Hopp til innhold
President Barack Obama. President frå 2009, som også vann valet i 2012. Foto: Ethan Block, flickr.com CC BY 2.0.
President Barack Obama. President frå 2009, som også vann valet i 2012. Foto: Ethan Block, flickr.com CC BY 2.0.
X
Innhald

Det demokratiske partiet i USA

Det demokratiske partiet i USA er eit av dei to store politiske partia i USA. Partiet står for ein politikk i sentrum eller til venstre for sentrum, arbeider for ei sterk statleg styring og er ein pådrivar for offentlege velferdsordningar. Demokratane oppheva raseskiljet og var ein sterk pådrivar for å gi kvinner rett til sjølvbestemt abort.

Det demokratiske partiet var først kjent som det «democratic-republican party», og Thomas Jefferson var den første presidenten i partiet, frå 1801 til 1809. Jefferson representerte sørstatane i kampen mot føderalistane og John Adams, og valkampen mellom den sitjande presidenten, John Adams, og Thomas Jefferson var ein av de hardaste i amerikansk historie. Jefferson ønskte ei svak føderal regjering, medan Adams ønskte ei sentralisering av makta.
Då Andrew Jackson vann presidentvalet i 1828, skifta partiet namn til Det demokratiske partiet, og Jackson blir av mange rekna for å vere far til partiet, medan Abraham Lincoln blir rekna for å vere far til republikanarane.
Røter i sørstatane
Det demokratiske partiet hadde lenge røter i sørstatane og Midtvesten og var ein motpol til republikanarane, som i stor grad representerte industrien i det nordaustlege USA. Eit val som speglar dette mønsteret, var oppgjeret i 1896 mellom populisten William Jennings Bryan for demokratane og William McKinley for republikanarane. McKinley vann, og valresultatet viser i kor stor grad endringane mellom 1896 og 2000 har vore når det gjeld kva for statar som røystar for kva for parti.
USA som internasjonal aktør?
Woodrow Wilson var ein viktig president frå Det demokratiske partiet (1913–21), som fekk fram skilnader på partia i utanrikspolitikken. Han ønskte at USA skulle vere eit førebilete som hjelpte andre land til å bli demokratiske. I fredsoppgjeret etter første verdskrigen spela han ei viktig rolle ved å foreslå etableringa av Folkeforbundet, som var ein forløpar for FN. Senatet i USA, derimot, ville ikkje ratifisere avalen, og USA blei ikkje medlem av forbundet.
Internasjonalismen til Wilson var ikkje populær blant såkalla isolasjonistar i Det republikanske partiet, som var samde med den første presidenten, George Washington, i at USA burde styre unna varige alliansar med andre land.
Ein sterkare stat
Den viktigaste presidenten på 1900-talet var Franklin D. Roosevelt (i perioden 1933–45). Han la grunnlaget for politikken med ei sterk føderalmakt, som mellom anna presidentane Lyndon B. Johnson (i perioden1963–69) og Barack Obama (2009–) har halde fram med.
1920-åra var prega av økonomisk vekst, ujamn fordeling av rikdom og stor aksjespekulasjon, noko som hadde skapt kunstig høge verdiar på børsen i New York. Børskrakket i 1929 var starten på ein langvarig depresjon, som den republikanske presidenten Herbert Hoover (i perioden 1929–33) ikkje greidde å løyse. I valkampen i 1932 lova den demokratiske kandidaten, Franklin D. Roosevelt, ein «ny giv», den såkalla «New Deal», som skulle ta USA i ei anna retning.
New Deal
Roosevelts «New Deal» er ei innhaldsrik rekkje med reformer som har endra amerikansk politisk historie. Han hevda at føderalmakta i langt sterkare grad enn tidlegare hadde eit ansvar for å gripe inn i økonomien og leggje til rette for vekst. Ideane hans var i tråd med synet til den leiande økonomen John Maynard Keynes, som argumenterte for at staten må bruke meir pengar i dårlege tider for å skape vekst.
Etter å ha gjennomført viktige tiltak for å skape tryggleik for bankar og å regulere børsen, starta Roosevelt ei mengd med program for å prøve å få ned den skyhøge arbeidsløysa, som hadde vore på nær 25 prosent. Eit viktig program var «Tennessee Valley Authority», som mellom anna innebar utbygging av elektrisitet i Tennessee-dalen. Ei ordning for bønder gjekk ut på at dei skulle få subsidiar for å hindre overproduksjon. Ei anna viktig lov var trygdelova i 1935, som mellom anna sikra eit føderalt pensjonssystem og økonomisk støtte til fattige og arbeidslause. Samstundes fekk arbeidarar rett til kollektive forhandlingar og fekk generelt betre vilkår.
