Hopp til innhold
X
Innhald

ETA

ETA står for Euzkadi ta Azkatasuna, som tyder Baskerland og fridomen til landet, og er ei baskisk separatistrørsle som vart grunnlagd i 1956. Rørsla arbeider for samling av dei baskiske områda i Spania og Frankrike i ein uavhengig stat. ETA har stått bak ei lang rekkje sabotasje- og terroraksjonar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2014