Hopp til innhold
Mitt Romney, presidentkandidat ved valet i 2012. Foto: mittromney.com
Mitt Romney, presidentkandidat ved valet i 2012. Foto: mittromney.com
X
Innhald

Det republikanske partiet i USA

Det republikanske partiet er eit av dei to store politiske partia i USA. Partiet blir rekna for å vere konservativt og hentar i dag fleirtalet av røystene sine i Midtvesten, dei vestlege fjellstatane og sørstatane. Republikanarane ønskjer å avgrense det offentlege sin påverknad på samfunnet og vil gi meir ansvar til den einskilde borgaren.

Det republikanske partiet blei stifta i 1854 og var lenge eit parti med sterke band til næringslivet i det nordaustlege USA. President Abraham Lincoln (1861–1865) blir av mange rekna for å vere far til partiet, og republikanarane var lenge kalla «The Party of Lincoln.»
Lincoln og nordstatane vann borgarkrigen i 1861–1865, slaveriet blei oppheva, og svarte menn fekk røysterett gjennom eit av dei viktige tillegga til grunnlova under «the Reconstruction» (1865–77). Under Lincoln blei det også vedteke to viktige lover som fekk mykje å seie for nasjonsbygginga. «The Homestead Act» (1862) gav landområde gratis til folk som var villige til å dyrke jorda og bli på staden. Lova «The Morill Act» (1862) var avgjerande for bygging av offentlege universitet og høgskular i delstatane.
Større sosiale skilnader
Det republikanske partiet er i dag svært konservativt, men slik har det ikkje alltid vore. President Theodore Roosevelt (1900–1909) hadde sympati for den progressive rørsla og argumenterte for at det var viktig å leggje band på næringslivet og å sikre betre kår for arbeidarane. I dei siste tiåra av 1800-talet, under den såkalla «Gilded Age» etter borgarkrigen, hadde industriherrane fått svært fritt spelerom. Det hadde ført til økonomisk vekst, men dei sosiale skilnadene hadde auka.
I perioden 1880–1944 var det vanskeleg for republikanarane å vinne statar i det sørlege USA, mellom anna fordi partiet var knytt til arven frå Lincoln. Konservative demokratar blei ofte attvalde til Kongressen, og president Franklin Roosevelt gjorde lite for å endre raseskiljet i sør.
Etter den andre verdskrigen blei demokratane nasjonalt meir merksame på utfordringane ved å halde fram med eit rasedelt samfunn. I 1948 braut sørstatsdemokratar, under leiing av Strom Thurmond, med president Truman fordi Truman ønskte å oppheve raseskiljet mellom svarte og kvite. Thurmond stifta eit eige parti, som vann fleire av sørstatane. Denne splittinga mellom sørstatsdemokratar og andre demokratar har vore svært avgjerande for å bane veg for republikanarane si kapring av sørstatane, først ved presidentval og seinare i kongressval.
Oppheving av raseskiljet
I vala i 1952 og 1956 vann president Dwight D. Eisenhower ei rekkje av statane i den ytre delen av sørstatane. I 1964 greidde republikanarane for første gong å vinne dei djupe sørstatane: Sør-Carolina, Georgia, Alabama, Mississippi og Louisiana. Den viktigaste grunnen til det var at presidentkandidaten til partiet, senator Barry Goldwater frå Arizona, hadde røysta imot borgarrettslova i 1964 som skulle oppheve raseskiljet.
Goldwater var ikkje personleg imot integrering, men fordi han var ein konstitusjonell konservativ, meinte han at føderalmakta ikkje hadde høve til å krevje at delstatane skulle godta den nye lova. Han meinte at lova braut med det viktige tiande tillegget til grunnlova, som slår fast at delstatane og folket har all makt som ikkje eksplisitt er gitt til føderale styresmakter.
President Lyndon B. Johnson blei attvald i eit valskred, men han sa til ein medarbeidar at ved å signere borgarrettslova ville demokratane misse sørstatane for ein generasjon. Det fekk han rett i.
Valet av Goldwater som presidentkandidat i 1964 representerte ein viktig siger for den konservative fløya i det republikanske partiet i sør og vest.
Lov og orden
Den konservative fløya har i aukande grad dominert partiet dei siste femti åra. I slutten av 1960-åra og byrjinga av 1970-åra styrkte Richard Nixon partiet si konservative haldning i synet på lov og orden.
Nixon vann nye veljarar blant arbeidarar som var misnøgde med at Det demokratiske partiet var overteke av akademikarar og minoritetar, som ofte var motstandarar av krigføringa i Vietnam. Republikanarane spela på patriotisme for å vinne større oppslutnad.