Raseskiljet og sørstatane
Historikarar har lenge diskutert i kva grad Roosevelt gjennom sin «New Deal» frå 1933 til 1938 lukkast med å forbetre økonomien og å få ned arbeidsløysa. Det var den andre verdskrigen som verkeleg fekk ned arbeidsløysa til eit svært lågt nivå og bidrog til å gjere USA endå meir dominerande i den globale økonomien enn tidlegare. President Harry Truman (i perioden 1945–53) bygde vidare på politikken til Roosevelt og fjerna raseskiljet i hæren. Samstundes blei det tydeleg under 1948-valet at ikkje alle demokratar var samde med Truman i at raseskiljet var eit problem.
Sørstatsdemokratar, leidde av Strom Thurmond frå Sør-Carolina, stifta eit eige parti med Thurmond som presidentkandidat. Han vann nokre av statane i det djupe sør. Etter dette har aldri Det demokratiske partiet hatt grep om sørstatane på same måten som i perioden 1880–1944, og republikanarane har i stor grad lukkast med å erobre sørstatane dei siste seksti åra.
Ny utanrikspolitikk
President Harry Truman var viktig fordi han staka ut ei ny utanrikspolitisk linje med den såkalla Trumandoktrinen frå 1947 under den kalde krigen. Truman-administrasjonen hadde fått høyre at britane ikkje lenger var i økonomisk stand til å gi tryggleik til Hellas og Tyrkia i kampen mot kommunistiske krefter. Truman lova at USA ville stille opp for desse landa og alle andre land som kjempa for å hindre kommunistar i å ta makta. Denne «containment»-politikken og frykta for ein «dominoeffekt» var årsaker til at USA var med i Koreakrigen og Vietnamkrigen.
Raseskiljet blir ulovleg
Den neste store reformperioden i amerikansk historie kom i 1960-åra. President Lyndon B. Johnson (i perioden 1963–69) ville byggje vidare på det arbeidet mentoren hans, Franklin D. Roosevelt hadde starta.
Johnsons forgjengar, John F. Kennedy (i perioden 1961–63), hadde teke initiativ til ei borgarrettslov i 1963, månader før han blei skoten og drepen. Johnson kjempa hardt for å få fleirtal for denne lova i Kongressen og ønskte å signere lova mellom anna for å heidre minnet om Kennedy. Denne lova blei signert i 1964 og gjorde raseskiljet i sørstatane ulovleg. Året etter blei røysterettslova vedteken, for å setje ein stoppar for at statar som Mississippi og Alabama kunne hindre svarte veljarar i å røyste. I 1968-valet var det mange fleire svarte som fekk høve til å røyste i desse to statane enn i 1964.
Sosiale reformer
Dei viktigaste andre reformene under Johnson var «Medicare» og «Medicaid» i 1965. «Medicare» bygde vidare på den store trygdelova frå 1935 og er ei føderal helseforsikring for personar over 65 år. Denne lova førte til at fattigdomen blant eldre blei redusert. «Medicaid» er eit program der føderalmakta og delstatane deler på ansvaret for å gi økonomisk støtte til helsehjelp for dei fattigaste.
Vietnamstrid
På slutten av 1960-åra og første del av 1970-åra kom det ein motreaksjon frå republikanarane. Då Johnson nekta å stille til attval i 1968, blei det ein kamp mellom krigsmotstandarar som Eugene McCarthy og Robert Kennedy på den eine sida og visepresident Hubert Humphrey på den andre om kven som skulle bli nominert som presidentkandidat for demokratane. Humphrey ønskte å vidareføre politikken til Johnson i Vietnam.
Republikanaren Richard Nixon utnytta striden mellom dei demokratiske kandidatane og vann valet i 1968. Han blei attvald i eit valskred i 1972, fordi demokratane då nominerte George McGovern, som var for venstreorientert.
Demokratane var i ferd med å misse støtta blant mange kvite mannlege arbeidarar, mellom anna fordi partiet blei oppfatta som mindre patriotisk enn republikanarane. I tillegg følte mange kvite arbeidarar at Det demokratiske partiet var overteke av representantar for akademikarar og minoritetar, og at partiet i for stor grad konsentrerte seg om å fremje rettane til svarte og andre minoritetar.
