Hopp til innhold
X
Innhald

Frelimo

Frelimo er ei portugisisk forkorting for Frente de Libertação de Moçambique, Mosambiks frigjeringsfront, og er ei mosambikisk frigjeringsrørsle som seinare vart eit politisk parti. Frelimo vart grunnlagt i Tanzania i 1962 og var leiande i den væpna kampen som førte fram til Mosambik vart uavhengig i 1975. Partiet har seinare vore dominerande i den mosambikiske politikken og vann frie val i 1994 og 1999.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2014