I 1970-åra voks den konservative rørsla i USA, og det blei danna eit nettverk av organisasjonar, politiske aksjonskomitear og tankesmier som koordinerte arbeidet med å arbeide fram ein ny økonomisk politikk, med lågare skattar og meir fridom for næringslivet.
Dette bana veg for valsigeren til president Ronald Reagan i 1980. Lågkonjunkturen i 1970-åra blei forklarte som ei følgje av ei for sterk sentralmakt, som regulerte den økonomiske aktiviteten for strengt. Bedriftsleiarar forma i 1972 «the Business Roundtable» og etablerte i stort tempo ei rekkje politiske aksjonskomitear for å konkurrere mot dei tilsvarande komiteane til fagrørsla. Dette bidrog i stor grad til å svekkje fagrørsla, noko som igjen har vore ei ulempe for Det demokratiske partiet.
Kamp mot abort
Samstundes har den kristne fløya vore viktig for republikanarane. I 1979 stifta tv-evangelisten Jerry Falwell den politiske organisasjonen «Moral Majority». Han hadde tidlegare vore uvillig til å engasjere seg politisk, men etter høgsterettsdommen «Roe v. Wade» i 1973, som gav kvinner rett til abort, frykta Falwell at samfunnet ville utvikle seg i feil retning. Etter samtalar med høgreaktivistar blei Falwell overtydd om at kristne kyrkjelydar måtte prøve å påverke det politiske spelet i Washington D.C. Etter dette er kampen mot abort i sterkare grad blitt knytt til Det republikanske partiet.
Reagans tidsalder
Perioden mellom 1981 og i dag kan på mange måtar sjåast på som tidsalderen til Reagan. Dette har vore ein periode med store skattelette og kutt i offentlege utgifter, først under Reagan i 1981 og seinare under George W. Bush i 2001 og 2003.
Presidentperioden til demokraten Bill Clinton (1993–2001) passar òg inn i tidsalderen til Reagan. Etter to år som president opplevde Bill Clinton hausten 1994 å misse det demokratiske fleirtalet i begge kongresskammera. For første gong sidan 1954 hadde republikanarane vunne Representanthuset. Under leiing av Newt Gingrich lykkast republikanarane å presse president Clinton mot sentrum og høgre, og han signerte mellom anna ei velferdsreform i 1996 og ei finansreform i 1999.
Eit nytt vegskilje
Etter at George W. Bush forlét Det kvite huset i 2009 og John McCain hadde tapt presidentvalet mot Barack Obama, stod republikanarane ved eit nytt vegskilje. Mange meinte at Bush ikkje hadde greidd å redusere utgiftene, og partiet ville no i sterkare grad kjempe mot den aukande pengebruken som ikkje gjekk til forsvaret.
Partiet har vore kritisk til president Barack Obama si helsereform, og motstanden mot denne reforma er ein viktig grunn til at republikanarane vann ein stor siger ved kongressvalet i 2010 og tok tilbake fleirtalet i Representanthuset. Det republikanske partiet har hindra Obama i å innføre meir skatt for dei med høgast inntekt. Republikanarane meiner at Obama ønskjer å straffe suksess og kneble næringslivet.
Meir ansvar til den enkelte
Presidentkandidaten til valet i 2012, Mitt Romney, ønskjer å gi meir fridom til næringslivet. Visepresidentkandidat Paul Ryan har som budsjettkomitéleiar i Representanthuset lagt fram eit budsjettforslag som speglar ein annen ideologi enn den Obama står for. Ryan hevdar at berre ved å ta maksimalt ansvar for eige liv kan eit menneske verkeleg vere fri. Derfor vil han redusere kostnader til velferd og la den enkelte borgaren ordne opp sjølv. Ideane hans blei berre for nokre år sidan oppfatta som ytterleggåande, men dei har fått stadig større politisk slagkraft.
Kjelder
Earl Black and Merle Black: The Vital South. How Presidents Are Elected. Harvard University Press, Cambridge, Mass. 1992
Jacob S. Hacker and Paul Pierson: Winner-Take-All Politics. How Washington Made the Rich Richer – And Turned Its Back on the Middle Class. Simon & Schuster, New York 2010
Jonathan Chait: «The Legendary Paul Ryan», New York Magazine 29. april 2012
Kevin Phillips: The Emerging Republican Majority, Arlington House, New Rochelle, New York 1969
Alf Tomas Tønnessen: How Two Political Entrepreneurs Helped Create the American Conservative Movement, 1973–1981. The Ideas of Richard Viguerie and Paul Weyrich. The Edwin Mellen Press, Lewiston, New York 2009
Peikarar

Først publisert: 29.10.2012
Sist oppdatert: 17.08.2015