i dag ti medlemsland: Belgia, Frankrike, Hellas, Italia, Luxemburg, Nederland, Portugal, Spania, Storbritannia og Tyskland.
 
Den vesteuropeiske unionen vart oppretta då Sambandsrepublikken Tyskland, BRD, og Italia slutta seg til Brussel-avtalen av 17. mars 1948 mellom Storbritannia, Frankrike, Belgia, Nederland og Luxemburg, Vestunionen, på same tid som sjølve avtaleteksten vart endra. Etter opprettinga av NATO i 1949 har unionen spelt ei underordna militær og politisk rolle. I 1990-åra vart det likevel teke steg for å aktivisere unionen som den militær–politiske pilaren til EU, mellom anna gjennom å opprette den europeiske multinasjonale styrken Eurocorps. Noreg er assosiert medlem av Den vesteuropeiske

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2014