Hopp til innhold
X
Innhald

Fridomsunionen

Fridomsunionen, som heiter Unia Wolnosci, UW, på polsk, er eit politisk parti, grunnlagt i 1994 då to liberal–konservative parti slo seg saman. Fridomsunionen har røter i den intellektuelle opposisjonen mot det kommunistiske regimet. Partileiinga tok i 2005 initiativ til å danne Partia Demokratyczna, som er eit sentrumsparti.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 07.04.2014