Jimmy Carter vann valet i 1976 fordi mange veljarar framleis var skuffa over republikanarane etter Watergate-skandalen, og fordi president Gerald Ford hadde gitt Nixon nåde. Carter bidrog til forsoning mellom Egypt og Israel, men hadde generelt sett ein mislukka presidentperiode, med svak økonomi og gisselkrise i Iran. Han tapte valet i 1980 mot den karismatiske republikanaren Ronald Reagan.
Clinton og økonomisk vekst
I samband med tapa i presidentvala i 1980, 1984 og 1988 skjedde det ei sjelegransking hos Det demokratiske partiet. Reagan hadde flytta det politiske landskapet mot høgre, og mange demokratar meinte at Det demokratiske partiet måtte bli meir sentrumsorientert.
Her kom Bill Clinton inn, guvernøren i Arkansas. Han blei den første demokraten sidan Franklin D. Roosevelt som vann to presidentval på rad, i 1992 og 1996. I motsetnad til fleire partifellar var Clinton positiv til frihandel og NAFTA (North American Free Trade Agreement), og han signerte ein velferdsreform i 1996, som det republikanske fleirtalet hadde teke initiativ til.
Clinton lukkast ikkje i å få igjennom ein helsereform, og demokratane miste fleirtalet i begge kongresskammera etter mellomvala i 1994. Dette var første gongen på 40 år at republikanarane fekk fleirtal i Representanthuset.
Clinton lukkast betre i dei siste seks åra sine, og samarbeidet mellom offentleg og privat sektor bidrog til å skape stor økonomiske vekst. I likskap med statsministeren i Storbritannia, Tony Blair, stod Clinton for den såkalla «third way», mellom rein marknadsliberalisme og planøkonomi.
Valdrama
Vala i 2000 og 2004 var særs jamne. I 2000 tapte visepresident Al Gore mot republikanaren George W. Bush etter eit kontroversielt val i Florida. Gore hadde over 500 000 fleire røyster nasjonalt enn Bush, men tapte i talet på valmenn. Ironisk nok kunne Bush ha opplevd det same fire år seinare. Han fekk omlag tre millionar fleire røyster enn demokratane sin kandidat, John Kerry, men dersom omkring 70 000 personar i Ohio hadde røysta på Kerry i staden for Bush, ville senatoren frå Massachusetts ha vunne fleire valmenn enn presidenten.
Historiske Obama
Bush hadde ein svært krevjande andreperiode som president, mellom anna på grunn av den svake handteringa av Katrina-orkanen og krigen i Irak. Demokratane vann tilbake fleirtalet i Kongressen i 2006. Finanskrisa i 2008 bidrog til å gi Barack Obama meir støtte i valkampen, og han hadde eit sterkt valapparat som hjelpte han med å slå partifellen Hillary Clinton i primærvala.
Mange ønskte ein ny politisk kurs etter åtte år med Bush som president. Obama vann ein historisk siger, som den første svarte presidenten i amerikansk historie.
Barack Obama har mellom anna lukkast i å få vedteke ei stor helsereform, ei finansreform og ein tiltakspakke for å redde bilindustrien i Detroit, men den økonomiske veksten har vore langt svakare enn det ein hadde håpa på.
Demokratane har stor valstøtte blant minoritetar og blant kvite menneske i byar som har høg utdanning. Det er stor skilnad mellom kjønna. Kvinner røystar i større grad for demokratane enn det menn gjer. Dette kan òg ha samanheng med at demokratane støttar retten kvinner har til sjølvbestemt abort.
Ny tillit til Obama
President Barack Obama fekk fornya tillit i presidentvalet 6.november 2012. Obama vann viktige vippestatar og tok 303 valmenn.
- Det spelar inga rolle om ein er kvit, spansktalande, homofil eller heterofil. Det finst ingen blå eller raude statar. Vi er, og kjem alltid til å vere, dei foreinte statane i Amerika, sa Obama i sigerstalen i Chicago.

Kjelder
Earl Black og Merle Black: The Vital South. How Presidents Are Elected. Harvard University Press, Cambridge, Mass. 1992
E.J. Dionne, Jr.: Why Americans Hate Politics. Simon & Schuster, New York 1991
Philip Jenkins: A History of the United States, 4th ed. Palgrave Macmillan, New York 2012
Mary Beth Norton et al: A People and a Nation. A History of the United States, 5th ed. Houghton Mifflin Company, Boston 1998
Peikarar

Først publisert: 29.10.2012
Sist oppdatert: 20.09.2016