Hopp til innhold
X
Innhald

EPLF

EPLF er ei forkorting for Eritrean People's Liberation Front, som vart grunnlagd i 1971 etter ei splitting i rørsla ELF. I 1970- og 80-åra var EPLF leiande i krigen mot styresmaktene i Etiopia for å skape eit sjølvstendig Eritrea. I periodar kontrollerte rørsla store delar av Eritrea, dreiv skular, sjukehus og industri.
Frå slutten av 1980-åra gjennomførte EPLF omfattande offensivar mot Etiopia og kunne våren 1991 rykkje inn i Asmara og dermed påføre dei etiopiske styrkane eit endeleg nederlag i kampen om Eritrea. Dette førte til at det etiopiske regiment fall og la grunnlag for at Eritrea kunne erklære seg som ein sjølvstendig stat i 1993. I 1994 skifta rørsla namn til People's Front for Democracy and Justice, PFDJ. No styrer dei landet som ein eittpartistat.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2014